Hjem
Senter for vitenskapsteori
Årleg SVT-symposium

Sick society - Exploring the relation between knowledge and action in a pandemic

SVT-symposiet 2021 kjem til å fokusere på tilhøvet mellom kunnskap og handling i Covid-19-tider.

Murmuration of starlings
Dette biletet av trekkfuglar i ein halefinneformasjon illustrerer koreografiar av kunnskap og handling: Nye mønster, nye føremål.
Foto/ill.:
Sue Cro/Flickr - Tail Fluke Murmuration November 2018

Hovedinnhold

OPPDATERING: Grunna covid-19-restriksjonane i Bergen har dette arrangementet blitt utsett frå 4. desember 2020 til 3. desember 2021.

Om symposiet

SVT-symposiet utforskar tilhøvet mellom kunnskap og handling i ein pandemi. Dette tilhøvet er komplekst og prega av usikkerheit, og samfunna våre har respondert med unntakstilstand. Denne tilstanden har vidare redusert førestillinga vår av helse til ein enkelt verdi, og politisk handling til éin plan – å redusere smitte. I arbeidet med smittereduksjon har ein lent seg tungt på vitskap og teknologi, noko som har avdekt viktige sider ved forsking i sosiale, politiske og økonomiske samanhengar der mykje står på spel.

I symposiet, som vi har kalla ‘sick society,’ ønskjer vi å kritisk undersøke den vedvarande unntakstilstanden vi opplever, samt utforske vitskapen sitt ansvar for å informere politisk handling i komplekse og usikre situasjonar. Korleis er vitskapen med på å legitimere dei omfattande styringstiltaka som omformar kvardagsliva våre? På kva måtar kastar vitskapen seg rundt for å møte utfordringane i den pågåande pandemien? Og kva type data og kunnskap blir brukt (og kva blir ikkje brukt) for å støtte opp under politiske avgjersler?

Den siste posten på programmet fokuserer på tilhøvet mellom kunnskap og handling i praksis.  Vi samlar eit panel av aktørar som blei nøydde til å tolke og implementere dei mange nye tiltaka som kom med den delvise stenginga av samfunnet for å halde oppe drifta i skular, barnehagar, sjukehus og nyheitsmedium.

Påmelding til symposiet

Du kan registrere deg for fysisk påmelding til symposiet her. Det er plass til 100 deltakarar på Grand Hotel Terminus, og det er mogleg å registrere seg til vi har fylt alle plassane. Symposiet kjem også til å bli strøyma live.

Program

9:00

Dørene opnar - kaffi, te og forfriskingar.

09:30 – 09:45

Velkomsttale ved dekan ved Det humanistiske fakultet, Camilla Brautaset

09:45 – 10:00

Opningstale ved Rasmus Slaattelid, senterleiar ved Senter for vitskapsteori (SVT, UiB)

10:00 – 11:30

Sesjon 1: Setting the scene – biopolitics and state of exception

11:30 – 12:30

Lunsj

12:30 – 13:45

Sesjon 2: Organising science for pandemics

  • Esperanza Diaz – Professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (UiB)
  • Ana Delgado - Førsteamanuensis ved Senter for innovasjon, teknologi og kultur (TIK, UiO)

13:45 – 14:00

Kaffipause

14:00 – 15:30

Sesjon 3: Data as evidence for action

  • Kjetil Rommetveit – Førsteamanuensis ved Senter for vitskapsteori (SVT, UiB)
  • Elling Ulvestad – Professor ved Klinisk institutt 2 (UiB) og avdelingssjef ved Mikrobiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus (UiB)

15:30 – 16:45

Panel: Which information was used to navigate the ‘semi-lockdown’?

  • Ida Sæbø Larsen, pedagogisk leiar i Sammen Fagertun barnehage
  • Henrik Olsen, lærar ved Sonans utdanning i Bergen
  • Mille Stenmarck, lege ved Ahus, Oslo
  • Tron Strand, journalist i Bergens Tidende

16:45 – 16:50

Avslutning av symposiet


Symposiet kjem til å bli halde på engelsk.