Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i religionsvitskap

ingressbilde

Oppstart

Haust.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i religionsvitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religion som eit kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og ei samanliknande tilnærming er innebygd i studiet. Denne tilnærminga inneber at faget er meir enn det separate studium av dei enkelte religionane; det er eit breitt studium av religion som eit eigenarta menneskeleg fenomen. I dette studiet er det eit gjensidig samspel mellom generell religionshistorisk innsikt og fordjuping på avgrensa felt.

Dei religiøse verdsoppfatningane og verdinormene spelar ei nøkkelrolle for forståinga av menneskeleg kultur. Ei vidare målsetting for faget er såleis at det skal kunne fungere som ein innfallsport til idé- og åtferdstradisjonar i kulturtradisjonar i eit globalt perspektiv.

 

Masterprogrammet i religionsvitskap skal utdjupe studentane sine kunnskapar om teoretiske og metodiske spørsmål i faget og gi fordjuping i eit valfritt emne av historisk eller systematisk karakter.

Fagleg profil

Religionsvitskap ved UiB er eit av dei fremste fagmiljøa i Europa for det samanliknande studiet av religion som kulturfenomen. Fagmiljøet er særleg sterkt innanfor religionsvitskaplege teoriar og metodar, fagdidaktikk, religionar i antikken, islam (i Midtausten og Noreg), kristendom (i antikken og i Noreg), nyreligiøsitet, religion og filosofi, religion og kjønn, religion og menneskerettar, religionar i India og i den sørasiatiske diasporaen, samisk religion, yoga og zoroastrisme. Religionsvitskap er tverrfagleg og nyttar ulike metodar avhengig av studieobjekt og problemstilling. Ein legg vekt på ein samanliknande og teoretisk reflektert tilnærmingsmåte til studiet av religionane.

Oppstart

Haust.

Opptakskrav

For å bli tatt opp på mastergradsstudiet i religionsvitskap må studenten ha oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande, og det krevst normalt ei spesialisering på til saman minst 90 studiepoeng i religionsvitskap. Ein kan søkje instituttet om å få godkjent inntil 30 av desse studiepoenga frå andre fag.

 

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i religionsvitskap på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i religionsvitskap, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mars. Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Kven kan søkje

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:

http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet

Poenggrense ved siste opptak

Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå http://link.uib.no/?1QO0l for meir om opptakskrav.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet. Studierettleiaren hjelper til med å finne relevante studium og ordne utvekslingsavtaler.

Meir infomasjon

studieveileder@ahkr.uib.no

Mål og innhald

Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religion som eit kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og ei samanliknande tilnærming er innebygd i studiet. Denne tilnærminga inneber at faget er meir enn det separate studium av dei enkelte religionane; det er eit breitt studium av religion som eit eigenarta menneskeleg fenomen. I dette studiet er det eit gjensidig samspel mellom generell religionshistorisk innsikt og fordjuping på avgrensa felt.

Dei religiøse verdsoppfatningane og verdinormene spelar ei nøkkelrolle for forståinga av menneskeleg kultur. Ei vidare målsetting for faget er såleis at det skal kunne fungere som ein innfallsport til idé- og åtferdstradisjonar i kulturtradisjonar i eit globalt perspektiv.

 

Masterprogrammet i religionsvitskap skal utdjupe studentane sine kunnskapar om teoretiske og metodiske spørsmål i faget og gi fordjuping i eit valfritt emne av historisk eller systematisk karakter.

Læringsutbyte/resultat

Ein kandidat med mastergrad i religionsvitskap frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal

Kunnskapar

- ha brei allmennkunnskap innanfor religionsvitskapen og djuptgåande kunnskapar innanfor eit avgrensa felt av denne

- ha grunnleggjande kunnskap om vitskapleg teori og metode

- kjenne til sentrale problemstillingar innanfor fagområdet og den aktuelle debatten om dei

 

Ferdigheiter

- kunne uttrykkje seg klart og velstrukturert om faglege emne, både skriftleg og munnleg

- kunne granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og forståingsrammer innanfor religionsvitskapen

- kunne halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

- kunne formidle innsikt i alle grunnleggjande delar av religionsvitskap i media, undervisning og samfunnet generelt.

 

Generell kompetanse

- kunne utarbeide uavhengige utgreiingar og utvikle prosjekt.

- kunne finne og evaluere relevante informasjonskjelder på ein kritisk måte.

- kunne handsame og analysere store informasjonsmengder gjennom forskjellege vitskapelege metodar.

- kunne gjennomføre analytiske og administrative oppgåver og ta ansvar for slike oppgåver i kunnskapsintensive miljø i private bedrifter, offentleg sektor og frivillige organisasjonar.

Opptakskrav

For å bli tatt opp på mastergradsstudiet i religionsvitskap må studenten ha oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande, og det krevst normalt ei spesialisering på til saman minst 90 studiepoeng i religionsvitskap. Ein kan søkje instituttet om å få godkjent inntil 30 av desse studiepoenga frå andre fag.

 

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i religionsvitskap på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i religionsvitskap, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mars. Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Obligatoriske emne / spesialisering

Mastergraden i religionsvitskap omfattar fire obligatoriske emne:.

 

RELV301 Religionsvitskapleg teori, 15 sp, haust

RELV306 Religionsvitskaplege forskingsmetodar, 15 sp, haust

RELV303FELT/MUNT/SEM Frie studiepoeng - 15 sp, vår

RELV350 Masteroppgåve, 60 sp.

 

I tillegg må studentane velje eit av følgjande 15 sp spesialiseringsemne

 

RELV302 Spesialiseringsemne

RELV302SEM Spesialiseringsemne

RELV308 Samisk religion

RELV312 Religion,evolusjon og kongnisjon

RELV313 Religion and science

RELV321 Nyreligiøsitet

RELV322 Religionar i antikken

RELV323 Buddhisme og jainisme

RELV324 Hinduisme

RELV325 Islam

RELV326 Norsk kristendom

RELV327 Religion og menneskerettar

RELV328 Religion and politics I

RELV329 Religion and politics II

 

Tilbodet er avhengig av kva ressursar som er tilgjengelege.

Omfang masteroppgåva

60 studiepoeng

Rekkefølje for emne i studiet

Tilrådd progresjon:

1. semester:

RELV301 Religionsvitskapleg teori

Valfritt spesialiseringsemne blant RELV302, 302SEM og RELV308-29

2. semester:

RELV303FELT/MUNT/SEM Frie studiepoeng

RELV306 Religionsvitskaplege forskingsmetodar

3. og 4. semester:

RELV350 Masteroppgåve

Krav til progresjon i studiet

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng kvart semester.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet. Studierettleiaren hjelper til med å finne relevante studium og ordne utvekslingsavtaler.

Undervisningsmetodar

Førelesingar og seminar med aktiv deltaking frå studentane. For arbeidet med masteroppgåva blir det gitt rettleiing.

Vurderingsformer

Skriftlege og munnlege prøver, semesteroppgåve.

Masteroppgåve med munnleg eksamen.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd på RELV303FELT/MUNT/SEM.

Karakterskala A-F på alle andre emne.

Kompetanse for vidare studium

Studiet kan gje grunnlag for vidare ph.d.-utdanning i religionsvitskap. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet.

Yrkesvegar

Ein mastergrad i religionsvitskap kvalifiserer til undervisning på vidaregåande skule, på høgare nivå og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor. Utdanninga er også relevant for arbeid innanfor kulturliv, media og til stillingar der dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i religionsvitskapen sine forskingsmetodar er relevante.

Evaluering

Programmet blir jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Fagansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativ ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no

MAHF-RELV/Masterprogram i religionsvitenskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Masterprogram i religionsvitenskap - kursdel (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV301 Religionsvitskapleg teori 15 1-4 1
RELV306 Religionsvitskaplege forskingsmetodar 15 1-4 2
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV303MUNT Religionsvitenskap: Frie studiepoeng (munnleg) 15 1-4 2
RELV303FELT Religionsvitenskap: Frie studiepoeng (feltarbeid) 15 1-4 2
RELV303SEM Religionsvitenskap: Frie studiepoeng (semesteroppgåve) 15 1-4 2
RELV303 Religionsvitenskap: Frie studiepoeng - 1-4 2
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV302 Spesialiseringsemne 15 1-4 2
RELV302SEM Spesialiseringsemne med semesteroppgåve 15 1-4 2
RELV307 Religion, pluralitet og lokalitet i India - 1-4 2
RELV312 Religion, evolusjon og kognisjon 15 1-4 2
RELV313 Religion og vitskap 15 1-4 2
RELV321 Nyreligiøsitet 15 1-4 2
RELV327 Religion og menneskerettar 15 1-4 2
RELV308 Samisk religion 15 1-4 2
SAS12 Sami Religion - Scandinavian Area Studies - 1-4 2
Masterprogram i religionsvitenskap - oppgave (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV350 Religionsvitskap mastergradsoppgåve 60 3
Masterprogram i religionsvitenskap - veiledningskontrakt
Obligatorisk emne
SP S A
Veiledningsavtale for masterstudenter i religionsvitenskap - -