Sosiale rørsler og politisk aktivisme

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Sosiale rørsler og folkeleg protest har gjennom historia vore viktige drivkrefter bak politisk og samfunnsmessig endring. Samstundes finst det òg ei rekkje døme på at denne typen mobilisering har hatt avgrensa gjennomslag.

I dette emnet ser vi nærare på kvifor og når sosiale rørsler oppstår, korleis dei mobiliserer deltakarar og ressursar, og under kva vilkår denne forma for mobilisering kan bidra til politisk endring. I tillegg ser vi nærare på kven som tek del i denne forma for kollektiv handling, og om nokre former for protest er meir verknadsfulle enn andre. Kva skil valdelege og ikkje-valdelege protestar? Og kva betydning har dreiinga mot digital aktivisme?

Emnet gjev teoretisk og empirisk kunnskap om sosiale rørsler og politisk aktivisme, både på makro- og mikronivå. Studentane vert presenterte for dei mest sentrale teoretiske retningane innan forskinga på sosiale rørsler, og desse vert illustrerte og drøfta med utgangspunkt i eit breitt utval av empiriske døme, både historiske og samtidige, frå ulike geografiske og politiske kontekstar og innan ulike politikkområde.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

  • om korleis sosiale rørsler oppstår, utviklar seg og påverkar politikk og samfunn
  • om sosiale rørsler i ulike historiske og samtidige kontekstar
  • om ulike verkemiddel og former for politisk protest
  • om kva som utløyser politisk protest og kven som tek del

Ferdigheiter:

  • tileigne seg ny kunnskap gjennom lesing og drøfting av forskingslitteratur
  • diskutere faglege problemstillingar i gruppe
  • presentere eigne og andre sine idear munnleg
  • utvikle og arbeide med eit eige prosjekt

Generell kompetanse:

  • kan kritisk vurdere ulike teoretiske tilnærmingar til kvifor sosiale rørsler oppstår og kvifor dei lukkast
  • evnar å trekkje ut hovudbodskapen frå ein tekst og reflektere kritisk kring denne
  • evnar å nytte teori på faktiske empiriske tilfelle av sosiale rørsler og politisk aktivisme
  • er i stand til å utvikle og arbeide sjølvstendig med eit eige prosjekt, samt presentere dette for andre

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (uregelmessig)

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opent for studentar som er tekne opp på masterprogrammet i samanliknande politikk

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar med presentasjonar og gruppedrøftingar. Emnet krev aktiv deltaking, noko som inkluderer presentasjon av eige prosjekt og å gje tilbakemelding på andre sitt arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på 75 % av seminara
  • Aktiv deltaking i seminara, med presentasjon og drøfting av forskingslitteratur
  • Framlegging av eige prosjekt og tilbakemelding på andre sitt arbeid

Kravet om oppmøte gjelder uavhengig av om du leverer legeerklæring eller ikke.

Godkjende undervisningsaktivitetar har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Essay (maksimalt 5000 ord).

Studentane arbeider med essayet gjennom semesteret, med milepålar undervegs.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F vert nytta.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarlig

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.