Et sjukt samfunn - ei utforsking av tilhøvet mellom kunnskap og handling i ein pandemi
SVT-symposiet 2021 fokuserte på tilhøvet mellom kunnskap og handling i Covid-19-tider.
Hovedinnhold
Om symposiet
SVT-symposiet 3. desember 2021 utforska tilhøvet mellom kunnskap og handling i ein pandemi. Dette tilhøvet er komplekst og prega av usikkerheit, og samfunna våre har respondert med unntakstilstand. Denne tilstanden har vidare redusert førestillinga vår av helse til ein enkelt verdi, og politisk handling til éin plan – å redusere smitte. I arbeidet med smittereduksjon har ein lent seg tungt på vitskap og teknologi, noko som har avdekt viktige sider ved forsking i sosiale, politiske og økonomiske samanhengar der mykje står på spel.
I symposiet, som vi har kalla ‘sick society,’ ønskjer vi å kritisk undersøke den vedvarande unntakstilstanden vi opplever, samt utforske vitskapen sitt ansvar for å informere politisk handling i komplekse og usikre situasjonar. Korleis er vitskapen med på å legitimere dei omfattande styringstiltaka som omformar kvardagsliva våre? På kva måtar kastar vitskapen seg rundt for å møte utfordringane i den pågåande pandemien? Og kva type data og kunnskap blir brukt (og kva blir ikkje brukt) for å støtte opp under politiske avgjersler?
Den siste posten på programmet fokuserer på tilhøvet mellom kunnskap og handling i praksis. Vi samlar eit panel av aktørar som blei nøydde til å tolke og implementere dei mange nye tiltaka som kom med den delvise stenginga av samfunnet for å halde oppe drifta i skular, barnehagar, sjukehus og nyheitsmedium.
Hovuddelen av symposiet kjem til å bli halde på engelsk, medan panelsamtalen som startar 15:30 kjem til å vere på norsk.
Digital deltaking
Påmeldinga til fysisk deltaking er no stengt. Symposiet kjem også til å bli strøyma live på Zoom. Ein treng ikkje å registrere seg for å følge symposiet digitalt - berre klikk på denne lenka kl. 9.30 fredag 3. desember.
Program
9:00 | Dørene opnar - kaffi, te og forfriskingar. |
09:30 – 09:45 | Velkomsttale ved dekan ved Det humanistiske fakultet, Camilla Brautaset |
09:45 – 10:00 | Opningstale ved Rasmus Slaattelid, senterleiar ved Senter for vitskapsteori (SVT, UiB) |
10:00 – 11:30 | Sesjon 1: Setting the scene – biopolitics and state of exception
|
11:30 – 12:30 | Lunsj |
12:30 – 13:45 | Sesjon 2: Organising science for pandemics
|
13:45 – 14:00 | Kaffipause |
14:00 – 15:30 | Sesjon 3: Data as evidence for action
|
15:30 - 15:45 | Kaffipause |
15:45 – 16:45 | Panel: Å jobbe under koronarestriksjonar i 2020/2021
|
16:45 – 16:50 | Avslutning av symposiet |