Bachelorprogram i europastudium
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Opptak
- Studieplan
- Studieløp
Introduksjon
Kvifor er dei europeiske landa så ulike sjølv om dei ligg så nær kvarandre geografisk? Kva var bakgrunnen for danninga av den europeiske unionen? Kva utfordringar møter europeisk økonomi i dag?
Europa består av 44 sjølvstendige statar, har eit samla folketal på om lag 700 millionar, er ein av dei rikaste av verdsdelane, og har ifølgje FN dei landa i verda det er best å bu i. Gjennom studiet vil du lære om historie, politikk, og samfunnstilhøve i Europa. Desse emna blir drøfta frå fleire perspektiv, med hovudvekt på historiske føresetnader, økonomiske prosessar og politiske institusjonar i dagens Europa. Kva nye roller og oppgåver har Den europeiske union fått sidan den spede starten i 1958? Kva er felles for utviklinga i medlemslanda som følgje av EU når det gjeld ressursfordeling, endringar i folkesetnaden og økonomi? Dagens europeiske samfunn blir studert i eit historisk og statsvitskapeleg perspektiv, i forhold til stats- og nasjonsbygging, ressursar og økonomi.
Studievegar
Bachelor
I det treårige studiet kan du spesialisere deg innanfor eitt av fagområda historie og samanliknande politikk med vekt på Europa.
Master
Etter bachelorprogrammet er du kvalifisert til å søkje om opptak til eit toårig masterprogram i det faget du har spesialisert deg i.
Forsking
Innanfor dei nemnde fagområda blir det forska på eit breitt spekter av felt som også omfattar europeisk politikk. Dømer er prosjektutviklinga av ein felles europeisk offentleg sfære (Eurosphere) og forsking kring eksistensen av ein felles europeisk karakteristikk i økonomien.
Visste du at ...
Ein tidligare norsk statsminister er leiar av Europarådet, til tross for at Noreg ikkje er medlem av EU?
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva
for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Andre studievegar
Sjå også desse studia
Historie, samanliknande politikk
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, 30 studiepoeng med fellesemne og 90 studiepoeng med spesialisering i eitt av faga historie eller samanliknande politikk. Du kan velje alle eller delar av dei siste 30 studiepoenga frå andre fag. I tabellen kan du sjå eit døme på korleis studiet kan leggjast opp. Du finn den detaljerte studieplanen for programmet på uib.no/utdanning. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å leggje opp eit studieløp.
Utveksling
Bachelorprogrammet i europastudium har ein avtale om delstudium i utlandet med Det jagellonske universitet i Krakow, Polen. Her kan studentane velje mellom ei rekkje ulike kurs med Europa som tematikk. Undervisninga blir gitt på engelsk. Elles har UiB mange utvekslingsavtaler i Europa, og opphald ved eit europeisk universitet blir tilrådd. Dette kan gjerast i valsemesteret eller som ein del av spesialiseringa. Val av studium bør gjerast i samråd med studierettleiaren.
Yrkesvegar
Bachelorprogrammet i europastudium gir gode allmennkunnskapar og trening i å handtere store mengder informasjon, samt problematisere og analysere saker frå fleire sider. Arbeidsutsiktene kan variere etter kva spesialisering du vel, men kan omfatte internasjonale organisasjonar, offentleg sektor, næringsliv, massemedia, arbeid med språk og undervisning. Påbygging med mastergrad i faget du spesialiserer deg i, kan leie til forsking og undervisning på høgare nivå.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet
i europastudium.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 44,4
Førstegangsvitnemål: 42,6
Antall studieplasser
30 studieplassar (talet kan bli justert)
Omfang
180 studiepoeng
Studiestart
Haust. Studieplanen gjeld for studentar tatt opp på programmet frå og med hausten 2011.
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i europastudiar gir kunnskap om historie, politikk og samfunnsforhold i Europa. Temaet vert drøfta frå fleire perspektiv med hovudvekt på historiske føresetnader, økonomiske prosessar og politiske institusjonar i Europa i dag. Gjennom studiet får studentane fordjupe seg i dei politiske prosessane som har prega europeisk politikk, føresetnadene for europeisk integrasjon og den institusjonelle utviklinga i EU sidan 1945.
Læringsutbyte/resultat
Bachelorprogrammet
Gjennom dei ulike innførings- og spesialiseringsemna i bachelorprogrammet skal studenten ha skaffa seg eit grundig oversyn over europastudiar innanfor statsvitskap og historie. Med hovudvekt på politiske forhold i Europa skal studenten ha tileigna seg grunnleggjande kunnskapar om den politiske utviklinga i Europa, føresetnadene for europeisk integrasjon og den institusjonelle utviklinga i EU. Studenten har skaffa seg kunnskap om utviklinga når det gjeld ressursar, demografi og økonomi og korleis institusjonar, system og prosessar har påverka europeisk historie sidan 1945. Vidare skal studenten kjenne til sentrale teoriar og debattar om denne utviklinga. Studiet gjer også kjennskap til teoriar om europeisk integrasjon og utviklinga av EU frå eit intergovernmentalt økonomisk fellesskap, til ein supranasjonal og konstitusjonelt strukturert politisk union. Ved fullført studium skal studentane kunne forstå og kritisk analysere europeisk politikk, innanfor EU så vel som utanfor.
Spesialisering i samanliknande politikk
Studenten har gjennom spesialisering i samanliknande politikk kjennskap til drivkreftene i stats- og nasjonsbyggingsprosessane og kva slags stadium stats- og nasjonsbyggingsprosessane har gått gjennom i Europa. Studenten skal ha utvikla kunnskap om vilkåra for demokratiske styreformer, faktorar som avgjorde tempoet i demokratiutviklinga og kvifor dei demokratiske systema vart ulikt utforma. Ved fullført studium med spesialisering i samanliknande politikk har studenten opparbeidd kjennskap til ulike statsvitskaplege analysemåtar, og fått øving i bruk av statistiske og kvalitative metodar.
Spesialisering i historie
Gjennom spesialisering i historie vil studenten ha god oversikt over europeisk historie, både eldre og nyare. Studenten tilegner seg grunnleggjande kunnskapar om sentrale hendingar, institusjonar, system og prosessar innanfor økonomisk, sosial og politisk historie. Kunnskapane omfattar norsk, europeisk og global referanseramme. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild god innsikt i nokre sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar. Ved fullført studium med spesialisering i historie har studentane god kunnskap om sentrale kjelde- og metodespørsmål i faget.
Ferdigheiter og generell kompetanse
Studenten skal gjennom bachelorstudiet ha utvikla evne til kritisk refleksjon omkring sentrale faglege problemstillingar og respekt for vitskaplege verdiar som presisjon og etterprøving. Studenten har gjennom studiet utvikla analytiske evner som gjer han/ho i stand til å tileigne seg kunnskapar ut over det lærestoffet som inngår i studiet.
Studenten er øvd i å kritisk vurdere statsvitskaplege og historiske problemstillingar. Studenten har ferdigheiter i å analysere faglitteratur, formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar.
I arbeidet med bacheloroppgåva har studenten oppøvd evna til å formulere presise og relevante problemstillingar og til å gjennomføre analyser og utgreiingar av desse.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.
Kjennskap til fransk, tysk eller andre europeiske språk er ein føremon, mellom anna ved utveksling.
Innføringsemne
Ex.phil, SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar og EUR101 Innføring i europeisk historie og politikk.
Rekkefølje for emne i studiet
Ein kan velje mellom spesialisering i samanliknande politikk eller historie.
I første semesteret tek alle studentane i programmet ex.phil, SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar og EUR101 Innføring i europeisk historie og politikk. I andre semesteret tek studentane i programmet EUR103 Europa etter 1945: ressursar, demografi, økonomi og SAMPOL215 EU Institutions and Politics. Emna i første og andre semester er obligatoriske i programmet. Frå og med tredje semesteret vel studentane spesialisering i anten samanliknande politikk eller historie.
Oppbygging av studiet:
Felles studium 1. og 2. semester
1. semester, haust: EX.PHIL, SV100 og EUR101
2. semester, vår: EUR103 og SAMPOL215
Spesialisering samanliknande politikk 3.-6. semester
3. semester, haust: MET102 og SAMPOL115
4. semester, vår: SAMPOL110
5. semester, haust: Utveksling (evt. 30 frie studiepoeng)
6. semester, vår: SAMPOL250 og 15 frie studiepoeng
Spesialisering i historie 3.-6. semester
3. semester, haust: HIS101 og HIS113/HIS114
4. semester, vår: HIS102 og HIS115/HIS116
5. semester, haust: Utveksling (evt. 30 frie studiepoeng)
6. semester, vår: HIS250 og 15 frie studiepoeng
Delstudium i utlandet
Studiar ved lærestadar i utlandet kan inngå i programmet. Europastudiar har inngått ein utvekslingsavtale med Jagiellonian University i Krakow spesielt retta mot Europastudentar. Ein kan også reise andre stader der UiB har utvekslingsavtaler.
Undervisningsmetodar
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Nokre av emna har obligatoriske aktivitetar som må gjennomførast for å fullføre emnet og/eller framstille seg til vurdering. Desse krava går fram av emneskildringane.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen og semesteroppgåve.
Kompetanse for vidare studium
I det treårige bachelorprogrammet studerer du samanliknande politikk og historie. Du spesialiserer deg, med vekt på Europa, anten innanfor samanliknande politikk eller historie.
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i anten samanliknande politikk eller historie, avhengig av spesialiseringa du har valt i bachelorgraden.
I spesialiseringa i samanliknande politikk, og opptaksgrunnlaget for master i samanliknande politikk, inngår emna SAMPOL215, MET102, SAMPOL115, SAMPOL110og SAMPOL250.
I spesialiseringa i historie, og opptaksgrunnlaget for master i historie, inngår emna EUR103, HIS101, HIS102, HIS250, eitt av emna HIS113/HIS114 og eitt av emna HIS115/HIS116.
Yrkesvegar
Programmet vil kvalifisere til ulike yrke der kunnskap om Europa er etterspurt. Yrkesmuligheitene vil variere ut frå kva fordjupingar og emnekombinasjonar studentane vel, men vil kunne omfatte massemedia, næringsliv, offentlege organ, internasjonale organisasjonar og undervisning.
Administrativ ansvarleg
Institutt for samanliknande politikk.
E-post: studieveileder@isp.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 år | - | - | ||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EUR101 | Innføring i europeisk historie og politikk | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-SVSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-SVEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SV100 | Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| AORG100 | Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| ECON100 | Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| GLOB101 | Examen facultatum - Global utvikling | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| INFO100 | Examen facultatum - Grunnkurs i informasjonsvitskap | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MEVI100 | Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| POLØK100 | Examen facultatum - Innføring i politisk økonomi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SAMPOL100 | Examen facultatum - Innføring i samanliknande politikk | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SANT100 | Examen facultatum - Invitasjon til sosialantropologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SOS100 | Examen facultatum - Invitasjon til sosiologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Programemne (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EUR103 | Europa etter 1945: Ressursar, demografi, økonomi | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SAMPOL215 | EU Institutions and Politics | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| Spesialisering (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Spesialisering i samanliknande politikk (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MET102 | Samfunnsvitskapleg metode | 15 | 3-6 | 3 | ||||||||
| SAMPOL115 | Demokrati og demokratisering | 15 | 3-6 | 3 | ||||||||
| SAMPOL110 | Stats- og nasjonsbygging - institusjonar og aktørar | 30 | 3-6 | 4 | ||||||||
| SAMPOL250 | Bacheloroppgåve i samanliknande politikk | 15 | 3-6 | 6 | ||||||||
| Spesialisering i historie (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| HIS101 | Oversyn over eldre historie | 15 | 3-6 | 3 | ||||||||
| HIS102 | Oversyn over nyare historie | 15 | 3-6 | 4 | ||||||||
| HIS250 | Bacheloroppgåve i historie | 15 | 3-6 | 6 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| HIS113 | Fordjuping i eldre historie | 15 | 3-6 | 3 | ||||||||
| HIS114 | Fordjuping i eldre historie til 1750 | 15 | 3-6 | 3 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| HIS115 | Fordjuping i nyare historie | 15 | 3-6 | 4 | ||||||||
| HIS116 | Fordjuping i nyare historie fra 1750 | 15 | 3-6 | 4 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 45 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt blant emne som til saman utgjer 45 studiepoeng | ||||||||||||
| Permisjon for bachelorstudentar | ||||||||||||