Hjem
Senter for vitenskapsteori
Årleg SVT-symposium

SVT-symposiet

SVT-symposiet er eit årleg arrangement der sentrale tema relatert til vitskap og samfunn blir debattert. Symposiet er ope for publikum.

Murmuration of starlings
Biletet er henta frå SVT sitt symposium i 2020, med temaet kunnskap og handling i Covid-19-tider. Biletet illustrerer koreografiar av kunnskap og handling.
Foto/ill.:
Sue Cro/Flickr - Tail Fluke Murmuration November 2018

Under finn du informasjon om årets symposium, samt tidligegare arrangement:

2020 - Sick society -Exploring the relation between knowledge and action in a pandemic

Dette symposiet utforskar tilhøvet mellom kunnskap og handling i ein pandemi - eit tilhøve som er komplekst og prega av usikkerheit.

2019 - Ethics of quantification

Teamet i 2019 var kvantifiseringsetikk. Tal utan kontekst og grunngjeving kan tilsløre meir enn dei opplyser. Spørsmålet som blei stilt var: Er tida moden for ein kvantifiseringsetikk?

2018 - Impact in the Humanities

Temaet for dette årets symposium var humanioras gjennomslagskraft (impact) i og utanfor akademia.

2017 - Post-truth - a challenge?

Professor emeritus Gunnar Skirbekk har ein omfattande vitskapleg produksjon og er framleis svært aktiv. Til ære for han inviterte vi dette året til eit symposium med tema og gjestar som gjenspegla hans interesseområde og internasjonale samarbeid.

2016 - Post-normal times? New thinking about science and policy advice

I 2016 arrangerte vi eit mini-symposium for å heidre 70-årsdagen til kollega og professor II, Silvio Funtowicz. Funtowicz sitt samarbeid med Jerry Ravetz resulterte i den innflytelsesrike boka Uncertainty and Quality in Science for Policy (1990), og litt seinare konseptet post-normal vitskap.

2015 - Narratives and Imaginaries

Grunna den aukande interessa for omgrepa narratives and imaginaries blant akademikarar i fagfelt innanfor samfunnsvitskap og humaniora, ønskja vi med symposiet i 2015 å kaste lys på nokre perspektiv frå denne forskinga.

2014 - Science for Policy: Post-Normal Science in Practice

Symposiet i 2014 blei halde til ære for Jeroen Van der Sluijs, som starta ved SVT dette året.

2013 - Small change vs. big challenges - The End of the Cartesian Dream

I 2013 fokuserte symposiet på transformasjonen frå moderne vitskap og teknologi til "innovasjon."

2012

Dette året arrangerte vi to større konferansar/symposium:

Conference: Moral Imaginaries - Emerging Normative Regimes in India, China and the West

Frå konferanseprogrammet: "The economic, political and cultural relations of domination on a world scale are in the process of radical transformation. In the last two decades we have witnessed the rise of a new economic middle class comprised of hundreds of millions of Chinese and Indians (...). With this background, it is timely to ask whether the global context of normativity is changing."

SVT-jubileumssymposium

I samband med SVT sitt 25-årsjubileum arrangerte vi eit to-dagars symposium for å feire dette. Temaa for dei to seminara gjenspegla nokre av forskingsinteressene til senteret vårt.

Dag 1: Science and Religion

Dag 2: Science in Society, Crossroads and Challenges

  
Tilknyttet innhold