Hjem
Senter for vitenskapsteori
Forskingsformidling

Ny publikasjon i MAGIC-prosjektet kritiserar sirkulær økonomi

I ein nyleg publisert artikkel kritiserar UiB-forskar Silvio Funtowicz og Mario Giampietro konseptet sirkulær økonomi og foreslår ei alternativ tilnærming til berekraft.

Traffic sign illustrating circular economy
Konseptet sirkulær økonomi er populært i debatten om berekraft.
Foto/ill.:
Matt Seymour on Unsplash

Hovedinnhold

Artikkelen vart publisert som ein del av MAGIC-prosjektet: Moving Towards Adaptive Governance in Complexity: Informing Nexus Security. Senter for vitskapsteori (SVT) ved UiB er ein av fleire partnarar i dette prosjektet, og ved SVT er dei følgande involverte: Professor Roger Strand (principal investigator), Silvio Funtowicz, Zora Kovacic, Kjetil Rommetveit, Thomas Völker, Irmelin Nilsen og Bruna De Marchi.

Den logiske motseiinga i sirkulær økonomi

Artikkelen, From elite folk science to the policy legend of the circular economy, er skrive av Funtowicz og Mario Giampietro, ICREA research professor ved Universitat Autònoma de Barcelona (UAB). Her kastar dei eit eit kritisk blikk på konseptet sirkulær økonomi; eit prinsipp som har vorte særs populært i debatten om berekraft. I følge Funtowicz og Giampetro ligg det ei logisk motseiing i sirkulær økonomi. Grunnen til dette er at prinsippet anerkjenner at økonomien er avhengig av biofysiske prosessar, men likevel inneber det ein forretningsmodell som garanterar ei fullstendig fråkobling frå desse prosessane.

Sirkulær økonomi - ei policy legend

Fortattarane kallar difor sirkulær økonomi ei policy legend - retorisk slagkraftig, men nesten utan empirisk innhald. I artikkelen refererar dei til følgande definisjon av policy legend: 'Ei historisk forteljing tilhøyrande ei spesifikk tid og stad, framført på ein samtaleprega måte, som representerar folketru eller kollektiv erfaring og forsterkar gruppa sine felles verdiar' (omsett frå engelsk, Tangherlini, 1990). I følge forfattarane blir policy legends brukt til å verne det etablerte mot ubehageleg kunnskap, og dei hevdar at sirkulær økonomi blir brukt på samme måte for å unngå vanskelege sanningar som kan rokke ved normaltilstanden.

Problemet med policy legends

Funtowicz og Giampietro hevdar vidare at policy legends blir brukt til å promotore enkle teknologiske løysingar på komplekse problem i eit forsøk på å fjerne uryddige og motstridande politiske spørsmål frå berekraftsdebattar. Resultatet er stategiar for berekraft som ikkje eingong vurderar ideen om at berekraft inneber såkalla "tragedy of change;" vanskelege val og smertefulle tilpassingar. Legenda om sirkulær økonomi let oss tru at vi kan vite sikkert kva som er den beste vegen framover, og at nyvinningar kan hjelpe oss med å oppnå berekraft utan at vi treng å ofre noko. Problemet med dette er at vi ikkje kan vite kva den beste framgangsmåten er, og det å late som vi kan det fører til ei uansvarleg handtering av forventingar.

Ei alternativ tilnærming via post-normal vitskap

Som eit alternativ til sirkulær økonomi føreslår forfattarane ei anna tilnærming henta frå post-normal vitskap; eit konsept utvikla på 90-talet av Funtowicz sjølv, saman med Jerome Ravetz.

Post-normal science diagram
Foto/ill.:
Funtowicz and Ravetz

Diagrammet over, sentralt i dette konseptet, viser at vi berre kan gjette oss til forventa utviklingar når vi forheld oss til framtida, og forfattarane hevdar at dette har konsekvensar for lovgiving: I staden for å halde fram med å implementere teknokratiske planar ovanfrå og ned, så vil det vere mykje meir effektivt å bruke ei fleksibel tilnærming til organiseringa av slike prosessar. Eit stort utval av perspektiv må vurderast når ein utviklar lovforslag om berekraft, og tilnærminga må vere tilpasningsdyktig og kunne føresjå mange moglege utfall.

Risikoen i å gå tilbake til 'det normale' etter pandemien

I ei pressemelding på nettsida til MAGIC-prosjektet relaterar også forfattarane artikkelen sin til pandemien. Denne har teke vekk fokuset på dei andre store utfordringane i verda; som klimaendringar, tapet av biologisk mangfald og aukande ulikheitar. Forfattarane påpeikar at "normalen" mange har lengta etter å komme tilbake til er ein ustabil karikatur av normalitet, og at dei noverande planane om å gå tilbake til normalen ved å gjere meir av det samme, som å sette sin lit til den sirkulære økonomien, ber med seg ein høg risiko. Dersom vi kan gå tilbake til normalen, spør dei, burde vi faktisk gjere det?