Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Kommuneval 2019

Leitar etter valfjusk

Er det nokon som juksar, er valurnene forsegla og er stemmelukene avskjerma? Elevar frå vidaregåande skular får prøve seg som valobservatørar i skulevalet etter opplæring frå demokratiekspertar ved UiB.

Erik Aarebrot lærer opp valobservatørar
Erik Aarebrot ber elevane vere årvåkne i gjennomføringa av skulevalet. Elevar frå tre vidaregåande skular har blitt kursa i å vere valobservatørar av demokratiekspertar ved Sammenlignende Politikk på UiB.
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Hovedinnhold

På Metis Vidaregåande skule kokar det godt. Det er skuleval med ekte valurner og stemmeluker, og nytt av året er ekte valobservatørar. 

– Eg tenkjer at køen her kanskje kjem litt tett på stemmeurnene, men det er ikkje så alvorleg. Det hadde vore spennande å sjå om nokon hadde turt å jukse, og kva som då hadde skjedd. Ville dei som organiserer valet kasta dei ut? Det hadde vore kult, men det er best at alt går slik det skal. 

Det seier June Halle Eppinger, som går siste året ved Bergen Katedralskole. Saman med to andre tredjeklassingar observerer ho dei første gruppene med elevar som har møtt opp for å stemme. Dei tre observatørane har sett seg på sida i vallokalet, og dei noterer ned det dei ser og høyrer. Dei har lært at valet skal vere fritt, direkte og hemmeleg, og dei leitar etter avvik frå regelverket utan å gå inn og påverke det dei ser. 

valobservatørar skuleval
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

June Halle Eppinger, Alrik Strandnæs Olsen og Theo Ryland Melkevik har tatt rolla som valobservatørar. Er valet hemmeleg, fritt og direkte? 

Har blitt kursa av valekspertar frå Sammenlignende Politikk

Eit utval elevar frå Langhaugen Videregående, Metis Videregående og Bergen Katedralskole fekk i vår opplæring i valobservasjon av val- og demokratiekspertar frå Sammenlignende Politikk ved Universitetet i Bergen.Opplæringa var basert på UiB si utdanning i valobservasjon ved Sammenlignende Politikk. No får tre observasjonskorps prøve teorien i praksis ved å observere skulevalet.

– Vi ønskjer å støtte opp under prosjekt som førebur ungdom på å bli demokratiske medborgarar. Samfunnsinteresserte vidaregåande elevar får sjå kva vi driv med på universitetet. 

Det seier universitetslektor Kjetil Evjen. Han har tatt turen til stemmelokalet for å «observere observatørane». 

Mindre preg av leikeval 

stemmeseddel blir putta i valurne på skulevalet
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Valobservatørane observerte mellom anna om stemmesedlane var bretta rett, om der var like mange sedlar frå dei ulike partia i stemmelukene, om veljarane viste legitimasjon, om nokon prøvde å påverke stemmegivinga, og om stemmelokalet hadde separat inngang og utgang. 

Primus motor bak det heile er Erik Aarebrot, sonen til den kjende valforskaren Frank Aarebrot. Erik Aarebrot underviser i politikk og menneskerettar på Metis Videregående, og han meier at det å ha eksterne valobservatørar gjer at skulevalet følast meir ekte. 

– Det er eit tynt slør mellom skulen og livet der ute som ikkje alltid blir utnytta. Når vi har observatørar så får skulevalet mindre preg av leikeval, og valet blir ei meir reell sak. Elevane våre arrangerer skuleval etter dei same prinsippa som ved stortings- fylkes- og kommuneval, og når vi har valobservatørar så aukar autensiteten og dermed læringa, seier han. 

elevane i vallokalet
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Vallokalet på skulen har ekte stemmeurner og stemmeluker, og ordninga med nøytrale valobservatørar var også med på å heve opplevinga til å bli noko meir enn eit leikeval. 

Mot slutten av dagen skreiv elevane ein rapport etter ein fast valobservatør-mal, og denne overleverte dei til rektor Dag Rune Olsen ved UiB. 

Dag Rune Olsen har besøk av valobservatørar frå skulevalet
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

– Eg håpar de synes det var interessant å vere med på å gjennomføre eit val. Det sa rektor Dag Rune Olsen då han tok mot valobservatørane på sitt kontor. Elevane overleverte ein felles rapport til han om kva dei hadde observert under skulevalet. 

June Eppinger og resten av observasjonskorpset fekk ikkje noko skikkeleg regelbrot å bryne seg på denne gongen, men ho synes det var artig å vere med på likevel. 

– Det er spennande å vere på den andre sida av eit val. Vi ser at det krevjast noko å organisere valet, og at det ikkje er så sjølvsagt at regelverket blir følgt, seier ho.