Utfyllande reglar for gradsstudium ved Det humanistiske fakultetet
Gjeldande frå studieåret 2008/2009
Til §2 Definisjonar
| Forkurs | Emne som ligg under 100-nivå. Forkurs på inntil 15 studiepoeng kan inngå i bachelorgrader, men ikkje som innføringsemne og ikkje som del av spesialiseringa. |
| Innføringsemne |
Emne som er del av førstesemesterstudiet, og som ikkje kan inngå i spesialisering. |
Til § 4 Studierett
Hospitantordning
Studentar med aktiv studierett ved andre høgare lærestader kan søkje om å få ta enkeltemne ved UiB. Søkjarar må dokumentere at dei har studierett ved ein høgare lærestad, og søkje innan fristen 1. juni for å ta emne i haustsemesteret og 1. desember for å ta emne i vårsemesteret.
Intern overgang
Studentar som fyller krava til bachelorgrad får ikkje innvilga overgang til anna studieprogram ved Det humanistiske fakultet.
Poststudierett
Studentar som har avlagt bachelor- eller mastergrad har høve til å studere enkeltemne ved UiB i inntil eitt år etter fullført grad.
Til § 5 Opphør av studierett
Ved fullført studium vil studieretten på programmet opphøre og vitnemål vil verte skrive ut dersom studenten ikkje har reservert seg mot det innan to dagar etter siste sensurfall.
Til § 8 Studiestruktur, studieplan og emneomtale
Endringar i studiestruktur som omfattar oppretting og nedlegging av studieprogram og fag skal behandlast av Fakultetsstyret. Andre endringar i studieplanar og emneomtaler vert gjort av institutta. Slike endringar skal meldast til fakultetet.
Storleiken på emne ved Det humanistiske fakultet er normalt på 15 studiepoeng. Mindre einingar på 10 og 5 studiepoeng kan nyttast når særskilde og faglege omsyn talar for det. Emne knytt til utøvande musikkutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning kan ha avvikande emnestorleik.
Undervisning i eit emne går vanlegvis gjennom heile semesteret. Studentar skal ha høve til å følgje undervisning i fleire emne samstundes. I regelen skal det gjevast undervisning i emna ein gong i studieåret med mindre oppbygging av studieprogram krev noko anna.
Ei spesialisering kan femne om emne frå meir enn eitt fag. Studieplanane og emneomtalane gjev opplysningar om kva kombinasjonar som er godkjende som spesialisering i bachelorgraden. Vidare skal det gå fram av studieplanane og emneomtalane kva emne som fyller krav til eitt eller fleire skriflege arbeid på minst 15 studiepoeng i bachelorgraden, og normalt skal dette emnet nummererast med 250-kode.
Kvart emne har eit tilrådd startgrunnlag, og det vil berre i særskilde tilfelle kunne verte stilt krav til forkunnskapar. Opplysningar om godkjende kombinasjonar, tilrådd startgrunnlag og krav til forkunnskapar skal finnast i emneomtalen.
Følgjande mal skal brukast for alle studieplanar:
- Mål og innhald
- Læringsutbyte
- Opptakskrav
- Tilrådde forkunnskapar
- Innføringsemne
- Obligatoriske emne/spesialisering
- Tilrådde valemne
- Rekkefølgje for emne i studiet
- Krav til progresjon i studiet
- Delstudium i utlandet
- Undervisningsmetodar
- Vurderingsformer
- Kompetanse for vidare studium
- Yrkesvegar
- Evaluering
Følgjande mal skal brukast for alle emneomtalar:
- Emnenamn
- Studiepoeng
- Undervisningssemester
- Undervisningsspråk
- Studieniv
- Krav til studierett
- Mål og innhald
- Læringsutbyte/resultat
- Krav til forkunnskapar
- Tilrådde forkunnskapar
- Undervisning og omfang
- Obligatoriske arbeidskrav
- Vurderingsformer
- Karakterskala
- Læremiddelomtale
- Undervisningsstad
- Emneevaluering
- Kontaktinformasjon
Til § 10 Permisjon
Permisjon frå masterstudiet
Det skal søkjast om permisjon i forkant av permisjonsperioden. Søknadsfrist for permisjon i haustsemesteret er 15. juni og for vårsemesteret 15.desember.
Til § 11 Allment om eksamen og eksamenstid
Obligatoriske arbeidskrav
Obligatoriske arbeidskrav skal vere gjennomførte etter fristar fastsette av institutta. Ein føresetnad for å gå opp til endeleg eksamen i eit emne er at alle obligatoriske arbeidskrav er godkjende.
Skriftleg søknad med godkjent forfallsgrunn kan gje utsett frist for obligatoriske arbeidskrav. Institutta avgjer slik søknad. Dersom søknad om ny frist vert innvilga, er det ikkje høve til å søkje om ny utsetjing.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i to semester etter det semesteret dei vart gjennomførte dersom ikkje anna er definert i emneomtalen.
Emneomtalen skal opplyse om det ikkje vert arrangert eksamen i undervisningsfrie semester.
Dersom det er høve til å ta særskilt eksamen for personar utan studierett, skal dette stå i emneomtalen.
Til § 12 Eksamensformer og eksamensordningar
Ved Det humanistiske fakultet vert følgjande eksamensformer nytta:
I. Mappevurdering
II. Rettleia oppgåve, bachelor- og masteroppgåve
III. Gruppeeksamen
IV. Munnleg eksamen, førebudd munnleg, prøveførelesing
V. Skriftleg skuleeksamen (maksimum 6 timar for emne på 15 studiepoeng)
VI. Heimeeksamen (maksimum 7 dagar for emne på 15 studiepoeng)
VII: Bestått på grunnlag av frammøte
VIII. Konsertar
Eksamensformene i eit studieprogram skal variere. Eit emne skal normalt berre ha èi eksamensform. Ein kan eventuelt kombinere mappevurdering med å trekkje ut heile eller delar av kullet til munnleg prøve. Særskilte vektingsreglar for slik eksamen skal fastsetjast i emneskildringa.
Til eksamensform I. Emneskildringa fastset om delsensur av arbeid i mappa skal gjerast fortløpande eller først når alle arbeid er leverte inn.
Dersom det ikkje er mogeleg å få rettleiing på tidlegare beståtte bacheloroppgåve-emne skal dette vere omtalt i emneomtalen.
Til § 18 Fleire eksamensdelar
Med mindre anna er spesifisert i emneomtale skal alle eksamensdelar vere beståtte i det semesteret studenten følgjer undervisninga i emnet.
Til § 19 Sensur
Ved sensurering av masteroppgåver skal rettleiar ikkje vere medlem av kommisjonen.
Til § 21 Forhold i eksamenslokalet m.m
Til h) Faglærar/emneansvarleg skal vere tilgjengeleg i eksamenslokalet for spørsmål som gjeld oppklaring av oppgåveteksten, og/eller skal kunna tilkallast etter behov.
Til §26 Tregangersregel
Det er normalt ikkje høve til å gå opp til eksamen i same emne meir enn tre gongar. Dokumentert sjukdom vert ikkje rekna med i talet på eksamensforsøk.
Til § 30 Bachelorgrad
Førstesemesterstudium i form av 30 studiepoeng innføringsemne, er ein integrert del av bachelorprogramma administrert av Det humanistiske fakultetet. Ved sida av examen philosophicum inngår 20 studiepoeng examen facultatum. Examen facultatum består av eit felles innføringsemne i akademisk skriving (10 sp) og eit val mellom emna Tekst og kultur og språk og kommunikasjon, begge på 10 sp.
I bachelorprogramma og bachelorgraden ved fakultetet skal det inngå eitt eller fleire sjølsvstendige skriftlege arbeid på minst 15 studiepoeng. Nærare bestemming vert fastsett i studieplanane og emneomtalane.
Av dei 60 studiepoenga som skal vere avlagde ved UiB må eksamenar på eit omfang på minst 30 studiepoeng vere avlagt i det faget som utgjer spesialiseringa ved Det humanistiske fakultetet.
For bachelorgrad i utøvande musikk gjeld eigne reglar, jf universitets- og høgskulelova.
Til § 33 Disiplinbasert master – 120 studiepoeng
Oppgåva knytt til mastergraden skal normalt ha eit omfang på 60 studiepoeng, med eit samla sidetal på 70-110 sider. Fakultetsstyret kan vedta at enkelte program kan ha mindre omfang på oppgåva, men ikkje mindre enn 30 studiepoeng.
Når studenten har fått opptak til masterprogram skal han/ho inngå ein rettleiingskontrakt med instituttet etter nærare retningsliner fastsett i studieplanen for programmet. Brot på kontrakten medfører tap av studieplass.
Normert studietid for heiltidsstundetar er fire semester. Normert studietid for deltidsstudentar er åtte semester.
Etter søknad kan rettleiingskontrakten forlengast og utdanningsplanen justerast. Innan 1.april/1.november i det fjerde semesteret kan studenten søkje instituttet om eitt semesters forlenging. Innan 1.april/10.oktober i det femte semesteret kan studenten søkje om ytterlegare eitt semesters forlenging. Fakultetet avgjer denne søknaden. Framdriftsplan godkjent av rettleiar og fagkoordinator skal leggjast ved søknaden. Samla maksimal studietid for studentar som følgjer normert studietid blir såleis seks semester.
Deltidsstudentar kan på same måte søkje om forlenging. Dei søkjer instituttet om inntil to semesters forlenging og fakultetet om ytterlegare to semester, etter same fristar som heiltidsstudentar. Maksimal studietid for deltidsstudentar vert såleis 12 semester.
Masteroppgåva skal leverast inn elektronisk etter nærare retningsliner.
Masteroppgåva – innlevering for andre gong
Ein student har høve til å levere masteroppgåva på nytt i same fag i fall oppgåva er heilt ny eller så omarbeidd at ho kan vurderast som ny. Kandidaten må da
a) presentere og gi svar på nye problemstillingar, og/eller
b) trekkje inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller
c) gjere ein radikalt endra analyse og tolking av empirien
Studenten må i sin søknad til instituttet gjere greie for endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva
Instituttet avgjer søknad om innlevering for andre gong.
Til § 42 Vitnemål
Det humanistiske fakultet tildeler bachelorgraden i kultur- og samfunnsvitskap der studenten har ei spesialisering i eit humanistisk fag som det vert undervist i ved Det humanistiske fakultet, UiB. Det humanistiske fakultetet tildeler også bachelorgraden i kultur- og samfunnsvitskap i studieprogram som er administrert av fakultetet.
Av minimumskravet om minst 60 studiepoeng avlagt ved UiB må minst 30 studiepoeng vere avlagt i spesialseringsfaget ved UiB.
Til § 43 Fritak og innpassingar; reduksjon i studiepoeng; utteljing i ny grad.
Fullført førstesemesterstudium frå andre fakultet og program ved UiB og andre utdanningsinstitusjonar med eit minimumsomfang på 20 studiepoeng inklusive examen philosophicum kan godkjennast og innpassast i fakultetet sine bachelorprogram.
I dei tilrettelagte programma godkjenner fakultetet studiepoeng innpassa frå andre studieprogram ved UiB eller andre nasjonale og utanlandske høgre utdanningsinstitusjonar etter søknad.
Fakultetet godkjenner spesialseringar frå nasjonale og utanlandske høgare utdanningsinstitusjonar som grunnlag for masterstudium.
Sist endret: 12.3.2009