Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Merittering

Feira for si framragande undervisning

Fire av våre fremste undervisarar fekk det svart på kvitt at dei har fått statusen som "fremragende undervisere".

merittering fremragende forskere
Astrid Gynnild, Jens E. Kjeldsen, Frode Meland og Lise Rakner har fått utmerkinga Fremragende Undervisere.
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB


Astrid Gynnild, Jens E. Kjeldsen, Frode Meland og Lise Rakner har fått utmerkinga "Fremragende Undervisere" fordi dei alltid har fokus på studentane si læring, dei utviklar kvaliteten på undervisninga, dei forskar på si eiga undervisning, og dei bidreg til eit kollegialt fellesskap som utviklar undervisningskvaliteten.

Under fakultetsleiinga sitt haustseminar på Solstrand fekk dei fire stjerneundervisarane blomar og diplom.