Bachelorprogram i kulturvitskap
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Korleis bruker folk kulturelle tradisjonar i notida? Korleis handterer nordmenn og innvandrarar det fleirkulturelle Noreg? På kva måtar var fortida radikalt annleis enn notida, for eksempel når det gjeld magi og trolldom?
Det blir sagt at utan kulturen stoppar Noreg. Men kva er det særeigne ved kultur? Og korleis er kulturen til stades i alt vi gjer? Kvifor kan kvardagskulturen seiast å være fundamentet for heile samfunnslivet? Slike spørsmål står sentralt i faget kulturvitskap.
Studiet av kultur vil gi deg grunnleggande kunnskap om mennesket som kulturskapande og kulturberande vesen. Du vil få innsikt i folkelege førestillingar og forteljetradisjonar, moderne kulturformer og kulturpolitikk. Etniske konfliktar, migrasjon, kjønn og helse er blant dei mange nye emna som blir studert av kulturforskarar i dag.
Visste du at ...
Ved Universitetet i Bergen kan du studere den magiske verda og hekseprosessar.
Studievegar
Bachelor
Det treårige studiet er sett saman av ulike kulturvitskaplege emne. Du har stor valfridom når det gjeld emne. Allereie på bachelornivå kan du spesialisere deg innanfor nokre fagtradisjonar, for eksempel folkloristikk og etnologi.
Master
Etter å ha tatt ein bachelorgrad i kulturvitskap kan du ta eit masterprogram i kulturvitskap. I masterstudiet får du moglegheit til å gå djupare inn i eit emne som interesserer deg.
Forsking
Fagmiljøet i kulturvitskap forskar på folkelege uttrykk, mellom anna knytt til religiøsitet, sjukdomsoppfatningar og tolkingar av fortida. Det blir òg forska på kjønn og vold, og på kulturarv sett i eit kritisk perspektiv.
Sjå også desse studia
Arkeologi, digital kultur, historie, kunsthistorie, religionsvitskap, sosialantropologi, kjønnsstudium.
Utveksling
Fagmiljøet i kulturvitskap anbefaler studentar å dra på utveksling i løpet av bachelorstudiet. Kulturvitskap anbefaler kulturstudium ved Københavns Universitet, Stockholms Universitet og Humboldt-Universität zu Berlin.
Yrkesvegar
Bachelorgraden i kulturvitskap gir allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekke yrkessamanhengar. Graden opnar for arbeid i kultursektoren, arkiv, bibliotek, museum, medieverksemder, offentleg administrasjon, sosialt og internasjonalt arbeid.
Undervisningsspråk
Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Kulturvitskap er faget om menneska sitt forhold til kulturen. Kulturvitskapen analyserer kultur som ein viktig dimensjon i eit globalisert og moderne samfunn. Faget har historisk sett sin bakgrunn frå etnologi, folkloristikk, kulturvern og kulturformidling. I dag er kulturvitarar særleg opptekne av spørsmål knytt til kulturarv og tradisjon; korleis vi bruker fortida i notida. Men faget tek også for seg tema som kulturelle sider ved seksualitet og kjønn, migrasjon og etniske konfliktar, populærkultur, nyreligiøsitet og dagleglivets kulturelle uttrykk. Studiet skal fremje kunnskap om og gi forståing av viktige sider ved livet i eit moderne samfunn.
Studiet skal også gi innsikt i utviklinga av moderne kulturstudiar og faghistoria meir generelt. I tillegg vil faget gi innsikt i ulike metodiske og teoretiske tilnærmingar til studiet av kulturen. Studiet inneheld både innførings- og fordjupingsdelar, slik at studentane kan kombinera generelle innsikter med meir inngåande studiar av spesielle problemfelt.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar:
Studenten vil ha god oversikt over sentrale tema knytt til fortid og nåtid innanfor kulturfaget. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild innsikt i nokre sentrale kulturvitskaplege tema. Studenten vil også få ei grundig innføring i viktige metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar i faget.
Ferdigheiter:
Studenten har ferdigheiter i å drøfte kulturvitskaplege problemstillingar og kan kritisk vurdere kulturvitskapelige framstillingar og analysar. Studenten kan analysere kulturvitskaplege data, kjelder og litteratur og trekkje eigne konklusjonar basert på dette materialet.
Generell kompetanse:
Bachelorprogrammet i kulturvitskap gjer studenten skikka til å formidle kulturvitskapleg kunnskap og innsikt både munnleg og skriftleg. Dei skriftlege arbeida gjev kompetanse til å argumentere akademisk og vitskapleg. Studenten har kompetanse til å setje seg inn i nye problemfelt og til å sjå og analysere saker frå fleire sider.
Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i kulturvitskap inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet). Førstesemesterstudiet er sett saman av:
- Examen philosophicum
- Akademisk skriving
- Tekst og kultur
eller Språk og kommunikasjon
Tekst og kultur er tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Spesialiseringa i kulturvitskap må innehalde 90 studiepoeng med emne i kulturvitskap. Obligatoriske emne: KUVI101 og eit emne på 200-nivå med bacheloroppgåve. Valemne: Fire emne i kulturvitskap på anten 100- eller 200-nivå.
Tilrådde valemne
Bachelorprogrammet i kulturvitskap har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølje for emne i studiet
Studiet startar med innføringsemne i første semester (haust).
Emna i kulturvitskap vert tilbydd slik:
Haust:
KUVI102: Tradisjon og modernitet - fortida i nåtida
KUVI103: Etniske relasjonar og konfliktar
KUVI104: Folkeleg kultur og populærkultur
KUVI107: Hekseprosessane og den magiske verda
KUVI204: Folketru og nyreligiøsitet
Vår:
KUVI101: Kulturvitskaplege perspektiv og metodar
KUVI105: Materialitet og samfunn
KUVI106: Kjønn, seksualitet, kultur
HEMB111: Historiske og kulturelle perspektiv på helse
KUVI202: Kulturfagleg formidling
KUVI203: Museologi
Bacheloroppgåve i kulturvitskap:
Haust:
KUVI253 Etniske relasjonar og konfliktar, bacheloroppgåve
KUVI254 Folketru og nyreligiøsitet, bacheloroppgåve
KUVI257 Hekseprosessane og den magiske verda, bacheloroppgåve
KUVI259 Folkeleg kultur og populærkultur, bacheloropgåve
Vår:
KUVI255 Materialitet og samfunn, bacheloroppgåve
KUVI256 Kjønn, seksualitet, kultur, bacheloroppgåve
KUVI258 Museologi, bacheloroppgåve
HEMB250 Historiske og kulturelle perspektiv på helse, bacheloroppgåve
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
Det vert tilrådd at studentane har avlagt eksamen i emna på 100-nivå før dei skriv bacheloroppgåva i kulturvitskap. Vidare rår ein til at bacheloroppgåva vert skriven i 5. eller 6. semester.
Delstudium i utlandet
Instituttet oppmodar til, og vil leggje til rette for, at studentane tar delar av bachelorutdanninga som utvekslingsstudent i eit anna land. Studentane kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Undervisningsmetodar
Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Kompetanse for vidare studium
Ein bachelorgrad i kulturvitskap gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i kulturvitskap.
Yrkesvegar
Bachelorgraden i kulturvitskap gir allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkesmessige samanhengar. Graden opnar for arbeid i kultursektoren, arkiv, bibliotek, museum, medieverksemder og offentleg administrasjon og internasjonalt arbeid.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.
Administrativ ansvarleg
studierettleiar@ahkr.uib.no
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i kulturvitskap.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar
Antall studieplasser
25
Overgangsordninger
Du kan byte studieprogram både haust og vår. På våre nettsider får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.
Meir informasjon
Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no55 58 93 70
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar:
Studenten vil ha god oversikt over sentrale tema knytt til fortid og nåtid innanfor kulturfaget. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild innsikt i nokre sentrale kulturvitskaplege tema. Studenten vil også få ei grundig innføring i viktige metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar i faget.
Ferdigheiter:
Studenten har ferdigheiter i å drøfte kulturvitskaplege problemstillingar og kan kritisk vurdere kulturvitskapelige framstillingar og analysar. Studenten kan analysere kulturvitskaplege data, kjelder og litteratur og trekkje eigne konklusjonar basert på dette materialet.
Generell kompetanse:
Bachelorprogrammet i kulturvitskap gjer studenten skikka til å formidle kulturvitskapleg kunnskap og innsikt både munnleg og skriftleg. Dei skriftlege arbeida gjev kompetanse til å argumentere akademisk og vitskapleg. Studenten har kompetanse til å setje seg inn i nye problemfelt og til å sjå og analysere saker frå fleire sider.
Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i kulturvitskap. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Tabellen er eit eksempel på korleis du kan legge opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet - blant anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan.
Semester og emne:
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering i kulturvitskap
3. semester Spesialisering i kulturvitskap
4. semester Spesialisering i kulturvitskap
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfrie emne
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne: -EXPHIL Examen philosophicum - EXPHIL-HFSEM (seminarvariant) eller EXPHIL-HFEKS (eksamensvariant) EXFAC00AS Akademisk skriving EXFAC00TK Tekst og kultur (tilrådd) - EXFAC00TKSEM (seminarvariant) eller EXFAC00TKEKS(eksamenvariant) eller EXFAC00SK Språk og kommunikasjon Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i kulturvitenskap (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Spesialiseringa i kulturvitskap må innehalde 90 studiepoeng med emne i kulturvitskap. Obligatoriske emne: KUVI101 og eit emne på 200-nivå med bacheloroppgåve. Valemne: Fire emne i kulturvitskap på anten 100- eller 200-nivå. KUVI102, KUVI103, KUVI104, KUVI105, KUVI106, KUVI107, KUVI202, KUVI203 og KUVI204 er valfrie emne i spesialiseringa. IDH101og KUMA152 er godkjende som alternativ til dei valfrie KUVI-emna på 100-nivå. Emna KUVI253-KUVI259 og HEMB250 er bacheloroppgåve | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| HEMB250 | Historiske og kulturelle perspektiv på helse (bacheloroppgåve) | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI251 | Kulturpolitikk og lokal kulturaktivitet, bacheloroppgåve | - | 1-6 | |||||||||
| KUVI253 | Etniske relasjonar og konfliktar - bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI255 | Materialitet og samfunn - bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI256 | Kjønn, seksualitet, kultur - bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI257 | Hekseprosessene og den magiske verda, bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI258 | Museologi, bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI259 | Folkeleg kultur og populærkultur, bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI254 | Folketru og nyreligiøsitet, bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KUVI101 | Kulturvitskaplege perspektiv og metodar | 15 | 6 | |||||||||
| KUVI101-A | Kvalitative metodar og forskingsetikk | - | 6 | |||||||||
| KUVI102 | Kulturvitenskap - Tradisjon og modernitet: fortida i nåtida | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI103 | Etniske relasjonar og konfliktar | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI104 | Folkeleg kultur og populærkultur | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI107 | Hekseprosessene og den magiske verda | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI105 | Materialitet og samfunn | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI106 | Kjønn, seksualitet, kultur | 15 | 1-6 | |||||||||
| HEMB111 | Historiske og kulturelle perspektiv på helse | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI202 | Kulturfagleg formidling | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI203 | Museologi | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI204 | Folketru og nyreligiøsitet | 15 | 1-6 | |||||||||
| KUVI205 | Kulturpolitikk og lokal kulturaktivitet | - | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||