Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Rettleiing for søkarar til Masterprogram i manusutvikling for seriar

Her finn du informasjon om krav til arbeidsprøve og motivasjonsbrev for deg som søker på grunnlag av arbeidsprøve eller yrkeserfaring.

Hovedinnhold

Arbeidsprøve

Arbeidsprøva kan ikkje vere meir enn 50 sider totalt (A4 12pkt) og kan til dømes vere:

  • TV-pilot
  • Manus til kortfilm
  • Manusutdrag frå spelefilm
  • Skjønnlitterære tekstar
  • Prosjektskisse
  • Pitch
  • Synopsis, serie-outline, karakterskisser

Opptakskomiteen vurderer arbeidsprøva ut frå desse kriteria, med poeng 1-10 for kvart punkt:

  • Sjangerforståing
  • Originalitet og kreativitet
  • Kvalitet og heilheitsinntrykk
  • Presentasjon og språkføring

Motivasjonsbrev

I motivasjonsbrevet (maks to A4-sider) skal du reflektere rundt:

  • Kvifor søker du på dette studiet?
  • Kva ynskjer du å bruke utdanninga til?
  • Kva kan du bidra med i gruppa av studentar?
  • Kvifor trur du at yrket som manusforfattar vil passe for deg?

Du kan også leggje til andre ting du meiner er relevant.

Opptakskomiteen vurderer motivasjonsbrevet ut frå desse kriteria, med poeng 1-5 for kvart punkt:

  • Refleksjonsnivå
  • Presentasjon (språkføring)
  • Interesse og motivasjon for studiet