Hjem
CoPol: Covid-19-kontaktsporing som digital politikk
Nytt forskingsprosjekt

Covid-19-pandemien: Eit vasskilje i utviklinga av digital politikk

Førsteamanuensis ved UiB, Kjetil Rommetveit, har fått støtte frå Noregs Forskingsråd til å studere smittesporing under covid-19 som digital politikk.

A covid-19 dashboard with a large world map in the centre, statistics to the left and right
Digital smittesporing er ikkje berre ein app, seier Rommetveit, men avheng av ein heil familie av teknikkar; mange sikta inn mot visualisering. Biletet viser Covid-19-dashboardet til Center for Systems Science and Engineering (CSSE) ved Johns Hopkins University.
Foto/ill.:
JHU CSSE COVID-19 Data

Hovedinnhold

Prosjektet, CoPol: Covid-19 contact tracing as Digital Politics, blei innvilga under NFR-utlysinga Forskerprosjekt for fornyelse i 2020, og tek som utgangspunkt at covid-19-pandemien utgjer eit viktig steg i utviklinga av digital politikk, der grunnleggande relasjonar mellom innbyggarar og statar, teknologiar og institusjonar blir omforma. I prosjektet skal Rommetveit og forskargruppa hans studere digital smittesporing over tid, og som sosial og teknisk praksis.

Covid-pandemien som vasskilje

Rommetveit skreiv søknaden i perioden rett etter første nedstenging, då alt var veldig nytt og i rask utvikling, men nokre tendensar stod klart for han:

– For oss som studerer tilhøvet mellom vitskap, teknologi og samfunn, så var og er covid-19-pandemien eit vasskilje: Tendensar som var til stades dei siste 10-20 åra blei forsterka, som digitalisering og eit fokus på risiko, fare og kollektiv sikkerheit, medan andre ting var meir overraskande: Kor dårleg førebudd vestlege land var på pandemien; trass i mange års fokus på risiko, sikkerheit og digitalisering.

Ein annan tendens var at digitaliseringa av ei rekke funksjonar skaut fart, og at digital infrastruktur gjekk frå å vere eitt av fleire alternativ til å utgjere sjølve den kritiske infrastrukturen: Videokonferansar i jobb, undervisning, handel og kommunikasjon, samt global overvaking av spreiinga av viruset.

– Sjå berre på korleis eit selskap som Google etablerte eigne sider for å halde oppsyn med smittespreiinga, og saman med Apple leverte den dominerande plattforma for digital smittesporing.

Digital smittesporing – ikkje berre ein app

I perioden frå søknaden blei sendt inn til han blei innvilga, blei den første norske appen for smittesporing forkasta og erstatta av ein versjon som er drifta på nettopp denne plattforma til Google og Apple. Sidan Forskingsrådet stiller krav til at ein inkluderer risikohandtering i søknaden, hadde Rommetveit allereie adressert moglegheiten for at den dåverande smittesporingsappen kunne bli vraka.

– For ein studie av denne typen er ikkje dette ei ulempe, men snarare ei kjelde til innsikt og datainnsamling: Kva skjedde? Kvifor let den nasjonalt utvikla appen seg ikkje realisere? Kva kom i staden?

Han understrekar at appen i seg sjølv er interessant, men ikkje det einaste viktige.

– Digital smittesporing avheng av ein heil familie av teknikkar; mange sikta inn mot visualisering. Det er dette ‘apparatet,’ som Focault ville kalla det, som er viktig å forstå: Ikkje den einskilde teknologiske applikasjonen.

Har forska på store digitale system i ei årrekke

Kjetil Rommetveit kan seiast å vere unikt kvalifisert til å leie eit slikt prosjekt. Førsteamanuensen ved Senter for vitskapsteori har i ei årrekke studert bruk av store digitale system for politiske og samfunnsmessige tilhøve på felt som helse og sikkerheit. Han har leia fleire prosjekt om bruk av digitale teknologiar for å adressere samfunnsmessige og politiske behov, som Technolife, EPINET, Designing Freedom og CANDID.

– Som ein del av desse prosjekta har eg hatt eit gjennomgåande fokus på etikk og personvern, og i dei seinare åra har eg særleg forska på EU sitt nye rammeverk, General Data Protection Regulation (GDPR). Vi har fokusert på aukande bruk av organisatoriske og teknologiske verkemiddel; som ‘innebygd personvern’ – noko som er obligatorisk etter innføringa av GDPR.

Viktigheita av innebygd personvern

Med denne bakgrunnen synes Rommetveit det har vore særs interessant å observere korleis desse regulatoriske instrumenta fekk heilt sentrale rollar i utforminga av digital smittesporing.

– Den norske smitteappen blei forlete av fleire grunnar, men ein av dei heftigaste innvendingane var at appen ikkje i tilstrekkeleg grad verna brukarane si rett til vern av personsensitive data. Fordi vi var i ein naudssituasjon, og det ikkje var tid til ein brei debatt, så blei det dominerande tilsvaret at slike appar måtte ha innebygd personvern.

Rommetveit forklarar at ein kan sjå dette på nettsida til Apple og Google om smittesporing: Teknologigigantane sette opp ein felles plattform som gjorde det mogleg for deira respektive plattformar, iOS og Android, å snakke saman, og dei argumenterte for at berre dei kunne sette i verk ‘innebygd personvern.’

– Dette var sant, i og med at dei to i praksis har monopol på mobilteknologi for den vestlege verda. Til og med europeiske personvernforkjemparar omfamna initiativet; hovudsakeleg fordi det ikkje fantes andre moglegheiter. Dette er særs interessant, også frå eit perspektiv om (mangel på) nasjonal suverenitet på felt som er prega av utbreidd digitalisering.

Ein endra samfunnsorden

Søknader som blir innvilga av NFR under utlysinga Forskerprosjekt for fornyelse må vise at dei er nyskapande og ambisiøse, og Rommeveit meiner at prosjektet hans innfridde dette kravet på fleire måtar: 

– For det første har vi framleis ikkje gode og utfyllande analyser av digital kontaktsporing i eit breiare perspektiv; ikkje berre som teknologi eller offentleg helse, men også som fundamentale rettar og politikk.  For det andre er integreringa av personvern i sjølve teknologien, og den offentlege grunngjevinga av smittesporing som verkemiddel, interessant.

Med CoPol håpar Rommeveit å skildre og analysere nye konstellasjonar av ekspertise, teknologiar og institusjonar. Dette kan igjen seie oss noko om ein endra samfunnsorden, og gi oss ei djupare forståing av samanhengane mellom digital politikk, grunnleggande rettar og offentleg helse.