Bachelorprogram i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Kva må til for å utvikle ei funksjonell nettside som tilfredsstiller brukarane sine behov? Kan du tenke deg å programmere eit nytt dataspel? Kva vil ei datamaskin aldri kunne gjere?
Ein kan forstå informasjonsteknologi som eit møte mellom analytisk tankegang og skapande evne, der bruk av datamaskina sin strenge logikk i modellering av forskjellige område og løysing av problem berre blir avgrensa av eigen kunnskap og kreativitet.
Studiet i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) kombinerer tekniske informatikkfag med samfunnsvitskapleg informasjonsvitskap, og gir på denne måten dobbel kompetanse. Du får ei moderne, tverrfagleg utdanning som er spesielt tilpassa behova til næringsliv og forvalting. Dette omfattar alt frå brukar- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av programsystem.
Som student får du erfaring med moderne systemutviklingsmetodar og programmeringsverktøy gjennom praktiske øvings- og prosjektoppgåver. Du skal kunne ta i bruk nye metodar, språk og teknologiar innanfor eit område i stadig utvikling.
Visste du at ...
Playstation ikkje berre er ei spelemaskin, men at studentar ved UiB nyttar ho til å løyse programmeringsoppgåver?
Studievegar
Bachelor
I det treårige studiet inngår emne som programmering, informasjonssystem, databasehandsaming, datastrukturar, algoritmar, systemutvikling, funksjonell webdesign og datanett.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informasjonsvitskap eller informatikk.
Forsking
Forsking innan IKT kombinerer både informatikk og informasjonsvitskap, og handlar for eksempel om interaksjon mellom menneske og maskin, teoriar om programvareutvikling, programmering, visualisering og forbetring av informasjonssystem. Ved UiB finst det blant anna eit eige laboratorium for forsking på kunstig intelligens.
Sjå også desse studia
Informasjonsvitskap, datavitskap, datateknologi, kognitiv vitskap, nye medier, informatikk-matematikk-økonomi, digital kultur, språkvitskap (med spesialisering i datalingvistikk).
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. På bachelorprogrammet i IKT vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet vert anbefalt i det femte og/eller sjette semesteret i programmet.
Yrkesvegar
Studiet kvalifiserer for arbeid i IKT-bransjen, for eksempel med utvikling og drift i IKT-avdelingane i private og offentlege verksemder. Aktuelle arbeidsoppgåver er: utvikling; programmering og evaluering av nye informasjonssystem; opplæring og brukarstøtte; vedlikehald av eksisterande system; utvikling av ny teknologi; planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan utnytte IKT. Studiet kan også byggast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning i universitets- og høgskolesektoren.
Graden
Bachelorprogrammet i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) fører fram til graden bachelor i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Studiet er treårig (180 studiepoeng).
Omfang
Bachelorprogrammet i IKT er 3-årig (180 studiepoeng). Graden er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:
- 30 studiepoeng med innføringsemne inkludert Ex.phil.
- 90 studiepoeng med spesialisering i IKT-faglege emne på 100- og 200- nivå, inkludert enkelte valmoglegheiter.
- 60 studiepoeng med valfrie emne.
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Kvar haust
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i IKT kombinerer matematisk-naturvitskaplege informatikkfag med samfunnsvitskaplege IKT-fag og gir ein moderne, tverrfagleg IKT-kompetanse som er spesielt tilpassa behova i næringslivet og forvaltinga. Studiet gir kompetanse i alt frå brukar- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av programsystem. Du vil få erfaring med moderne systemutviklingsmetodar og programmeringsverktøy gjennom praktisk øving og prosjektoppgåver.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med fullført studieprogram skal ha følgjande samla/totale læringsutbytte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse.
Kunnskap:
Etter fullført bachelorgrad i IKT har kandidaten brei teoretisk og teknisk kunnskap om
- virkemåten til datamaskinar og nett
- prinsipp for utforming av program og programsystem
- prinsipp for datahandsaming
- systemutviklingsprosessar
- oppbygning av informasjonssystem
Dugleikar:
Etter fullført bachelorgrad i IKT har kandidaten velutvikla dugleikar i
- programmering
- datahandsaming
- utforming og utvikling av program og informasjonssystem
- praktisk erfaring med data-språk og -verktøy for dette.
Kandidaten kan nytte kunnskapane, og gjere reflekterte val, i utforming og implementering av program og informasjonssystem.
Generell kompetanse:
Kandidaten kan
- analysere ulike problemstillingar knytt til bruken av informasjonsteknologi. Både med omsyn til teknologiske løysningar og m.o.t. den verksemda/organisasjonen som teknologien skal tene.
- bidra til heile prosessen frå brukar- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av informasjonssystem.
- delta i større software-utviklingsprosjekt der ein krev kunnskapar om bruk av moderne metodar og verktøy for systemutvikling, programmering og datahandsaming
Kandidaten har
- grunnlag til å reflektere over tilhøvet mellom teknologien og den konteksten den opptrer i.
- solid grunnlag for å sjølvstendig kunne vidareutvikle og utvide kompetansen sin innan fagfeltet.
- erfaring med vanlege arbeidsformer som gruppe- og prosjektarbeid
- erfaring med framstilling av skriftlege rapportar og dokumentasjon samt munnleg presentasjon.
- ein sterk generell informasjonsteknologisk kompetanse som også vil vere nyttig utanfor IT-bransjen i det breie spekteret av verksemder innan næringsliv og forvaltning som nyttar informasjonsteknologi.
Opptakskrav
For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i IKT krev ein generell studiekompetanse eller oppfylte krav til realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (MATRS).
Innføringsemne
Ex.phil., INFO100 og INF100 er obligatoriske innføringsemne for å oppnå ein bachelorgrad i IKT.
Rekkefølje for emne i studiet
Fag- og emneval
Det første semesteret i bachelorprogrammet tek du 30 studiepoeng med innføringsemne. Du må ta grunnkurs i informasjonsvitskap (INFO100), grunnkurs i programmering (programmering 1) (INF100) og ex.phil. Vidare inneheld programmet 90 studiepoeng med spesialisering i IKT-faglege emne. Studiet består av emne i informasjonsvitskap og informatikk. 60 studiepoeng er valfrie emne. Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet:
- Grunnkurs i programmering (programmering 1)
- Grunnkurs i informasjonsvitskap
- Vidaregåande programmering (programmering 2)
- Algoritmar, datastrukturar og programmering
- Funksjonell webdesign
- Datanett
- Systemutvikling
- Datahåndtering
- Informasjonssystem
- Diskrete strukturar
Du kan velje inntil 60 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre fag eller fleire emne frå informatikk eller informasjonsvitskap. Bachelorprogrammet i IKT kan da sjå slik ut:
1. semester
- INF100: Grunnkurs i programmering (programmering 1) (10 sp)
- INFO100:Grunnkurs i informasjonsvitskap (10 sp)
- Ex.phil. (10 sp)
2. semester
- INF101: Vidaregåande programmering (programmering 2) (10 sp)
- MNF130: Diskrete strukturar (10 sp)
- INFO110: Informasjonssystem (10 sp)
3. semester
- INF102: Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 sp)
- INFO125: Datahandtering (10 sp)
- INFO212: Systemutvikling (10 sp)
4. semester
5. semester
- Valfrie emne eller fordjuping (30 sp)
6. semester
- Valfrie emne eller fordjuping (30 sp)
I fordupinga kan ein velje mellom følgjande emne:
TOD077, MAT111, INF121, MAT121, STAT101, STAT110, INF251, INF143, INF280, INFO115, INFO116, INFO216, INFO207, INFO261, INFO262, INFO221, INFO282. Følgjande 5-poengsemne kan også inngå i dei 10 studiepoenga: INFO232 og INFO103.
Delstudium i utlandet
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. På bachelorprogrammet i IKT vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden.
Undervisningsmetodar
Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, seminarundervisning og undervisning/rettleiing på datalab.
Vurderingsformer
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftleg skuleksamen, munnleg eksamen og karaktersette oppgåver.
Karakterskala
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Kompetanse for vidare studium
Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogram i informasjonsvitskap ved Institutt for informasjons- og medievitskap og til masterprogram ved Institutt for informatikk. Det siste føreset at du tek 20 studiepoeng i matematikk i tillegg til dei obligatoriske faga i bachelorprogrammet.
Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til master i informasjonvitskap og master i informatikk:
INFO100, INF100, INFO110, INF101, MNF130, INFO125, INFO212, INF102, , INF111, INF142, 10 sp fordjuping der studentane vel blant følgjande emne: TOD077, MAT111, INF121, MAT121, STAT101, STAT110, INF251, INF143, INF280, INFO115, INFO116, INFO216, INFO207, INFO261, INFO262, INFO221, INFO282. Eller to av følgende emner: INFO232, INFO103.
Yrkesvegar
Studiet kvalifiserer for arbeid i IKT-bransjen, t.d. med utvikling og drift i IKT-avdelingane i private og offentlege verksemder. Aktuelle arbeidsoppgåver er utvikling, programmering og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, utvikling av ny teknologi samt planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan utnytte IKT. Studiet kan også byggjast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning i universitets- og høgskolesektoren.
Evaluering
Programmet og emna som inngår i det er gjenstand for kontinuerleg evaluering.
Administrativ ansvarleg
studierettleiar@info.uib.no
55589100
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i IKT.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og MATRS: Matematikk R1 eller S1+S2
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 41,2
Førstegangsvitnemål: 37,4
Antall studieplasser
20 (talet på studieplassar kan bli justert)
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning
Meir informasjon
Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50
Institutt for informasjons- og medievitskap
studierettleiar@info.uib.no
55 58 41 17 / 55 58 91 00
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med fullført studieprogram skal ha følgjande samla/totale læringsutbytte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse.
Kunnskap:
Etter fullført bachelorgrad i IKT har kandidaten brei teoretisk og teknisk kunnskap om
- virkemåten til datamaskinar og nett
- prinsipp for utforming av program og programsystem
- prinsipp for datahandsaming
- systemutviklingsprosessar
- oppbygning av informasjonssystem
Dugleikar:
Etter fullført bachelorgrad i IKT har kandidaten velutvikla dugleikar i
- programmering
- datahandsaming
- utforming og utvikling av program og informasjonssystem
- praktisk erfaring med data-språk og -verktøy for dette.
Kandidaten kan nytte kunnskapane, og gjere reflekterte val, i utforming og implementering av program og informasjonssystem.
Generell kompetanse:
Kandidaten kan
- analysere ulike problemstillingar knytt til bruken av informasjonsteknologi. Både med omsyn til teknologiske løysningar og m.o.t. den verksemda/organisasjonen som teknologien skal tene.
- bidra til heile prosessen frå brukar- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av informasjonssystem.
- delta i større software-utviklingsprosjekt der ein krev kunnskapar om bruk av moderne metodar og verktøy for systemutvikling, programmering og datahandsaming
Kandidaten har
- grunnlag til å reflektere over tilhøvet mellom teknologien og den konteksten den opptrer i.
- solid grunnlag for å sjølvstendig kunne vidareutvikle og utvide kompetansen sin innan fagfeltet.
- erfaring med vanlege arbeidsformer som gruppe- og prosjektarbeid
- erfaring med framstilling av skriftlege rapportar og dokumentasjon samt munnleg presentasjon.
- ein sterk generell informasjonsteknologisk kompetanse som også vil vere nyttig utanfor IT-bransjen i det breie spekteret av verksemder innan næringsliv og forvaltning som nyttar informasjonsteknologi.
Oppbygging
Det første semesteret i bachelorprogrammet tek du 30 studiepoeng med innføringsemne. Du må ta grunnkurs i informasjonsvitskap, grunnkurs i programmering og ex.phil. Vidare inneheld programmet 90 studiepoeng med spesialisering i IKT-faglege emne i informasjonsvitskap og informatikk. 60 studiepoeng er valfrie emne. Dette kan vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre fag eller fleire emne frå informatikk eller informasjonsvitskap.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet, IKT (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| INF100 | Grunnkurs i programmering (Programmering 1) | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| INFO100 | Examen facultatum - Grunnkurs i informasjonsvitskap | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Obligatoriske emner for programmet (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| I tillegg til obligatoriske emne velges 10 studiepoeng fordjuping i spesialiseringen | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| INF101 | Vidaregåande programmering (Programmering 2) | 10 | 2 | |||||||||
| INF102 | Algoritmar, datastrukturar og programmering | 10 | 3 | |||||||||
| INF111 | Introduksjon til informasjonsteknologi | 10 | 4 | |||||||||
| INF142 | Datanett | 10 | 4 | |||||||||
| INFO110 | Informasjonssystem | 10 | 2 | |||||||||
| MNF130 | Diskrete strukturar | 10 | 2 | |||||||||
| INFO125 | Datahåndtering | 10 | 3 | |||||||||
| INFO212 | Systemutvikling | 10 | 3 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 4-6 | |||||||||
| INF121 | Programmeringsparadigmer | 10 | 4-6 | |||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 4-6 | |||||||||
| STAT101 | Elementær statistikk | 10 | 4-6 | |||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | 4-6 | |||||||||
| INF251 | Grafisk databehandling | 10 | 4-6 | |||||||||
| INF143 | Tryggleik i distribuerte system | 10 | 4-6 | |||||||||
| INF280 | Søking og maskinlæring | 10 | 4-6 | |||||||||
| INFO261 | Interaksjonsdesign | 15 | 4-6 | |||||||||
| INFO221 | Multimediahandsaming | 15 | 4-6 | |||||||||
| INFO282 | Knowledge Representation and Reasoning | 10 | 4-6 | |||||||||
| INFO232 | Programmering for kunstig intelligens | 5 | 4-6 | |||||||||
| INFO123 | Utvalte emne i databasehandsaming | 5 | 4-6 | |||||||||
| INFO214 | Systemutvikling | 5 | 4-6 | |||||||||
| INFO207 | Sosial nettverksteori | 10 | 4-6 | |||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Datamaskiner og operativsystem (HiB) | - | - | ||||||||||
| Valfrie emne innan bachelorprogrammet i IKT (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| 60 studiepoeng er valfrie emne. Dette kan vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre fag eller fleire emne frå informatikk eller informasjonsvitskap.Velg blant emner som ikke overlapper med emner du har tatt tidligere. Hvis du vil søke masterprogram i informatikk, må du ta minst 20 studiepoeng i matematikk i tillegg til MNF130. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| INF121 | Programmeringsparadigmer | 10 | 3-6 | 3 | ||||||||
| INFO232 | Programmering for kunstig intelligens | 5 | 3-6 | 3 | ||||||||
| INFO123 | Utvalte emne i databasehandsaming | 5 | 3-6 | 3 | ||||||||
| INFO221 | Multimediahandsaming | 15 | 3-6 | 3 | ||||||||
| INFO261 | Interaksjonsdesign | 15 | 3-6 | 3 | ||||||||
| INFO282 | Knowledge Representation and Reasoning | 10 | 3-6 | 3 | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 3-6 | 3 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 3-6 | 3 | ||||||||
| Permisjon for bachelorstudentar | ||||||||||||