Masterprogram i teatervitskap
Programmet tilbys av
Oppstart
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret.
Mål og innhald
Masterstudiet i teatervitskap skal være forankra i ein humanvitskapleg og estetisk-hermeneutisk fagtradisjon. Gjennom studiet skal studenten få fordjupa forståing for teater som kunstnarisk uttrykk i samfunnet. Studiet skal gi innsikt i og fortrulegheit med nyare teoriar og metodar i teatervitskapen. Studiet skal gi god innsikt i vitskaplege problemstillingar og metodar i forhold til faget sine systematiske område.
Oppstart
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret.
Opptakskrav
Masterstudiet er adgangsregulert. Hovudopptaket er om hausten.
Masterstudiet i teatervitskap byggjer på oppnådd bachelorgrad med 90 studiepoeng spesialisering i teatervitskap eller tilsvarande. Studentar som har oppnådd bachelorgraden med anna studiebakgrunn, kan søkje om særskild opptak på mastergraden i teatervitskap.
Delstudium i utlandet
Masterstudentar i teatervitskap kan få innpassa studiepoeng på masternivå frå andre norske eller utanlandske lærestader etter prinsippet tid for tid som valfrie studiepoeng eller som tilsvarande eit obligatorisk emne i mastergraden. Utvekslingsopplegg skal godkjennast av seksjonen før utvekslinga finn stad (førehandsgodkjenning).
Omfang
Mastergradstudiet skal til saman gi 120 studiepoeng.
Undervisningsspråk
Norsk
Mål og innhald
Masterstudiet i teatervitskap skal være forankra i ein humanvitskapleg og estetisk-hermeneutisk fagtradisjon. Gjennom studiet skal studenten få fordjupa forståing for teater som kunstnarisk uttrykk i samfunnet. Studiet skal gi innsikt i og fortrulegheit med nyare teoriar og metodar i teatervitskapen. Studiet skal gi god innsikt i vitskaplege problemstillingar og metodar i forhold til faget sine systematiske område.
Læringsutbyte/resultat
Studiet skal utdanne kompetente teatervitarar som skal kunne gå inn i praktisk dramaturgi, utøve teaterkritikk, kunstformidling og ulike funksjonar innen offentleg kulturadministrasjon.
Samstundes skal studiet gi kandidatane grunnlag for livslang læring, spesialisering og forskarutdanning.
Masterstudiet i teatervitskap skal sikre samfunnet kandidatar som har dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene dei treng for å utøve faget i forhold til den kompetansen det gir. Undervisninga som blir gitt skal i størst mogleg grad vera forskningsbasert, fagleg oppdatert og tilpassa teaterfeltet og kultursektoren sine behov for kunnskap innafor teater og kulturadministrasjon.
Ved avslutta studium skal kandidaten
1) ha innsikt i teatret si historie og teatervitskapen sine systematiske område, slik som dramaturgi, skodepelarkunst, regikunst, scenografi og teaterkritikk.
2) Vere kjend med, og kunne utøve forestillingsanalyse og ha kunnskap om å tilretteleggje og gjennomføre teaterproduksjon.
Master i teatervitenskap.
Ein kandidat med mastergrad i teatervitskap frå Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen skal:
- Kunne nytte forestillingsanalytiske, teaterkritiske og dramaturgiske omgrep og metoder.
- Kunne nytte faget og faget si metode til å analysere komplekse problemstillinger, og kunne drøfte, argumentere og sjølvstendig ta standpunkt til problemstillinger innafor teaterforskning, praktisk teater og kultursektoren.
- Kunne forfatte sine løsningsforslag i ulike teksttyper, i ulike medier og i munnleg framføring.
- Kunne forklare yrkesetiske sider ved profesjonsutøvinga.
- Kunne tilegne seg ny kunnskap ut over lærestoffet som inngår i studiet, og nytte denne kunnskapen innafor forskning og formidling.
- Gjennom masteroppgåva skal kandidaten syne at han/ho kan analysere problemstillinger i samband med utøving av teatervitskapen sine teoretiske og praktiske oppgåver.
Opptakskrav
Masterstudiet er adgangsregulert. Hovudopptaket er om hausten.
Masterstudiet i teatervitskap byggjer på oppnådd bachelorgrad med 90 studiepoeng spesialisering i teatervitskap eller tilsvarande. Studentar som har oppnådd bachelorgraden med anna studiebakgrunn, kan søkje om særskild opptak på mastergraden i teatervitskap.
Tilrådde forkunnskapar
På masterstudiet vil det vere ei føremon om studentane meistrar eit minimum av tysk og/eller fransk.
Obligatoriske emne / spesialisering
Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori
Teatervitskap: Prosjektskildring
Teatervitskap: Teoretisk fordjuping i eit systematisk område
Tilrådde valemne
Eitt av emna:
Teatervitskap: Seminarinnlegg innafor eit sjølvvalt område
Innlegg i samband med ekskursjon
Prosjektoppgåve basert på deltaking i teaterproduksjon
Rekkefølje for emne i studiet
Masterstudiet i teatervitskap er bygd opp med ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. I kursdelen er 45 studiepoeng knytt til obligatoriske emne og 15 studiepoeng knytt til valfritt emne.
Fullstendig oversikt over innhaldet i emna finn ein under
emneomtalane
1.semester HAUST - TEAT 301 og TEAT 302
2.semester VÅR - TEAT303 og TEAT350
3.semester HAUST -TEAT3XX (valfritt emne) og TEAT350
4.semester VÅR - TEAT350
Alternativt studieløp for studentar som tas opp om våren:
1.semester VÅR- TEAT303 og TEAT3XX (valfritt emne)
2.semester HAUST - TEAT301 og TEAT 302
3.semester VÅR - TEAT350
4.semester HAUST - TEAT350
Studiestader
Bergen
Delstudium i utlandet
Masterstudentar i teatervitskap kan få innpassa studiepoeng på masternivå frå andre norske eller utanlandske lærestader etter prinsippet tid for tid som valfrie studiepoeng eller som tilsvarande eit obligatorisk emne i mastergraden. Utvekslingsopplegg skal godkjennast av seksjonen før utvekslinga finn stad (førehandsgodkjenning).
Undervisningsmetodar
Undervisningsformene involverer førelesing, seminar og rettleiing. Det er forventa aktivitet frå studentane i dei fleste emna, i form av skiftlege og munnlege presentasjonar.
Masteroppgåva skal skrivast innanfor eit sjølvvald emne og byggjer på bestått TEAT302 Prosjektskildring. Rettleiaren skal følgje skriveprosessen og gi råd og tilbakemeldingar etter avtale, men studenten skal sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeide masteroppgåva fram til eit vitskapleg bidrag til faget. Rettleiing i masteroppgåva er obligatorisk.
Vurderingsformer
For dei obligatoriske kursa og valemna blir ulike vurderingsformer som seminarinnlegg, skuleeksamen, heimeeksamen og prosjektskisse nytta.
Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider. Etter innlevering og sensur framstiller kandidaten seg for ei munnleg prøve. Denne skal justere karakteren på masteroppgåva før samla karakter på mastergraden vert rekna ut.
Yrkesvegar
Masterprogrammet i teatervitskap kvalifiserer blant anna for arbeid innan praktisk teaterarbeid, undervisning, forsking og kulturadministrasjon og teaterkritikk.
Evaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Adminstrativ ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Masterprogram i teatervitenskap-kursdel (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Masterprogram i teatervitenskap-kursdel-obligatoriske emner | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| TEAT301 | Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| TEAT302 | Teatervitskap: Prosjektskildring | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| TEAT303 | Teatervitskap: Teoretisk fordjuping i eit systematisk område | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Masterprogram i teatervitenskap-kursdel-valgfrie emner | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| TEAT311 | Teatervitskap: Seminarinnlegg innafor eit sjølvvalt område | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| TEAT312 | Innlegg i samband med ekskursjon | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| TEAT313 | Prosjektoppgåve basert på deltaking i teaterproduksjon | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Masterprogram i teatervitenskap-oppgave (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| TEAT350 | Masteroppgåve i teatervitskap | 60 | 1-4 | 3 | ||||||||
| Masterprogram i teatervitenskap-veiledningskontrakt | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Veiledningsavtale for masterstudenter i teatervitenskap | - | - | ||||||||||