Nyheitsmettheit

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet handlar om korleis folk opplever nyheiter i kvardagen, og forklarar kvifor mange kjenner seg metta av informasjon. Nyheitsmettheit er eit omgrep som skildrar kjensla av at det er for mykje å ta inn, at ein må ha pause, før nyheiter igjen kan bli verdifulle seinare. Dette er ei vanleg erfaring: Om lag 40 prosent av folk i Norge seier at dei unngår nyheiter ofte eller av og til, og desse tala vekkjer ofte bekymring i mediebransjen og blant politikarar. På emnet snur vi om på perspektivet, og viser at avbrekk frå nyheiter ikkje det same som å ikkje bry seg om samfunnet.

Emnet tek utgangspunkt i den nye boka Too Much News: Understanding News Saturation (2026) som kan lesast gratis og ope på nettet. Boka er basert på djuptgåande undersøkingar over tid om korleis folk i Norge bruker nyheiter. Ut frå boka forklarer vi korleis viktige kjenneteikn ved media og samfunn skapar nyheitsmettheit: Frå merksemdsøkonomien som pregar digitale medium, via verdssituasjonen med krisar fjernt og nært, til kvardagslege erfaringar med pushvarsel som plingar i mobilen.

Målet er å gi ei nyansert forståing av kva nyheitsmettheit er, korleis denne kjensla oppstår, og kva ho betyr for mediebransjen og for demokratiet.

Aktuelle problemstillingar kan vere:

  • Kva er skilnaden mellom langvarig låg bruk av nyheiter, og å unngå nyheiter av og til?
  • Kva slags nyheiter er det folk føler dei får nok av, og kva slags nyheiter er dei engasjerte i å følgje med på over tid?
  • Korleis er nettaviser og sosiale medium designa, og kva har dette å si for korleis folk opplever nyheiter?
  • Kva kan nyheitsmedia sjølv gjere for å motvirke nyheitsmettheit?

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Studenten kjenner sentrale omgrep for korleis folk opplever nyheiter
  • Studenten skal forstå korleis ulike kjennetrekk ved digitale nyheitsmedium skapar opplevingar av for mykje informasjon

Ferdigheter

  • Studenten kan forklare og kritisk vurdere påstandar om korleis nyheitsbruk og samfunnsengasjement heng saman
  • Studenten kan identifisere trekk ved nettaviser og sosiale medium som kan skape nyheitsmettheit

Generell kompetanse

  • Studenten har ei kritisk og nyansert forståing av bruk og ikkje-bruk av nyheiter
  • Studenten kjenner perspektiv som kan utviklast vidare gjennom studiar og samfunnsdeltaking.

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Grunnleggjande nivå

Undervisningssemester

Vår, haust

Emnet tilbys ikkje hvert semester. Ta kontakt med studieveileder for mer informasjon.

Undervisningssted

Nettbasert undervisning på læringsplattformen Mitt UiB

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

2,5 studiepoeng overlapp med MEVI232, MEVI222 og MEVI222B

Krav til studierett

Videreutdanningskurs. Opent for dei som har fått opptak til emnet gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Digital undervisning med til dømes opptak av podkast og video som blir tilgjengelig på læringsplattforma Mitt UiB. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Undervisninga er nettbasert og består av læringsaktivitetar og øvingsoppgåver i læringsplattformen Mitt UiB.

Emnet består av nettbaserte modular med variert digitalt læringsmateriell og aktivitetar. Emnet er bestått når alle modular er gjennomførte og godkjende av faglærar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret. 

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarlig

Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.