Masterprogram i kulturvitskap
Programmet tilbys av
Oppstart
Haust.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i kulturvitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Mål og innhald
Kulturvitskap ved UiB dekker eit breitt nedslagsfelt, med fokus på kvardagskultur og folkelege førestillingsverder. Sentrale tema er folkeleg religiøsitet, migrasjon og etniske konfliktar, materialitet, kulturelle perspektiv på helse og fortida sin plass i notida uttrykt i omgrepa tradisjon og kulturarv. Feltarbeid og forskingsetiske problemstillingar relatert til kvalitativ metode, og systematisering og bruk av kvalitativt materiale står også sentralt.
Mastergradsstudiet tek sikte på å gi studentane innsikt i kulturvitskaplege problemstillingar og forskingsstrategiar. Studiet har mange utfordringar, både når det gjeld ulike kvalitative dokumentasjonsmåtar, analyse av ulike typar materiale, og dei forskingsetiske problema ved det å drive kulturvitskapleg forsking. I arbeidet med masteroppgåva skal studentane lære seg å bruke faget sine teoriar og metodar i eit sjølvvalt empirisk forskingsprosjekt.
Fagleg profil
I faget kulturvitskap driv ein undervisning, rettleiing og forsking innanfor eit breitt kulturelt nedslagsfelt, men med hovudfokus på folkeleg kultur. Miljøet i Bergen har særskild kompetanse på studiet av kvardagskulturen, folkelege førestellingsverder og livsverder og folkeleg religiøsitet. Andre tema er kropp og teknologi i den seinmoderne verda og tilhøvet mellom fortid og notid, eller fortida sin plass i notida uttrykt i omgrepa tradisjon og kulturarv. Feltarbeid og etiske problemstillingar relatert til kvalitativ metode, systematisering og bruk av materiale står også sentralt.
Oppbygging av studiet
Studiet er sett saman av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna KUVI302, KUVI304 og KUVI350 er obligatorisk.
Eit masterprogram i kulturvitskap kan sjå slik ut:
1. semester: KUVI301* og KUVI302
2. semester: KUVI303* og KUVI304
3. semester: arbeid med masteroppgåva (KUVI350)
4. semester: arbeid med masteroppgåva (KUVI350)
*kan etter søknad bytast ut med andre relevante emne
Masteroppgåve
Masteroppgåva skal skrivast innanfor eit sjølvvalt tema og godkjennast av fagmiljøet. Oppgåva skal vere ei vitskapleg gransking basert på eit kulturvitskapleg tema. Omfanget skal vere på om lag 70-110 sider. Du får tildelt ein fast rettleiar. Rettleiinga er ein obligatorisk del av studiet.
Oppstart
Haust.
Opptakskrav
Bachelorgrad med spesialisering i kulturvitskap eller tilsvarande.
Kven kan søkje
Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:
http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet
Delstudium i utlandet
Det vert oppmuntra til at studentane tar eit utvekslingssemester. Utvekslingsopplegg skal godkjennast av instituttet før utreise.
Meir infomasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no
Mål og innhald
Kulturvitskap ved UiB dekker eit breitt nedslagsfelt, med fokus på kvardagskultur og folkelege førestillingsverder. Sentrale tema er folkeleg religiøsitet, migrasjon og etniske konfliktar, materialitet, kulturelle perspektiv på helse og fortida sin plass i notida uttrykt i omgrepa tradisjon og kulturarv. Feltarbeid og forskingsetiske problemstillingar relatert til kvalitativ metode, og systematisering og bruk av kvalitativt materiale står også sentralt.
Mastergradsstudiet tek sikte på å gi studentane innsikt i kulturvitskaplege problemstillingar og forskingsstrategiar. Studiet har mange utfordringar, både når det gjeld ulike kvalitative dokumentasjonsmåtar, analyse av ulike typar materiale, og dei forskingsetiske problema ved det å drive kulturvitskapleg forsking. I arbeidet med masteroppgåva skal studentane lære seg å bruke faget sine teoriar og metodar i eit sjølvvalt empirisk forskingsprosjekt.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført mastergrad har studenten tileigna seg følgjande:
Kunnskapar: Studenten kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
Ferdigheiter: Studenten kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
Generell kompetanse: Studenten kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og faget sine uttrykksformer.
Opptakskrav
Bachelorgrad med spesialisering i kulturvitskap eller tilsvarande.
Obligatoriske emne / spesialisering
KUVI302, KUVI304 og KUVI350 er obligatoriske.
Omfang masteroppgåva
Masteroppgåva skal vera på 70 - 110 sider og gir 60 studiepoeng.
Rekkefølje for emne i studiet
- semester: KUVI301* og KUVI302
- semester: KUVI303* og KUVI304
- semester: arbeid med masteroppgåva (KUVI350)
- semester: arbeid med masteroppgåva (KUVI350)
* kan etter søknad bytast ut med andre relevante emne.
Krav til progresjon i studiet
Etter første året skal studenten vera ferdig med kursdelen av masterstudiet. Det andre året skal nyttast til å arbeide med masteroppgåva. Det kan søkjast om eit 5. og eit 6. semester for ferdigstilling av oppgåva.
Delstudium i utlandet
Det vert oppmuntra til at studentane tar eit utvekslingssemester. Utvekslingsopplegg skal godkjennast av instituttet før utreise.
Undervisningsmetodar
Forelesingar og seminar.
Vurderingsformer
Kursdelen nyttar skuleeksamen, rettleia oppgåver med justerande munnleg eksamen. Sjå det enkelte emnet for meir informasjon.
Karakterskala
Det vert nytta bokstavkarakterar, der A er høgste karakter og F er stryk. Det vert også nytta greidd / ikkje greidd.
Kompetanse for vidare studium
Ein mastergrad i kulturvitskap gir grunnlag for vidare studiar og forsking.
Yrkesvegar
Ein kulturvitar har kompetanse for arbeid i blant anna museums- og kultursektoren, arkiv og i utdanningssektoren.
Evaluering
Programmet blir jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.
Adminstrativ ansvarleg
studierettleiar@ahkr.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Masterprogram i kulturvitenskap - kursdel (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Masterprogram i kulturvitenskap - kursdel - obligatoriske emner (krav: 45 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| KUVI302 | Kulturvitskap: Prosjektskildring | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| KUVI304 | Kulturvitskap: Kvalitativ metode og forskingsetikk | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Masterprogram i kulturvitenskap - kursdel - valgfrie emner (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KUVI301 | Teoretiske perspektiver i kulturvitskap | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| KUVI303 | Kulturvitskapens kulturhistorie | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Masterprogram i kulturvitenskap - oppgave (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KUVI350 | Mastergradsoppgåve i kulturvitskap | 60 | 1-4 | 3 | ||||||||
| Masterprogram i kulturvitenskap - veiledningskontrakt | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Veiledningsavtale for masterstudenter i kulturvitenskap | - | - | ||||||||||