Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i allmenn litteraturvitskap

  • Studiepoeng120
  • Lengde2 år
  • Studieplassar15
  • StudiestartHøst/Vår
  • SpråkNorsk
  • StudieplanLes studieplan

Presentasjon

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i allmenn litteraturvitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng). Mastergraden byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande med godkjend spesialisering i allmenn litteraturvitskap.

Mål og innhald

Masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap har ein teoretisk profil og ei internasjonal, komparativ orientering.

Masterstudiet i allmenn litteraturvitskap tilbyr ei omfattande og djuptgåande innsikt i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar og litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar. Studiet gir studentane ei brei plattform for historisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur og litteraturteori.

Under masterstudiet kan studenten velje mellom ulike spesialiseringar og vel fritt frå eit utval av ulike seminar som vert tilbodne kvart semester. Det er òg mogleg å setje opp og arbeide sjølvstendig med eit eige pensum.

Arbeidet med masteroppgåva står i sentrum under studiet og skal gjerast under individuell rettleiing. Studenten byrjar førebuingane til masteroppgåva allereie første semester og utarbeider eit masterprosjekt under rettleiing.

Fagleg profil

Masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap skil seg frå andre litterære masterprogram ved det internasjonale og komparative perspektivet og ved at det blir lagt vekt på teoretiske og metodiske emne. I tråd med internasjonal fagutvikling opnar studiet også for arbeid med tverrfaglege element (for eksempel kvinne- og kjønnsteori, litteratur og filosofi, litteratur og rett, studiar av relasjonar mellom tekst og bilete eller retorikk) og arbeid med "anvende" prosjekt som litteraturkritikk og anna litteraturformidling.

Studiestart - semester

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei og inngåande kunnskap innanfor fagfeltet allmenn litteraturvitskap
  • har spesialisert innsikt innanfor sitt fordjupingsfelt (masteroppgåva)
  • har inngåande kjennskap til litteraturvitskapleg teori og metode
  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
  • har innsikt i fagets nedslagsfelt ved universiteta og høgskulane, og ved kulturinstitusjonar som museum eller bibliotek, forlag, presse og i media generelt.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan gjere ei kritisk vurdering av eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar i litteraturvitskapen
  • kan nytte relevante teoriar og metodar til sjølvstendig forsking på litteratur
  • kan gjere ei sjølvstendig vurdering av eksisterande litteratur innanfor eit sjølvvalt avgrensa forskingsfelt
  • kan nytte akademisk kunnskap på alle felt innanfor litteraturvitskapen, innanfor litteraturformidling og på fleire tilgrensande fagområde
  • kan arbeide med litteratur og estetiske problemstillingar innanfor institusjonar som bibliotek, forlag, museum eller presse og kringkasting

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan kommunisere med spesialistar og allmenta om faglege problemstillingar innanfor litteraturvitskapen og tilgrensande fagområde
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid på ein fagleg forsvarleg måte
  • kan drøfte den relevansen litteraturen generelt og av fordjupingsfeltet spesielt har for andre fagområde og for aktuelle problemstillingar
  • har ei velutvikla evne til å kommunisere om litterære og estetiske problemstillingar skriftleg og munnleg

Utveksling

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet.

Nærare informasjon hos studierettleiar.

Spesielt tilrådde utvekslingsstader for litteraturvitskap er Ludwig-Maximilians Universität München, Freie Universität Berlin, Universitá degli Studi di Milano, Westphälische Wilhems-Universität Münster, Stockholms Universitet og København Universitet.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Opptakskrav

Masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng med spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande. Om kandidaten har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Karakteren C eller betre i gjennomsnitt på dei emna som inngår i spesialiseringa.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i allmenn litteraturvitskap på anna grunnlag enn det som er oppgitt som godkjent spesialisering i allmenn litteraturvitskap, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars (for opptak til hausten), eller 1. oktober (for eventuelt suppleringsopptak til våren). Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og presisering av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Opptakskrav

Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå http://link.uib.no/?1QO0l for meir om opptakskrav.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:

http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet

Oppbygging

Masterprogram i allmenn litteraturvitskap (krav 120 SP)
Masterprogram i allmenn litteraturvitskap - kursdel (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
ALLV301Litteraturvitskapleg grunnkurs151–41
ALLV302Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære151–41
Vel to av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
ALLV303Litteraturvitskapleg særemne I151–42
ALLV304Litteraturvitskapleg særemne II151–42
KVIK203Litteratur, kjønn og kultur151–41
KVIK204Litteratur, kjønn, teori og analyse151–42
RET206Litteraturvitskapleg retorikk151–42
Masterprogram i allmenn litteraturvitskap - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Rettleiingsavtale for masterstudentar i allmenn litteraturvitskap
Masterprogram i allmenn litteraturvitskap - oppgåvedel (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
ALLV350Allmenn litteraturvitskap mastergradsoppgåve601–41
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Litteraturvitskap

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Kontakt

Meir informasjon

studierettleiar@lle.uib.no / 55 58 23 95