Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i kunsthistorie

Presentasjon

Mål og innhald

Disiplinbasert mastergrad i kunsthistorie skal gi grunnleggjande føresetnader for å forstå historiske, kulturelle og sosiale sider ved kunst og visuell kultur. Hovedfokus er på vestleg kunsthistorie, men studiet løfter også fram institusjonskritiske perspektiv, postkolonialisme, «ny-kunsthistorie», og annan kritisk teori, såvel som kunst som er skapt i og reflekterer over den globale kunstsituasjonen i dag.

Studiet har som mål å gi kandidaten innsikt i biletkunst, arkitektur og visuell kultur i eit breiare perspektiv frå antikken til i dag. Undervisninga legg ikkje berre vekt på kunsthistoriske monument, men problematiserer også den teoretiske og metodiske tilnærminga til desse. Kva er vilkåra for at noko kan betraktast som kunst i dei ulike historiske periodane? Korleis nærmar vi oss arkitektur i renessansen versus samtidskunsten sin «relasjonelle estetikk»? Studiet tar opp sentrale tema frå faget sin eigen historigrafi, og teoretiske problem knytt til kunsthistorisk forskingspraksis. I arbeidet med masteroppgåva skal studenten, på sjølvstendig vis, nytte vitskaplege arbeidsteknikkar og metodar i faget for å granske eit kunsthistorisk materiale eller eit vitskapleg problem innanfor visuell kultur i vid tyding. Dette opnar også for problemstillingar som inkluderer tverrfagleg samarbeid.

Studiestart - semester

Haust

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Dugleikar/Ferdigheiter

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • har avansert kunnskap om den kunsthistoriske forskingshistoria og utvalde emne innan vestleg biletkunst, arkitektur og visuell kultur, og spesialisert kunnskap om eit avgrensa kunsthistorisk felt (tema for masteroppgåva)
  • har inngåande kunnskap om visuell teori og tolkingsmetodar i kunsthistoriefaget, som til dømes formalisme, ikonografi, kontekstuell analyse, semiotikk og dessutan om tverrfaglege perspektiv som til dømes kunstarkeologi og optisk teori
  • kan relatere eksisterande kunnskap til nye objekt og kunsthistoriske problemstillingar
  • har tilstrekkelege faglege kunnskapar til å kunne analysere kunsthistoriske problemstillingar

Kandidaten...

  • kan analysere komplekse grunnlagsproblem som stil, ikonografi eller persepsjon og nytte metodar i faget til å analysere og tolke biletkunst, arkitektur og til dømes skulptur i nye kontekstar
  • kan reflektere kring teoriar og metodar, som til dømes Panofsky sin ikonologi og den kritikk som har vore retta mot denne
  • kan nytte relevante teoriar og metodar på til dømes biletkunst, arkitektur og skulptur på ein sjølvstendig måte
  • gjere sjølvstendige, kritiske vurderingar av kunsthistoriske kjelder (både dei ovanfor nemnde kunsthistoriske objekta, men også arkivmateriale og arkeologiske artefakt), og gjere sjølvstendige vurderingar i estetiske spørsmål og utforme sjølvstendige, faglege resonnement
  • kan gjennomføre eit større, sjølvstendig kunsthistorisk forskingsprosjekt under rettleiing, innan gitte tidsrammer og i tråd med forskingsetiske retningsliner

Kandidaten...

  • kan analysere relevante faglege problem, som til dømes utstillingsestetikk eller spørsmål kring kulturminnevern og kunsthandel
  • kan nytte kunnskapen sin på nye område, og gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan kulturfeltet og offentleg kulturforvalting
  • kan med fagleg tyngde ta del i diskusjonar om kunst- og kulturhistoriske spørsmål innanfor rammene av institusjonane i kulturfeltet og nytte kunsthistoriefaget sin terminologi
  • kan formidle kunnskapen sin munnleg og skriftleg for både spesialistar og eit breiare publikum, og opptre som sakkyndig deltakar i faglege debattar på spesifikke felt
  • kan vere med på å utvikle og påverke kunsten si rolle i samfunnet gjennom arbeid med til dømes forvaltning, innkjøp, utstillingar og utforming av pedagogiske opplegg

Utveksling

Delstudium i utlandet

Masterstudentar i kunsthistorie kan ta inn valfrie emne på inntil 30 studiepoeng på masternivå frå andre fag ved Universitetet i Bergen, andre norske eller utanlandske lærestader. Til dømes kan mastergradsemne ved dei norske institutta i Roma og Athen, eller ved Statsuniversitetet i St. Petersburg, godkjennast i studiet.

Utvekslingsopphald som strekkjer seg over eit heilt semester (30 studiepoeng) må leggjast til vårsemesteret, det vil seie normalt andre semester. Alle utvekslingsopplegg skal godkjennast av instituttet før utvekslinga finn stad.

Fagmiljøet har samarbeid med Det norske institutt i Roma, Det norske institutt i Athen, og Statsuniversitetet i St. Petersburg. Dei har også ERASMUS-avtalar med Universitetet i Pisa, Stockholms Universitet, Universitetet i Paris, Sorbonne, Københavns Universitet og Complutense-universitetet i Madrid.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust

Opptakskrav

Fullført bachelorgrad med 90 studiepoeng spesialisering i kunsthistorie, eller tilsvarande. Krava til spesialisering fremgår av bachelorprogrammet i kunsthistorie.

Oppbygging

Masterprogram i kunsthistorie (krav 120 SP)
Masterprogram i kunsthistorie - kursdel (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
KUN311Kunsthistorie: prosjektførebuing og oppfølging151–41
KUN312Historiografi og teori151–41
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
KUN321Kunsthistorie: seminarinnlegg151–42
KUN256Områdestudium med bacheloroppgåve151–42
KUN323Prosjektarbeid på forskingsprofil151–42
Masterprogram i kunsthistorie - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Rettleiingsavtale for masterstudentar i kunsthistorie
Masterprogram i kunsthistorie - oppgåvedel (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
KUN350Kunsthistorie mastergradsoppgåve 601–43
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Kunshistorie

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett