Bachelorprogram i religionsvitskap
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Kva er religion? Kva er likt og kva er ulikt i dei mange religionane menneska har trudd på gjennom tidene? Korleis kan det ha seg at religion kan gi meining, samhald og ei kjensle av fridom, men samstundes skape angst, strid og undertrykking?
Religionsvitskapen gir kunnskap om det religiøse mangfaldet og korleis religionane verkar inn på resten av samfunnet. I dette faget får ein omfattande kjennskap til dei viktigaste religionane i dag og opp gjennom historia. I tillegg blir ein kjend med analytiske forsøk på å forstå korleis religionen er bygd opp, korleis religion blir avgrensa i forhold til andre aspekt ved kulturen, og korleis religion fungerer i samspel med andre sosiale system.
Religionsvitskap er eit historisk fag som utforskar dei lange linene i religionane, men det er også eit jamførande og krysskulturelt fag. Fagstudiet gir innsyn i ei rekkje vitskaplege teoriar og metodar henta frå samfunnsfag og psykologi så vel som frå fleire humanistiske fagfelt.
Visste du at ...
I Iran har dei fleste muslimar eit bilde av profeten Muhammed hengande på veggen. Då striden om Muhammad-karikaturane herja som verst, høyrde ein stadig ordet "bildeforbod". Men det finst ikkje noko klart bildeforbod i Koranen. Det handlar om korleis ein tolkar heilage tekster.
Studievegar
Bachelor
Det treårige studiet i religionsvitskap inneheld både oversyns- og fordjupingsemne.
Master
Bachelorprogrammet kvalifiserer til opptak til masterprogrammet i religionsvitskap.
Praktisk-pedagogisk utdanning
Dersom du kombinerer religionsvitskap med eit årsstudium i eit anna skolefag, kan du ta eittårig praktiskpedagogisk påbygging.
Forsking
Religionsvitskap ved UiB representerer internasjonal spisskompetanse på ei rekkje forskingsfelt. Tema som
blir forska på er mellom anna religionar i antikken, buddhisme, gnostisisme, hinduisme, islam, kristendom,
nyreligiøsitet, samisk religion, sikhisme, zoroastrisme, systematisk religionsforsking, og religion sett i
samanheng med ulike tema som sex, kjønn, menneskerettar og populærkultur.
Sjå også desse studia
Historie, latin, gresk, kulturvitskap, sosialantropologi.
Utveksling
Du kan integrere eit studieopphald i utlandet i bachelorgraden din i religionsvitskap, enten ved å ta religionsrelaterte emne, eller ved å ta andre fag som frie studiepoeng i graden din. Religionsvitskap har ulike samarbeidsavtaler med andre universitet. Anbefalte samarbeidsuniversitet som kan nemnast er Aarhus Universitet, Syddansk Universitet Odense, Universität Bremen og Uppsala Universitet.
Yrkesvegar
Personar med bachelorgrad i religionsvitskap arbeider i mange ulike yrke, mellom anna i offentleg forvaltning, utanriksteneste, bistand, innvandringsrelatert arbeid, media, reiseliv, organisasjonsliv, politikk og museum. Mange arbeider som lærarar i ungdomsskolen, i den vidaregåande skolen eller i andre utdanningsinstitusjonar. Andre har gått vidare med forsking.
Undervisningsspråk
Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Studieprogrammet gir kunnskap om religion som eit globalt fenomen. Målet med studiet er å kunne forstå og analysere religion som meiningsberande og identitetsdannande system. Innhaldsmessig fokuserer studiet på religiøst mangfald fortid og notid. Det gir kunnskap om religion i sine mange utformingar, som varierer med tid og stad, men også inneheld fellestrekk. Tilnærminga er samanliknande og religiøst sett nøytral. Studenten vert kjend med ulike metodar og teoriar som vert tatt i bruk i aktuell religionsforsking. Studiet set søkelys på religion som ein dynamisk kraft i samspel med blant anna etikk, kjønn, økonomi, politikk, populærkultur og migrasjon.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
- Kunnskap om eldre og nyare religionar og deira roller i samfunn og kultur i historie og notid
- Kunnskap om sentrale vitskaplege forskingsperspektiv på religion og ulike forståingar av religion
- Innsikt i sentrale religionsvitskaplege omgrep og teoriar
Ferdigheiter
- Kritisk drøfte religionsvitskaplege problemstillingar
- Kritisk analysere religionshistoriske kjelder
- Sjå samanheng mellom teori og data frå ulike kontekstar
- Sjølvstendig teoretisk tenking
Generell kompetanse
- Forstå menneskeleg åtferd i sine kulturelle og religiøse kontekstar.
- Handsame store informasjonsmengder
- Argumentere munnleg og skriftleg med utgangspunkt i dokumentasjon og vitskapeleg forsking
- Utvikle perspektiv på religion og samfunn som ikkje tar det eurosentriske verdssynet for gitt
Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i religionsvitskap inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) Førstesemesterstudiet er sett saman av:
- Examen philosophicum
- Akademisk skriving
- Tekst og kultur
eller Språk og kommunikasjon
Tekst og kultur er tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Det vert kravd til saman minst 90 studiepoeng (= 6 emne) i religionsvitskap. RELV101, RELV102 og RELV103 er obligatoriske emne, saman med RELVI250 (bacheloroppgåve). RELVI250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet. Eit av spesialiseringsemna i religionsvitskap på 200-nivå (RELV202, RELV202SEM, RELV207, RELV208, RELV212, RELV221, RELV222, RELV223, RELV224, RELV225, RELV226, RELV227, RELV228 eller RELV229) er ein obligatorisk del av spesialiseringa i religionsvitskap, men kan etter søknad til instituttet skiftast ut med eit anna fagleg relevant 15-studiepoengsemne frå eit anna fag.
Tilrådde valemne
Bachelorprogrammet i religionsvitskap har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølje for emne i studiet
Studiet startar med innføringsemne i første semester (haust).
Fagemna vert tilbydd slik:
Vår:
RELV101 Innføring i religionsvitskap*
RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion
RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±
RELV212 Religion, evolusjon og kognisjon
RELV221 Nyreligiøsitet
RELV224 Hinduisme
RELV227 Religion og menneskerettar
RELVI250 Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap*
Haust:
RELV102 Jødedom, kristendom, islam*
RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar*
RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±
RELV208 Sami religion (tilbys ikke høsten 2013)
RELV222 Religionar i antikken
RELV223 Buddhisme og jainisme (frå hausten 2011)
RELV225 Islam
RELV226 Norsk kristendom
RELV228 Religion and politics I (tilbys ikke høsten 2013)
RELV229 Religion and politics II (tilbys ikke fra høsten 2012)
* = obligatorisk emne
+ = emnet vert undervist i India
± = Det vert tilbydd fleire fordjupingsemne under RELV202/202SEM; sjå UiB og AHKR sine nettsider for oppdatert oversikt .
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
RELV101 bør tas i det første semesteret med religionsstudium. RELVI250 legg til grunn at studenten har tatt minst 45 studiepoeng (= 3 emne) i religionsvitskap.
Delstudium i utlandet
Instituttet oppmodar til, og vil leggje til rette for, at studentane tar delar av bachelorutdanninga som utvekslingsstudent i eit anna land. Studentane kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Det vert tilrådd at studentane legg eit utvekslingsopphald til 3., 4. eller 5. semester.
Undervisningsmetodar
Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.
Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
- A-F der F er stryk
- greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Kompetanse for vidare studium
Ein bachelorgrad i religionsvitskap gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i religionsvitskap.
Yrkesvegar
Personar med bachelorgrad i religionsvitskap arbeider i mange ulike yrke, mellom anna i offentleg forvalting, i innvandringsrelatert arbeid, i bistand og nødhjelp, i sakshandsaming, på museum, i reiseliv, i media, i organisasjonsliv, utanriksteneste og humanitært arbeid. Mange arbeider som lærar i ungdomsskolen, i den vidaregåande skolen eller i andre utdanningsinstitusjonar.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.
Administrativ ansvarleg
studierettleiar@ahkr.uib.no
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i religionsvitskap.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
30
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
- Kunnskap om eldre og nyare religionar og deira roller i samfunn og kultur i historie og notid
- Kunnskap om sentrale vitskaplege forskingsperspektiv på religion og ulike forståingar av religion
- Innsikt i sentrale religionsvitskaplege omgrep og teoriar
Ferdigheiter
- Kritisk drøfte religionsvitskaplege problemstillingar
- Kritisk analysere religionshistoriske kjelder
- Sjå samanheng mellom teori og data frå ulike kontekstar
- Sjølvstendig teoretisk tenking
Generell kompetanse
- Forstå menneskeleg åtferd i sine kulturelle og religiøse kontekstar.
- Handsame store informasjonsmengder
- Argumentere munnleg og skriftleg med utgangspunkt i dokumentasjon og vitskapeleg forsking
- Utvikle perspektiv på religion og samfunn som ikkje tar det eurosentriske verdssynet for gitt
Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i religionsvitskap. Du kan velje alle, eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet ¿ blant anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit eller to semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan.
Semester og emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering i religionsvitskap
3. semester Spesialisering i religionsvitskap
4. semester Spesialisering i religionsvitskap
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfrie emne
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne: -EXPHIL Examen philosophicum - EXPHIL-HFSEM (seminarvariant) eller EXPHIL-HFEKS (eksamensvariant) EXFAC00AS Akademisk skriving EXFAC00TK Tekst og kultur (tilrådd) - EXFAC00TKSEM (seminarvariant) eller EXFAC00TKEKS(eksamenvariant) eller EXFAC00SK Språk og kommunikasjon Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i religionsvitenskap (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Gjeldende krav til spesialisering (fra og med våren 2011): Det vert kravd til saman minst 90 studiepoeng (= 6 emne) i religionsvitskap. RELV101, RELV102 og RELV103 er obligatoriske emne, saman med RELVI250 (bacheloroppgåve). RELVI250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet. Eit av spesialiseringsemna i religionvitskap på 200-nivå (RELV202, RELV202SEM, RELV208, RELV212, RELV221, RELV222, RELV223, RELV224, RELV225, RELV226, RELV227, RELV228 eller RELV229) er ein obligatorisk del av spesialiseringa i religionsvitskap, men kan etter søknad til instituttet skiftast ut med eit anna fagleg relevant 15-studiepoengsemne frå eit anna fag. (Gjeldende til og med høsten 2010 :RELV101, RELV102 og RELV103 er obligatoriske emne, saman med RELVI250 (bacheloroppgåve). De resterende 3 emna/45 stp kan velgjas mellom dei andre religionsemna på 100- og 200-nivå.) | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| RELV101 | Innføring i religionsvitskap | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV102 | Kristendommen, jødedommen og islam | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV103 | Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV105 | Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV202 | Spesialiseringsemne | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV202SEM | Spesialiseringsemne med semesteroppgåve | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV207 | Religion, pluralitet og lokalitet i India | - | 1-6 | |||||||||
| RELV208 | Samisk religion | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV212 | Religion, evolusjon og kognisjon | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV213 | Religion og vitskap | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV221 | Nyreligiøsitet | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV222 | Religionar i antikken | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV223 | Buddhisme og jainisme | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV224 | Hinduisme | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV225 | Islam | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV226 | Norsk kristendom | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV227 | Religion og menneskerettar | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV228 | Religion and Politics I | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELV229 | Religion and Politics II | 15 | 1-6 | |||||||||
| RELVI250 | Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||