Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Akademisk impact

Rykkja mellom dei 100 mest innflytelsesrike i verda!

Professor i statsvitskap Lise Rykkja er med som einaste nordmann på Apolitical si liste over dei hundre akademikarane i verda som påverkar statsforvalting og regjering mest.

Lise Rykkja Instituttleiar Administrasjon og organisasjonsvitskap UiB
– Wow! For ei ære! Takk til det fantastiske Tropico- teamet, seier Lise Rykkja etter at det vart kjent at ho er på lista over dei mest inflytelsesrike akademikarane i verda. Rykkje har leia det store europeiske forskingsprosjektet Tropico, som handla om korleis digitale løysinga er med på å betre koordineringa i staten.
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Hovedinnhold

– Wow! For ei ære! Dette er ein stor heider og ei anerkjenning til det store EU-prosjektet TROPICO som eg har koordinert. Vi har jobba mykje og hardt for å skape gode koplingar og møteplassar mellom forskerane og beslutningstakarane og offentlige myndigheiter på ulike nivå.

Det seier professor Lise Rykkja etter at det vart kjent at ho har blitt lista mellom dei hundre mest innflytelsesrike akademikarane i verda.

Einaste norske på lista

Læringsplattforma Apolitical har sett saman ei oversikt akademikarar som har mest påverknad på stat og regjering verda rundt, og Lise Rykkja er den einaste norske på lista. Lista er delt inn i fem kategoriar, og Rykkja er mellom dei 24 i kategorien «policymaking process & approaches».

Lise Rykkja har leia det store europeiske forskingsprosjektet Tropico som handla om korleis digitale løysingar er med på å betre koordineringa i staten, og korleis offentleg forvalting og offentlege tenester i Europa endrast. Prosjektet involverte tolv ulike organisasjonar og 40 forskarar frå ti ulike EU- land, og sluttrapporten vart levert i november. Rykkja har også nyleg blitt leiar for institutt for administrasjon- og organisasjonsvitenskap ved Universitetet i Bergen (UiB), og ho framhevar instituttet si rolle i leiinga av Tropico. 

– Det er også ei stor anerkjenning til instituttet vårt der ein av kjerneaktivitetane nettopp er forsking på og kopling mellom politikk, styresmakter og forvalting på ulike nivå.

Gir betre offentlege tenester

I si omtale av Rykkja trekkjer Apolitical fram at Rykkja gjennomført forskar på løysingar som kan betre offentlege tenester:

«Lise Rykkja is currently a Professor in the Department of Organisation and Administration Theory at the University of Bergen, specializing in public administration. Her most recent publications have been focussed on crisis management and capacity building in government, but she has also written on public management and administrative reform. Her research consistently seeks to improve the work of government.»

Sjå heile lista til Apolitical her