Hjem
Senter for vitenskapsteori
Årleg SVT-symposium

SVT-symposiet 2021

Det årlege SVT- symposiet inkluderer tilknytta arrangement og eit hovudarrangement 3. desember 2021 om tilhøvet mellom kunnskap og handling i Covid-19-tider.

Murmuration of starlings
Dette biletet av trekkfuglar i ein halefinneformasjon illustrerer koreografiar av kunnskap og handling: Nye mønster, nye føremål.
Foto/ill.:
Sue Cro/Flickr - Tail Fluke Murmuration November 2018

Hovedinnhold

SVT-symposiet utforskar tilhøvet mellom kunnskap og handling i ein pandemi. Dette tilhøvet er komplekst og prega av usikkerheit, og samfunna våre har respondert med unntakstilstand. Denne tilstanden har vidare redusert førestillinga vår av helse til ein enkelt verdi, og politisk handling til éin plan – å redusere smitte. I arbeidet med smittereduksjon har ein lent seg tungt på vitskap og teknologi, noko som har avdekt viktige sider ved forsking i sosiale, politiske og økonomiske samanhengar der mykje står på spel.

I symposiet, som vi har kalla ‘sick society,’ ønskjer vi å kritisk undersøke den vedvarande unntakstilstanden vi opplever, samt utforske vitskapen sitt ansvar for å informere politisk handling i komplekse og usikre situasjonar. Korleis er vitskapen med på å legitimere dei omfattande styringstiltaka som omformar kvardagsliva våre? På kva måtar kastar vitskapen seg rundt for å møte utfordringane i den pågåande pandemien? Og kva type data og kunnskap blir brukt (og kva blir ikkje brukt) for å støtte opp under politiske avgjersler?

Den siste posten på programmet fokuserer på tilhøvet mellom kunnskap og handling i praksis. Vi samlar eit panel av aktørar som blei nøydde til å tolke og implementere dei mange nye tiltaka som kom med den delvise stenginga av samfunnet for å halde oppe drifta i skular, barnehagar, sjukehus og nyheitsmedium.

Tilknytta arrangement hausten 2020

Arrangementa under blir organisert av Filosofisk poliklinikk, AFINO - Ansvarlig forskning og innovasjon i Norge og INGSA – International Network for Government Advice -  og omhandlar tema som er relevante for SVT-symposiet i år.

2. september, 19.00-21.00: Filosofisk Poliklinikk: "Øynene som ser – hva er en pandemi?"

7. september, 10.00-15.30: AFINO webinar: "Risks, uncertainties and resilience - Responsible Research and Innovation after the Covid-19 crisis”

14.-18. september: INGSA Global Week of Dialogue - Science Advice & Covid-19: What are we learning? European Program og Global Program

7. oktober, 19.00-21.00: Filosofisk Poliklinikk: "Det som går tapt – hva kan ofres under en pandemi?"

4. november, 19.00-21.00: Filosofisk Poliklinikk: "Frykt og beven – er kollektiv redsel for Covid-19 bra eller dårlig?"

2. desember, 19.00-21.00: Filosofisk Poliklinikk: "Når det virkelig gjelder – hva kan vi lære av pandemien om handlekraft og bærekraft?"

SVT-symposiet 2021

Det planlagte symposiet i 2020, Sick society: Exploring the relation between knowledge and action in a pandemic, blei utsett til 3. desember 2020.

Symposiet kjem til å føregå på engelsk. Sjå arrangementssida i lenka over for detaljert program.