Hjem

Utdanning

Bachelor

Bachelorprogram i journalistikk

Introduksjon

Introduksjon

Vil du ta del i det journalistiske kraftsenteret Media City Bergen? Frå hausten 2017 er bachelorutdanninga i journalistikk integrert i den nye medieklynga i Bergen, og vil samarbeide tett med fleire store medieaktørar. Det nye bachelorprogrammet i journalistikk har som mål å utdanne sjølvstendige studentar som etter endt studium kan produsere kritisk, konstruktiv og nyskapande journalistikk på tvers av plattformer. Utdanninga bygger på det siste og beste av praktisk og anvendt teoretisk kunnskap om faget, og har fokus på trening i å relatere seg til kommunikasjonsformer i rask endring.

Studiet tar utgangspunkt i grunnleggande journalistiske prinsipp der kjeldekritikk og etisk refleksjon går hand i hand med utforsking av digitale verktøy. Du vil bli utfordra og inspirert til å utvikle fagleg tryggleik gjennom varierte undervisnings- og læringsformer og utstrekt produksjon av journalistisk stoff. Mykje av undervisninga skjer i workshops og du lærer å samarbeide i team for å løyse komplekse oppgåver. Tidleg i studiet lærer du å handsame smartmobil som det viktigaste arbeidsverktøyet ditt både til innsamling, redigering og publisering av journalistisk materiale. Trening i visuell og verbal storytelling står sentralt gjennom heile studiet, saman med datajournalistikk og podcast. Du vil også få høve til å samarbeide med studentar frå dei profesjonsorienterte programma i medie- og interaksjonsdesign og TV-produksjon. Studiet har eiga nettbasert publiseringsplattform.

Studiet er tverrfagleg og kombinerer teoretiske, praktiske og analytiske element frå journalistikk, medievitskap og informasjonsvitskap. Programmet er eit profesjonsorientert universitetsstudium med vekt på å bli fagleg sjølvstendig og utvikle analytisk, teoretisk og praktisk kompetanse.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Ein bachelorgrad i journalistikk kvalifiserer for journalistisk arbeid i ulike medium og på tvers av medium. Studiet kvalifiserer òg for ulike informasjons- og kommunikasjonsoppgåver i det offentlege og i næringslivet, og det stimulerer til entreprenørskap og brei kommunikasjonskompetanse. Studentar med ein bachelor i journalistikk er dessutan kvalifiserte til å undervise i mediefag i ungdomsskole og vidaregåande skole.

Vidare studium

Studiet kan byggast ut med eit masterstudium  i undersøkande journalistikk eller eit masterstudium i medievitskap.

Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til master:

MEPRO100, JOU101, JOU102, JOU103, JOU201, JOU250

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei kunnskap om journalistikkens faglege fundament og repertoar i ulike media og på fleire publiseringsplattformer,
  • har kunnskap om sentrale teoriar og problemstillingar i faget
  • har kunnskap om ulike journalistiske sjangrar og former
  • har kunnskap om journalistiske metodar, presseetikk og kjeldekritikk
  • har brei kunnskap om korleis digitale teknologiar, inklusive video, sosiale medium, databaser og store datamengder, kan nyttast i journalistikk
  • kan oppdatere kunnskapane sine i faget journalistikk
  • har kunnskap om samspelet mellom visuelle, verbale og numeriske element i nyheitspresentasjon
  • har kunnskap om lovfesta fundament for journalistikk, spesielt offentlegheitslov, innsynsrett og opphavsrett
  • har kunnskap om sentrale samfunnsfaglige felt og kan arbeide journalistisk med desse
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor journalistikkfaget
  • har kunnskap om journalistfaget si historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet
  • har kunnskap om sentrale likskapar og skilnader mellom journalistisk og samfunnsvitskapleg metode, både kvalitativt og kvantitativt

 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke fagleg kunnskap og journalistiske metodar og digitale verktøy for datainnsamling, analyse, redigering og publisering av journalistisk stoff
  • kan formidle journalistisk stoff på tvers av plattformer (mobil, nett, aviser, tv og radio)
  • kan reflektere over eigen fagleg praksis og justere denne praksisen under rettleiing
  • kan bruke opptaks- og redigeringsutstyr
  • kan arbeide praktisk med nyheits- og reportasjejournalistikk på tvers av plattformer
  • kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og grunngje vala.
  • kan nytte fagleg kunnskap, teoretisk og metodisk, til å utvikle og gjennomføre eit vitskapleg forskingsdesign eller ein større journalistisk produksjon

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planlegge og gjennomføre journalistisk arbeid aleine eller i gruppe, over kortare eller lengre tid og på fleire plattformer
  • kan tre inn i ulike journalistiske roller og samarbeide godt i team
  • har innsikt i journalistikkens samfunnsoppdrag og forstår effektar og konsekvensar av eigne profesjonelle tilnærmingar
  • kan formidle sentralt fagstoff og reflektere skriftleg og munnleg over eigne journalistiske tilnærmingar
  • kan rettferdiggjere og grunngje ein uavhengig, informativ, konstruktiv og maktkritisk journalistikk
  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar og kan bruke kvalifisert journalistisk skjønn
  • kan bruke den journalistiske kompetansen til å søke etter, og formidle, ny kunnskap i ulike fysiske og digitale kontekstar
  • kjenner til nytenking og innovasjon innan fagområdet og kan nyttiggjere seg dette

Oppbygging

Oppbygging

Bachelorprogrammet i journalistikk er på totalt 180 studiepoeng. Studiet inneheld 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering i ulike journalistiske emne og format. I heile fjerde semester er du ute i praksis, og i femte semester vel du 30 studiepoeng fritt frå andre fag. Du kan anten ta emne ved eige eller andre norske universitet, eller studere eit semester i utlandet. I sjette semester arbeider du med bacheloroppgåva, som kan vere anten teoretisk eller praktisk-teoretisk. Studiet er sett saman av emne som er profesjonsretta og basert på utvikling av spesifikke ferdigheiter. Studiet krev derfor aktiv deltaking i undervisninga.

Bachelorprogram i film- og TV-produksjon (krav 180 SP)
Førstesemesteret i Bachelorprogram i journalistikk (krav 20 SP)
Exphil (krav 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-SVSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
EXPHIL-SVEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101–61
Obligatoriske innføringsemne (krav 10 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MEPRO100Examen facultatum - Medieproduksjon og akademisk skriving101
Studieforløp, Bachelorprogram i journalistikk (krav 130 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
JOU101Introduksjon til journalistikk101
JOU102Journalistikken sine metodar og verktøy302
JOU103Journalistikken sine former303
JOU201Journalistisk praksis304
JOU250Bacheloroppgåve306
Valgfrie emner (krav 30 SP)
Vel fritt blant emne som til saman utgjer 30 studiepoeng.
Utveksling
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
Permisjon for bachelorstudentar
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Bachelorstudentar i journalistikk som ønsker å ta eit semester i utlandet, må gjere dette i femte semester. Mellom nordiske universitet og universitet i EU-land skjer organisert utveksling først og fremst gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet. Instituttet har i tillegg utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere emne frå andre land i den norske graden sin. Dette krev at emnet er godkjent av Universitetet i Bergen på førehand. Målet med eit delstudium i utlandet bør vere at det er relevant for det norske bachelorprogrammet i journalistikk, slik at  du er sikra det læringsutbyttet som er skissert for studiet. Studentane blir derfor oppfordra til å planleggje delstudium i utlandet i dialog med faglærar og studiekonsulent.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars.Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Nettsøknad og meir informasjon finn du på Samordna opptak sine nettsider

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår.

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Søk her

Søkerkode i Samordna opptak

184454