Tvedts bøker i vinden
Terje Tvedt sine fagbøker seglar i medvind, om ikkje i storm. Geografiprofessoren opplever ein interesse om bøkene og filmane sine som er få fagbokforfattarar til del.
Hovedinnhold
– At fagbøker har slik appell utanfor akademia som det vi ser her, er sjeldan innan samfunnsforskinga. Det har svært høg verdi for oss at vi har forskarar i vår stall som evnar å gjere stoffet sitt tilgjengeleg utanfor stammen av andre forskarar.
Det seier dekan ved Det samfunnsvitenskaplige fakultet i Bergen, Jan Erik Askildsen.
TV – serien kjøpt av Netflix
Geografiprofessor Terje Tvedt opplever stadig interesse for fagbøker og TV-seriar som han har gitt ut for fleire år sidan. Forlaget Aschehoug utvidar til dømes i desse dagar opplaget av den sju år gamle boka Nilen – Historiens elv med 7000 nye eksemplar. Boka har då nådd eit opplag på nær 30 000, noko som er svært høgt for ei faglitterær bok som dette.
– Det er, tenkjer eg, oppmuntrande for akademikarar at det finnast ei offentlegheit der ute som er interessert i å lese ei bok på 450 sider om ei elv i Afrika, og Nilvassdragets historie, seier Tvedt.
Marknadsjef i Aschehoug, Kjersti Myre, meiner tala viser at det er potensiale for å nå ut med norske, faglitterære bøker, berre temaet og forma treff.
– Typisk ligg opplaget for ei populær, norsk fagprosabok på mellom 2- 4000 bøker. Eit opplag på nesten 30 000 er uvanleg bra, og tyder på stor interesse for definerte tema som blir godt formidla slik som Terje Tvedt gjer det, seier ho.
Stormar rundt bøkene
Samtidig har boka Det internasjonale gjennombruddet (Dreyers forlag 2017) nådd eit opplag på 20 000. Denne har blitt omsett til svensk, noko som er uvanleg for ei bok om norsk historie.
I boka skildrar Tvedt korleis Noreg opptrer globalt, då særleg ovanfor «det globale sør». Han speglar dette mot korleis den same verda har kome til Norge gjennom innvandring. Det har til tider storma godt rundt boka.
– Nokre oppfattar boka som eit angrep på toleranse og internasjonalt samarbeid, ja, som om boka leflar med fascisme og nazisme, som dei skreiv i Morgenbladet. Det eg tvert imot prøver er å gi ei balansert skildring av internasjonaliseringa av Noreg som har skjedd dei siste tiåra, og å presentere ei alternativ forklaring til den offisielle. Målet mitt er sjølvsagt ikkje å provosere, men å være med å stimulere til meir sakleg diskusjon om eit tema som mange synes det er vanskeleg å snakke ope om, seier Tvedt.
Ein raud tråd i Tvedt si forsking er å forstå samfunn si historie og utvikling, og då gjerne forholdet mellom natur, vatn og samfunn. Også den tolv år gamle dokumentarserien En reise i vannets fremtid har fått ein ny vår etter at serien vart kjøpt inn av strøymegiganten Netflix.
– Det er ganske oppmuntrande at ein såpass gamal film som handlar om framtida er kjøpt inn av Netflix slik at den er tilgjengeleg for kven som helst når som helst. Eg trur at grunnen er at filmen kviler på omfattande forsking. Då held analysane seg stort sett, sjølv om verda endrar seg, seier Tvedt.
Unngår fasitsvar og pølser
Professoren lanserer i desse dagar boka Libya: Krigens uutholdelige letthet, som han har redigert saman med Tormod Heier og Rune Ottesen. Boka set eit kritisk søkelys på Noreg si rolle under Nato-operasjonen i Libya i 2011.
Samtidig er han i haust aktuell med ein original serie med seks opne foredrag på Nasjonalbiblioteket i Oslo (støtta av Universitetet i Bergen) om verdshistoria heilt frå dei fyrste sivilisasjonane i Midtøsten for 5000 år sidan og fram til i dag.
– Eg prøver å stille nokre store spørsmål og trekke nokre lange linjer, heller enn å gi globalhistoriske fasitsvar. Det siste ville vere reine galskapen! Vi forskarar må jo prøve å utvide perspektivet, samtidig som vi leitar etter samanhengar. Viss vi berre reproduserer det «alle» veit kan vi like godt selje pølser, seier Tvedt.