Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Bachelor- og Masterseremoni 2019

Gratulerer med graden!

Gratulerer til dei vel 400 bachelorstudentane og nær 200 masterstudentane som har blitt ekte samfunnsvitarar! Alle har fullført graden sin ved SV-fakultetet høsten 2018 og våren 2019!

Bachelorseremoni 2019
Dekan Jan Erik Askildsen kallar bachelorseremonien ved SV-fakultetet for "Vårens vakreste eventyr". Glade og høgtidsstemte bachelorstudentar var i dag samla for å feire at dei har fullført graden sin ved SV-fakultetet.
Foto/ill.:
Thor Brødreskift / UiB

– Dette er vårens vakraste eventyr! For meg er det høgdepunktet på året når vi feirar at studentane våre har fullført graden sin. 

Det seier dekan ved SV-fakultetet, Jan Erik Askildsen.

Glade og festpynta studentar vart i dag markerte med pomp og prakt i to høgtidlege seremoniar i Universitetsaulaen.

– Ei akademisk grad er viktig vidare i karrieren og i livet. For oss er det viktig å sikre at studentane våre er godt rusta til å gå ut i arbeidslivet.Vi ønskjer alle lukke til vidare, seier Askildsen.