Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i human ernæring

ingressbilde

Introduksjon

Mat og drikke har mykje å seie for livskvaliteten til eit menneske, og kan vere årsaka til sjukdom og dårleg helse. Nokre av dei vanlege folkesjukdommane er forårsaka av det vi puttar i oss. Kan politisk organisering og regulering endre matvanane våre?

Ernæring er eit høgaktuelt fagområde i eit samfunn som blir stadig meir prega av overforbruk på den eine sida, og svolt og mangel på den andre. Vel du ernæringsstudiet betyr det at du kan bli ein viktig medspelar i arbeidet for å betre helsetilstanden i befolkninga. Du lærer mellom anna om samanhengane mellom kosthald, helse og sjukdom.

Hjarte- og karsjukdommar, diabetes og overvekt er helseproblem som har med kosthald å gjere. Både i behandling og førebygging av desse sjukdommane er ernæring og riktig kosthald viktig.

Studiet gir deg ei brei utdanning innan ernæringa til friske og sjuke, i både i- og u-land. Du vil lære om innhaldet i mat og drikke, og du får innblikk i ernæring i ulike fasar av livet og for grupper med særskilde behov.

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet kombinerer emne frå medisin, kjemi, psykologi og samfunnsvitskap.

Master

Etter å ha fullført bachelorprogrammet er du kvalifisert for opptak til masterprogram i klinisk ernæring.

Forsking

Ernæringsforskarar ser mellom anna på samanhengen mellom overvekt og diabetes II og omega 3 og hjarte-/karsjukdom. Forskingsmiljøa presenter aktuelle forskingsresultat for studentane gjennom heile bachelorstudiet.

Visste du at ...

Med ein bachelor i human ernæring kan du drive førebyggjande ernæringsarbeid i kommune og fylkeskommune, både i primærhelsetenesta og i forvaltninga.

Oppbygging

Studiet er bygd opp som ein kombinasjon av teori, laboratorieundervisning og seminar. Du følgjer undervisning saman med andre helsefagstudentar dei tre første semestra.


Det tredje semesteret tek for seg kroppens oppbygging og funksjon med undervisning i anatomi, fysiologi og næringsstoff. Det fjerde semesteret tek for seg analysemetoder i ernæring, korleis kosthaldet verkar inn på åtferd og mental og somatisk helse, og kunnskap om råvarer og deira opphav, eigenskapar og bruk. I det femte semesteret får du ei innføring i politisk styring og organisering. Emnet livsstil og livsløp gir innblikk i ernæring i ulike fasar av livet, for grupper med særlege behov og i samanheng med livsstilsrelaterte sjukdommar.I det sjette og siste semesteret vil forskingsmetodar i ernæring gi deg innblikk i metodar for klinisk og eksperimentell forsking,eventuelle toksiske effektar av tilsetjingsstoff, også følgjer to veker hospitering i helseføretak.

Utveksling

Universitetet i Bergen vil leggje til rette for utvekslingsopphald i andre land under bachelorstudiet.

Yrkesvegar

Med ein bachelorgrad i human ernæring har du eit godt grunnlag for å gå vidare på ernæringsstudium. Om du held fram på masterstudiet i klinisk ernæring vil du mellom anna kunne søkje autorisasjon for jobbar innan helsevesenet. Kliniske ernæringsfysiologar arbeider på sjukehus, i primærhelsetenesta, med førebyggande helsearbeid, forsking og utdanning eller i privat sektor.


Bachelorprogrammet i ernæring legg vekt på å gi eit tverrfagleg fundament. Tverrfagleg utdanning gir godt grunnlag for å utvikle den kompetansen som dei einskilde verksemdene treng. Eksempel på dette er private bedrifter, opplysingskontor og idrettssenter som driv innan livsstils- og kosthaldsrelatert formidling. Dersom du siktar deg inn mot ei forskarkarriere, er det nyttig med tverrfaglig bakgrunn.


Om du vel masterstudium innan human eller akvatisk ernæring, er det mange yrkesvegar som er opne innan forsking, analyse, produktutvikling og prosessering i marin produksjon og i næringsmiddelindustrien.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april. For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og tilbachelorprogrammet i ernæring.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 eller Matematikk S1+S2 + Fysikk 1 + Kjemi 1+2

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær kvote: 61,3Førstegangsvitnemålskvote: 51,8

 

Antall studieplasser

34 studieplasser.

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

info@mofa.uib.no
55 58 64 00

Læringsutbyte/resultat

Bachelorprogram i human ernæring kvalifiserer for en yrkeskarriere innen ernæringsfeltet, i tillegg til videre masterstudie i human og klinisk ernæring, internasjonal helse og andre masterprogrammer innen ernæringsrelaterte fag. Etter endt utdanning skal studenten kunne:

  • Vise både teoretisk og metodisk innsikt i fag som menneskelig fysiologi, biokjemi og metoder som brukes i biomedisinsk og ernæringsmessig forskning.
  • Greie ut på en vitenskapelig måte om ernæring, inkludert ernæringsfysiologi av makro- og mikronæringsstoffer og energiomsetning, matvarekunnskap, kostholdsanalyse, kostanbefalinger og retningslinjer for matinntak.
  • Vurdere vitenskapelig informasjon og tilegne seg ny kunnskap innenfor ernæringsfeltet. Studenten skal også kunne arbeide i team og utforme og presentere data skriftlig og muntlig overfor ulike målgrupper.

Læringsutbyte/resultat

Bachelorprogram i human ernæring kvalifiserer for en yrkeskarriere innen ernæringsfeltet, i tillegg til videre masterstudie i human og klinisk ernæring, internasjonal helse og andre masterprogrammer innen ernæringsrelaterte fag. Etter endt utdanning skal studenten kunne:

  • Vise både teoretisk og metodisk innsikt i fag som menneskelig fysiologi, biokjemi og metoder som brukes i biomedisinsk og ernæringsmessig forskning.
  • Greie ut på en vitenskapelig måte om ernæring, inkludert ernæringsfysiologi av makro- og mikronæringsstoffer og energiomsetning, matvarekunnskap, kostholdsanalyse, kostanbefalinger og retningslinjer for matinntak.
  • Vurdere vitenskapelig informasjon og tilegne seg ny kunnskap innenfor ernæringsfeltet. Studenten skal også kunne arbeide i team og utforme og presentere data skriftlig og muntlig overfor ulike målgrupper.
BAMD-NUHUM/Bachelorprogram i human ernæring
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Første studieår (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NOM Medisinsk nomenklaturlære 5 1
BIOBAS Biomedisinsk basalblokk 30 1-2 1
MEDSTA Medisinsk statistikk 5 2
NUTR-INF Innføring i klinisk ernæring 5 2
NUTR110 Seminar i ernæring 1 5 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-MOEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1
EXPHIL-MOSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1
Andre studieår (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NUTRANA Menneskets anatomi 5 3
NUTRFYS Menneskets fysiologi 15 3
PSYK140 Åtferd, helse og ernæring 10 4
NUTR120 Analysemetoder i ernæring 5 4
NUTR111 Seminar i ernæring 2 5 4
NUTR207 Hovud- og mikronæringsstoff 10 3
NUTR150 Matvarekunnskap 10 4
Tredje studieår (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NUTR210 Seminar i ernæring 3 5 6
NUTR220 Politisk styring og organisering 10 5
NUTR230 Metodar i ernæringsforsking 10 6
NUTR240 Livsstil og livsløp 15 5
BIO307A Næringsmiddeltoksikologi 5 6
NUTR295 Bacheloroppgåve 10 6
NUTR251 Hospitering 5 5
Tredje studieår- valgemner