Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Æresdoktor ved UiB

Æresdoktor: – Ein av dei fremste postkoloniale tenkjarane

Professor Achille Mbembe er ein av dei mest leste og siterte afrikanske intellektuelle i vår tid. Den kamerunske filosofen som no blir utnemnd til æresdoktor ved UiB, har fått ein stor lesarskare ved mellom anna å trekkje linene frå kolonitida til notidas viktigaste tema, slik som klimakrise, pandemi, rasisme og framandfrykt.

Achillle Mbembe
Professor Achille Mbembe blir utnemnd til æresdoktor ved UiB. I eit omfattande akademisk arbeid har Mbembe granska aktuelle tema som klimaendring, pandemi, rasisme og framandfrykt ut frå koloniale erfaringar. Desse historiske erfaringane kastar lange globale skuggar, som til dømes når biosfæren blir øydelagd av gruvedrift, eller når valdelege og rasistiske regime veks fram frå gamle destruktive samfunnsordenar.
Foto/ill.:
WISER

Hovedinnhold

– Achille Mbembe er kanskje den fremste postkoloniale tenkjaren i vår tid. Han har klart å byggje ei bru frå eldre tenking om kolonialisme og avkolonialisering til brennbare spørsmål frå i dag. 

Det seier professor i sosialantropologi, Bjørn Enge Bertelsen, som er ein av forskarane bak nominasjonen av Mbembe til æresdoktor

Historia kastar globale skuggar

I eit omfattande akademisk arbeid har Mbembe granska aktuelle tema som klimaendring, pandemi, rasisme og framandfrykt ut frå koloniale erfaringar. Desse historiske erfaringane kastar lange globale skuggar, som til dømes når biosfæren blir øydelagd av gruvedrift, eller når valdelege og rasistiske regime veks fram frå gamle destruktive samfunnsordenar.

Mbembe opererer i skjeringspunktet mellom filosofi, litteratur, historie og statsvitskap. Han skriv på både fransk og engelsk, og er en av relativt få intellektuelle med base i det globale sør som i vår tid har lukkast i å få ein stor lesarkrets både på den nordlege og sørlege halvkule og på begge sider av Atlanteren.

Tenkjer verda frå Afrika

Mbembe brukar afrikanske erfaringar til å problematisere korleis ein kan utvikle ein humanisme der ein verdset alle menneske sin eigenverdi på like vilkår. Sjølv seier han at han «tenkjer verda frå Afrika» ved å omfamne dei afrikanske erfaringane både i fortida og notida. 

Mykje av Mbembe sitt arbeid dreiar rundt makt og konsekvensar av maktforhold i den postkoloniale verda. For samfunnsvitskapen og dei humanistiske faga har Mbembe mellom anna sett avtrykk med omgrepet nekropolitikk, som viser til det å definere kva menneske som skal ha livets rett, og kven som ikkje skal ha det. Mbembe knyttar omgrepet til spørsmål om rase og rasisme og til avkolonialisering før og no.

– Innan samfunnsvitskapen og dei humanistiske faga så har omgrepet «nekropolitikk» hatt mykje å seie. Dette handlar om å forstå suverenitet som kontroll over liv og død, heller enn å orientere seg rundt å verne om liv og territorium, slik det ofte har blitt forstått tidlegare, forklarer Bertelsen.

Opnar dører for akademisk samarbeid

Dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, Jan Erik Askildsen, er stolt over å knytte Mbembe til UiB. 

– I ei tid som er prega av klimaendring, rasisme og global ulikheit treng vi, også ved UiB, å knytte oss til globale intellektuelle kapasitetar som Achille Mbembe. Arbeidet hans tek opp kritisk viktige spørsmål frå vår tid, og trassar kulturelle og nasjonale barrierar. At han no blir æresdoktor ved UiB vil vere til stor inspirasjon for våre eigne forskarar og opne nye dører for forskingssamarbeid, seier han.