Hjem

Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Nyhet

U. Pihl får 60 millionars makeover

Samfunnsvitarane sitt studentbygg blir pilot for framtidas læringsarenaer ved UiB. U. Pihl skal forvandlast frå traust skulebygning til eit hus for moderne læring no som Kunnskapsdepartementet og UIB spyttar i 60 millionar.

Viserektor og fakultetsleiing jublar
Viserektor Oddrun Samdal jublar over milliontildelinga som gjer at UiB kan pusse opp gamle U. Pihl til å bli ein læringsarena som møter framtidas krav. Her står ho med mellom andre digitaliseringsdirektør Mathilde Holm, eigendomsdirektør Even Berge, studentutvalsleiar Kim Tuv frå SV-fakultetet, og fakultetsdirektør Alette Gilhus Mykkeltvedt.
Foto:
Torhild Dahl

–  Dette er så veldig, veldig kult! Kaféen her, Diskuterbar, har blitt så sjukt fin, og resten av salane treng å kome opp på same nivå. Nye lokale vil gjere det mykje lettare for oss å studere her.

Det seier Selma Bull, som studerer Europastudier på SV-fakultetet. Ho har tatt med seg laptopen sin og sit og jobbar ved eit av kaféborda på den nye studentkafeen på Ulrike Pihls hus, eller U. Pihl, som alle kallar det.

Ein heim på campus

Det er elles glissent mellom studentane i det over hundre år gamle bygget i dag. Lufta er tung, malinga flassar, og studentane har funne seg andre plassar å arbeide. No skal bygget få seg ein skikkeleg makeover med friske pengar frå stat og universitet. Kunnskapsdepartementet løyver 30 millionar kroner til oppgradering av bygninga, og dette løyser ut nye 30 millionar frå UiB.

Ulrike Pihls hus, som er frå 1906, er eitt av fleire tidlegare skulebygg som UiB eig. Over fire etasjar og kjellar finn ein klasserom som blir brukte til leseplassar, og ein tidlegare gymsal blir brukt som auditorium.

Det nye Ulrike Pihls hus skal få fleksible læringsareal og møteplassar, og målet er at det skal bli som ein «heim på campus». Ein av planane er å dekkje delar av taket med solcellepanel, slik at bygget blir sjølvforsynt med straum i sommarhalvåret.

Pilot for nye læringsareal

– På UiB satsar vi tungt på å utvikle fleksible og attraktive læringsareal for nye typar læring og undervisning. Her får vi sjansen til å prøve det ut. Nye U. Pihl skal bli ein sosial studiestad som skal styrke studentane sitt faglege og fellesskap, og erfaringane vi får her vil vise veg for utforminga av resten av bygningsmassen vår.

Det seier viserektor for utdanning, Oddrun Samdal. Kim Tuv, som er leiar for studentutvalet på SV-fakultetet er også begeistra.

– Endeleg skjer det! Eg og studentutvalsleiarar før meg har jobba i år etter år for å få U. Pihl på agendaen. Det er på tide og veldig etterlengta, seier han.

Ein liten smakebit på kva som vil kome er kaféen Diskuterbar som vart opna i første etasje på U. Pihl i vår.

– Tenkt om heile bygget blir som Diskuterbar, som jo er ein kjempesuksess! Vi ønskjer oss eit spelerom her borte, med biljard og øl. Hadde ikkje det vore stilig? Det viktigaste er sjølvsagt at det blir bra lokale å studere i. No er det mange som går andre plassar for å jobbe, men når SV-fakultetet no får skikkelege lokale vil det gjere det lettare for folk å lese her på SV. Det vil gjere noko med miljøet, trur eg.

Det seier Snorre Alvsvåg, som i tillegg til å studere informasjonsvitskap står i baren på Diskuterbar.

Studentar og tilsette får påverke

Også eigendomsdirektøren ved UiB, Even Berge, jublar over tildelinga, og han forsikrar om at studentane vil vere med på utforminga av det nye bygget.

– Dette er fantastiske nyheiter for oss! Vi hiv oss over prosjekteringa, og då blir det viktig at vi samarbeider tett med både studentar og tilsette ved SV-fakultetet, samt det pedagogiske fagmiljøet ved UiB, seier han.

Ombygginga vil starte etter sommaren 2020, og planen er at det nye U. Pihl vil stå klart før studiestart hausten 2021. Studentane vil i mellomtida få andre lokale undervisning og studiar.