Hjem
Institutt for geografi
Praksis

Praksis hjå Stiftelsen Lystgården og Bybonden i Bergen 2023

Katarzyna Marta Sikorska og Brittany La Fae Hatch var i praksis hjå Stiftelsen Lystgården og Bybonden i Bergen hausten 2023.

portrett
Katarzyna og Brittany i praksis hjå Lystgården.
Foto/ill.:
Privat

Hovedinnhold

Hausten 2023 var vi, Katarzyna og Brittany i praksis hjå Lystgården. Vi er her rundt to dagar i veka i 25 veker til saman. På vår første dag vart vi møtt av snille ansatte med opne armar, i det som må vera Noregs koslegaste kontor! Stiftelsen Lystgården held til i det som før i tidas var Edvard Grieg sitt sommarhus på Landås, og er eit senter for mat og urbant landbruk.

Vi jobbar med kvart vårt prosjekt, der målet for begge er å fremje og opplyse om det store potensialet for urbant landbruk i Bergen – potensielle og eksisterande marknadshagar, parsellhagar og lokale grønsaksprodusentar.

Det eine prosjektet som Katarzyna jobbar med, er det vi kallar “Produsentportrettar”. Dette er eit prosjekt med fokus på å fremje og opplyse om småskala grønsaksproduksjon i Bergensområdet. Tidlegare i semesteret intervjua vi tre lokale produsentar som driv kvar sin marknadshage om deira drift ambisjonar, utfordringar og tankar rundt klimaendringar og -tilpasning. Etter det har vi jobba med å ferdigstille artiklar som skal ut på Lystgården si nettside og sosiale media. Kanskje artiklane allereie er publisert når du les dette? Sjekk i så fall ut Lysgarden.no eller @lystgarden på Instagram/Lystgården på Facebook!

Det andre prosjektet som Brittany har jobba med er kartlegging av eksisterande og potensielle areal for parsellhagar i dei forskjellige bydelane i Bergen Kommune. Til dette prosjektet måtte vi hente fram GIS-ferdigheitene og det velkjedne programmet ArcGis Pro. Dette er eit allereie påbegynt prosjekt som Lystgården gjerne ville utvikle vidare, og vi har også avtalt møte med Bymiljøetaten i Bergen Kommune som har vist interesse i tilgang til ei slik kartlegging.

Vi har også vore med på Plantetoppmøte, eit møte/seminar der representantar frå ulike greiner i matsystemet (produsentar, grossistar, forskarar, forvaltarar, for å nemne nokre av dei) møtast for å utvikle sine verksemder, dele utfordringar og idèmyldre saman. Her fekk vi eit innblikk i korleis aktørane i matsystemet jobbar saman, og kva dei bidreg med for å utvikle gode avtalar, produskjon, marknadsføring og ikkje minst berekraft. Dette er eit møte som vert arrangert med jamne mellomrom, og vi var heldige som var ein del av det tredje Plantetoppmøtet.

Utanom det "vanlege" arbeidet har vi også fått vere med på Lystgårdens Haustmarknad der vi stod og betjente ei svær eplepresse, vi har vore med på både avskjedlunsj og bursdagslunsj for ansatte på huset med kake og bobler, og hatt gode samtalar med mykje latter både i lunsjtid og elles!

Dette er første gongen (hausten 2023) Lystgården tek i mot praksisstudentar frå geografistudiet, og det håpar vi dei fortset med! Det å ha praksis her er er ein gyllen moglegheit for dei som brenn for klimatilpasning og urbant landbruk, GIS, økologisk matproduskjon og forholdet mellom mat og menneske – med andre ord, her er det noko å jobbe med for både samfunn-, miljø- og naturgeografar.