Hjem

Utdanning

Bachelor

Bachelorprogram i tannpleie

Introduksjon

Introduksjon

Tennene er noko av det første vi legg merke til når vi møter kvarandre, og alle ønsker å behalde friske tenner heile livet. Med ein bachelorgrad i tannpleie arbeider du med å førebygge sjukdom i tenner hos barn, vaksne og eldre.

Noko av det viktigaste du gjer som tannpleiar, er å sørge for at alle får den kunnskapen dei treng for å ta best mogleg vare på tannhelsa si.

Bachelorgraden i tannpleie er både teoretisk og praktisk retta, og du lærer teori og praksis parallelt gjennom heile studiet. Den teoretiske delen av studiet inneheld for eksempel kjemi, fysiologi, anatomi, pedagogikk og mange odontologiske fag. Kommunikasjon og omsorg for pasientar, rådgjeving og informasjonsarbeid er også viktige fagområde du blir kjent med gjennom studiet.

Livet som tannpleiarstudent er interessant, utfordrande og travelt med mykje obligatorisk undervisning. Du samarbeider tett, og blir godt kjent med dei andre studentane. Du blir ein del av eit godt studentmiljø med mykje aktivitet, både fagleg og sosialt.

Du har også tilgang til eit nytt og høgteknologisk odontologibygg, der du møter den nyaste teknologien innanfor tannhelse både i ferdigheitssenteret og i universitetstannklinikken.

I den praktiske delen av studiet behandlar du pasientar både i tannklinikken og i den offentlege tannhelsetenesta, etter å ha trena på modellar i ferdigheitssenteret. Du lærer blant anna å undersøke tenner og tannkjøtt, finne hol i tennene, ta røntgenbilde, fjerne tannstein og du bidrar til å behandle tannkjøttsjukdommar.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Tannpleiarar arbeider både i offentleg og privat sektor. Nokre tannpleiarar arbeider som sjølvstendig næringsdrivande på eigen tannklinikk, andre i privat praksis eller i den offentlege tannhelsetenesta.

Tannpleiarar arbeider også på skolar, helsestasjonar og andre institusjonar. Nokre forskar, underviser eller jobbar med administrasjon. Tannpleiarar samarbeider ofte tett med andre helsearbeidarar.

Arbeidsmoglegheitene for tannpleiarar er gode. Du får eit yrke som er rikt på utfordringar, og du speler ei viktig rolle i tannhelseteamet.

Vidare studium

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i helsefag. Ved UiB kan du for eksempel ta master i helsefremmande arbeid / helsepsykologi (lenke), genetisk rettleiing (lenke) eller global helse (lenke).

Med nokre tillegg i utdanninga kan du søke på masterstudia i biomedisin (lenke) eller human ernæring (lenke).

Forsking

Du kan forske på mange spennande emne innanfor førebyggande tannhelse. UiB har eit eige senter som forskar på helsefremmande arbeid, miljø og livsstil (HEMIL-senteret). Senteret er leiande i Norden på dette fagområdet.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kunnskaper
Kandidaten skal kunne redegjøre for relevante emner innen prekliniske, parakliniske, kliniske og atferdsfaglige disipliner. Han/hun skal spesielt kunne greie ut om sosialt forankret sykdomsforståelse med relevans til orale sykdommer/tilstander.

Ferdigheter
Kandidaten skal kunne kommunisere med pasienter og grupper av pasienter med tanke på atferdsendringer, formidling og ulike kliniske tema (informasjon om behandling) via ulike medier.

Kandidaten skal kunne arbeide klinisk med tanke på diagnostikk, screening, profylakse, hygienefasearbeid, og vedlikeholdsbehandling både på gruppe og individnivå.  

Generell kompetanse
Kandidaten skal kunne sin rolle innen helseteamet (tannklinikker, sykehjem, sykehus etc.) og kunne demonstrere adekvate holdninger og evner med hensyn til etikk, respekt, profesjonalitet, samarbeid og livslang læring. Kandidaten må kunne vurdere kritisk egen virksomhet/praksis.

Oppbygging

Oppbygging

Det første studieåret blir det lagt vekt på å utvikle ein odontologisk yrkesidentitet. Det blir også gitt innføring i grunnleggande medisinske og odontologiske fag som kjemi og biokjemi, anatomi, fysiologi og farmakologi. Noko kjennskap til realfag vil vere ein fordel.

Du lærer om grunnleggande prinsipp og tekniske ferdigheiter som er nødvendige for å kunne undersøke, diagnostisere og legge behandlingsplanar for helsefremmande tiltak og førebyggande tannbehandling hos vaksne pasientar. Alt i 2. semester startar du opp med behandling av pasientar.

I 2. og 3. studieår går ein djupare inn i dei odontologiske faga, og i emne som barnetannpleie og allmennodontologi samarbeidar tannpleiestudentar og odontologistudentar. I 3. studieår skal du hospitere på sjukeheim/aldersheim og ha ein månad praksis i den offentlege tannhelsetenesta. Du skal òg skrive ei bacheloroppgåve, og presentere denne munnleg.

Bachelorprogram i tannpleie (krav 180 SP)
Emne som tek til 1. studieår
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
TPBAKBKKjemi og biokjemi101
TPBAANAAnatomi: Tannanatomi og generell anatomi101–21
TPBAFOR-PROPFerdighetskurs101
TPBAFORI/IIKlinisk innføringskurs del I og II51
TPBAMATMateriallære 01
TPBAFARFarmakologi52–32
TPBARØNRøntgenologi102–32
TPBAFYSFysiologi og ernæringslære52
TPBAPATPatologi generell 52
TPBAMIKRMikrobiologi og hygiene52
TPBAFOBOdontofobi02
TPBAFOR-K1Førebyggjande tannhelsearbeid; vaksentannpleie kull 102
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MOEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101
EXPHIL-MOSEMExamen philosophicum - seminarmodell101
Emne som tek til i 2. studieår
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
TPBAINFILKurs i infiltrasjonsanestesi 53
TPBAKOSKjeve- og slimhinnelidelser103
TPBAPEDPedodonti + godkjent klinikk153–53
TPBAPED/PSYPedagogikk og psykologi153–53
TPBAKAR/ENDKariologi og endodonti 153–43
TPBAPERPeriodonti103–43
TPBAKJEKjeveortopedi53
TPBASAMSamfunnsodontologi54–64
TPBAPRO/GERProtetikk og gerodontologi + godkjent klinikk54–64
TPBAALMAllmennodontologi104–64
Emne som tek til i 3. studieår
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
TPBAPROSJProsjektoppgåve105
TVEPSTverrprofesjonell læring05–65
TPBAFOR-K3Førebyggjande tannhelsearbeid; vaksentannpleie kull 305–65
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Gjennom opphald på utanlandske universitet får du sjansen til å oppleve fagmiljø som fungerer annleis enn her heime. Opphaldet gir kunnskap om andre tenkemåtar som du kan bygge vidare på i yrkeslivet. Utvekslinga er tilpassa den siste delen av profesjonsstudiet der du jobbar relativt sjølvstendig i klinisk teneste.

Les meir om utveksling her:
Informasjon om utveksling


Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO)..

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

COLOURBOX4539350 redigert.jpg

Tannpleie
Tannpleie
Foto:
Colourbox

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Søk her

Søkerkode i Samordna opptak

184743

Kontakt

Meir informasjon

info@med.uib.no

55 58 64 00

(man-fre:12.00 - 14.00)