Home
Environmental toxicology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Ledig stipendiat i miljøtoksikologi

Det er ledig ei stilling som stipendiat i miljøtoksikologi for 4 år. Søknadsfrist er 16. desember 2011.

Main content

Forskingsgruppa Miljøtoksikologi har sine aktivitetar retta mot studie av miljøgifter sine effektar på ulike organismegrupper i kontrollerte felt-, akvarie- og celleforsøk. Den vitskaplege interessa til gruppa er å forstå korleis organismen handterer miljøgiftene og kva effektar desse stoffa kan ha på gen- og proteinuttrykk. Vi ønskjer òg å studere dette på eit høgare nivå, mellom anna ved å integrere resultat frå ulike teknologiar som transkriptomikk, proteomikk og metabolomikk ved hjelp av bioinformatiske metodar.

Stipendiaten skal arbeide med problemstillingar knytt til prosjektet ”iCod: Integrative environmental genomics of cod (Gadus morhua)”, eit Strategisk universitetsprosjekt (SUP).

Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i biologi/molekylærbiologi, med hovudvekt på bruk av molekylære metodar, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Før tilsetjing kan skje, er det likevel ein føresetnad at kandidaten fyller krava for opptak til PhD-studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Les heile utlysingsteksten her