Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Kreativ problemløysing

FN gir ph.d.-kandidatar ved UiB ei utfordring

Ph.d.-kandidatar ved UiB får løyse ei konkret utfordring gitt av FN. Gjennom kurs i kreativ problemløysing skal dei bli drilla i metodar som vil hjelpe forskarar til å finne saman på tvers av fagdisiplinar og løyse reelle problemstillingar frå arbeidslivet.

Kreativ problemløsning
Susan Johnsen, Birgit Kopainsky, Ingunn Johanne Ness og Hiwa Målen fører ulike fagdisiplinar saman gjennom innovasjonskurs for doktorgradskandidatar.
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

– Rask og radikal endring har blitt normalen. I ei slik kompleks og usikker verd strekk ikkje alltid dei tradisjonelle problemløysingsmetodane til. Det er difor avgjerande at Ph.d.-kandidatane våre lærer å meistre meir innovative metodar der ein samarbeider på tvers av fagdisiplinane, og at dei lærer å overføre kunnskap til samfunnet.

Det seier Hiwa Målen, administrativ senterleiar for DIGSSCORE, og ein av initiativtakarane bak kurset i kreativ problemløysing. 

Case gitt av FN

Ein ny metode utvikla ved UiB gir kandidatane spesialkompetanse på å løyse problem kreativt gjennom samarbeid med folk frå andre fag og disiplinar.

Deltakarane får opplæring i systemanalyse, innovasjonsmetodikk og forretningsmodellering, og metodane skal dei bruke til å løyse ei konkret utfordring gitt av FN. Kompetansen kandidatane får gjennom kursdeltakinga vil vere svært relevant når dei skal ut i arbeidslivet. 

– Vi kombinerer metodar frå felt som systemdynamikk, innovasjon og forretningsmodellering, og samtidig arbeider vi direkte med samfunnsaktørar på utsida av universitetet, slik som FN. Dette kurset gir på denne måten ei effektiv tilnærming til kreativ problemløysing som går lenger enn det eksisterande kurs gjer, og som vil være svært matnyttig både under og etter at doktorgraden er fullført, forklarer professor Birgit Kopainsky ved Institutt for geografi. 

Hackathon

Kurset vil samle 20 deltakarar frå ulike disiplinar, og det startar med ein teoretisk del der deltakarane får opplæring i modellen og får tildelt casen dei skal løyse. Etter to veker blir det gjennomført ein «hackathon» der tverrfaglege team brukar metodane for å finne ei løysing dei vil presentere. 

– Innovasjon oppstår i skjeringspunktet mellom ulike disiplinar, og det er difor avgjerande at kandidatane lærer korleis dei kan jobbe i tverrfaglege teams. 

Det seier Ingunn Johanne Ness, som er forskar ved SLATE ved Det psykologiske fakultetet.  

Susan Johnsen, som har innovasjon som arbeidsfelt ved UiB, meiner kurset passar som hand i hanske med UiB sin strategi. 

– Ettersom kurset gir forskingsbasert utdanning til ph.d.-kandidatane våre, fremmer tverrfagleg samarbeid og samtidig er med på å løyse utfordringar i samfunnet gjennom kunnskapsoverføring, så er det perfekt tilpassa universitetet sin strategi, seier ho. 

Kurset er eit pilotprosjekt som vil bli skalert opp med fleire rundar og på fleire stader på UiB på seinare tidspunkt.