Hjem
Senter for bærekraftig arealbruk (CeSAM)
PhD-stilling

PhD-stilling i planteøkologi utlyst

Har du en mastergrad i planteøkologi eller lignende, og er du interessert i alpin økologi, klimaendringer, fremmede arter og funksjonell økologi? Forskergruppen 'Between the Fjords' ansetter en doktorgradsstudent for 3 år for å jobbe med oss i RangeX-prosjektet.

Landscape
Foto/ill.:
Dagmar Egelkraut

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse:

Global oppvarming og biologiske invasjonar fører til endringar i dei geografiske utbreiingane til stadeigne så vel som framande artar. Mange av desse artane spreier seg no opp i fjellet og nordover i landet. Ettersom artar flytter seg med forskjellig rate, endrast óg samansetninga av økologiske samfunn. Desse samfunnsendringane kan påverke biologisk mangfald, økosystemets funksjon og naturens evne til å levere naturgode og økosystemtenester. Spesielt kan endringar i interaksjonar mellom artar vere viktige for effektar av klimaoppvarming på biologisk mangfald, og på viktige økosystemfunksjonar som karbonlagring og pollinering, noko som igjen kan gi tilbakekopling til klimaendringane.

RangeX forskar på prosessar og effektar av planter som breier seg til nye område nordover og opp i fjellet etter som klimaet blir varmare. Denne kunnskapen bidreg til kunnskapsbasert naturforvalting i eit klima i endring. Prosjektet stiller desse spørsmåla:

1.    Kva prosessar forklarer variasjon i planteartar si evne til å spreie seg til nye område når klimaet vert varmare?

2.    Korleis påverkar nye artar biologisk mangfald, viktige økosystemfunksjonar, og økosystema si tilbakekoplingar til eit endra klima?

3.    Kan vi forutseie kva artar som er mest / minst i stand til spreie seg til nye område under eit varmare klima, og kva artar som har størst / minst effekt på ulike prosessar i økosystemet?

4.    Kan betre økologisk forståing av endring i utbreiing brukast til å utvikle betre politikk for å forvalte naturmangfald i eit endra klima?

Stipendiaten vil arbeide særleg med spørsmål 1, 2 og 3. Stipendiaten vil:

  • Ha ansvar for ein norsk lokalitet av eit replisert klima- og utbreiingsendringseksperiment, og samle data på plante- og økosystemeffektar.
  • Leie skriving av 2-3 vitskaplege artiklar basert på dette eksperimentet, og skrive ei PhD-avhandling basert på resultata.
  • Samarbeide med det internasjonale teamet i RangeX om å samle jord- og pollinator-data, og om vitskaplege artiklar og syntese basert på data frå dei nasjonale eksperimenta.
  • Ha høve til å samhandle med partnarar i det internasjonale konsortiet og samfunnsaktørar om å samanstille forvaltningsrelevant informasjon om endringar i utbreiingar under klimaendringar.

Se stillingsannonsen her for mer informasjon og for å søke.