Hjem

Utdanning

Integrert master/Profesjonsstudium

Integrert masterprogram i odontologi

  • Lengde5 år
  • Poenggrense62.3 / 55.3
  • Studieplassar48
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng300

Introduksjon

Introduksjon

Odontologi er læra om tennene og tannsjukdommar. Ein frisk munn er viktig for ei god helse, og sjukdom i munnen kan fortelje deg om pasienten er sjuk også andre stader i kroppen.

Tannlegestudiet er variert og inneheld teoretisk opplæring i biologiske, medisinske og odontologiske fag. Studiet omfattar også diagnostisering og behandling av sjukdommar i tenner, kjeve, munnslimhinner og områda rundt. Kommunikasjon og omsorg for pasientar er også ein viktig del av studiet.

Som student har du tilgang til eit nytt og høgteknologisk odontologibygg, der du møter den nyaste teknologien innanfor tannhelse. I ferdigheitssenteret trener du praktisk på modellar og du får virtuell ferdigheitstrening med simulator. Etter kvart vil du behandle eigne pasientar, både barn, vaksne og eldre i universitetsklinikken under rettleiing, og du vil få praksis i den offentlege tannhelsetenesta.

Livet som tannlegestudent er interessant, utfordrande og travelt med mykje obligatorisk undervisning. Du samarbeider tett og blir godt kjent med dei andre studentane på fakultetet. Her er eit godt studentmiljø, med mykje aktivitet både fagleg og sosialt.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Etter avslutta studium kan du søke om autorisasjon som tannlege. Dei fleste tannlegar arbeider i privat praksis eller i offentleg tannhelseteneste. Tannlegeyrket er rikt på utfordringar. Nokre tannlegar underviser, forskar eller jobbar med administrasjon.

Det er etterspørsel etter tannlegar og utsiktene til å få jobb etter avslutta studium er gode.

Dersom du er interessert i forsking, kan du søke forskarlinja etter det første studieåret. Forskarlinjestudentar følger vanleg studieløp, men studietida blir forlenga med eit år til forsking. Etter studiet kan du bruke forskingsoppgåva di som utgangspunkt for ein doktorgrad.

Vidare studium

Forskarlinja er eit spesialtilbod for odontologistudentar som har interesse for forsking, og som kan tenke seg å forske i løpet av studiet. På forskarlinja får studentane delta i ei organisert forskaropplæring og utfører eigen forskingsaktivitet. Her inngår skriving av ei forskingsoppgåve som kan vere byrjinga på ein ph.d.grad. Dersom du vel forskarlinja blir normert studietid forlenga med eitt år.

Etter to års praksis som tannlege i Noreg kan du søke opptak til spesialistprogram (lenke). UiB tilbyr ei rekke ulike studieretningar som har ei normert studietid på 3 år (med unntak av oral kirurgi og oral medisin som har ei normert studietid på 5 år).

Les meir om dei ulike spesialistretningane UiB tilbyr her:

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Etter fullført integrert mastergrad i odontologi skal kandidaten ha ervervet bred biologisk og odontologisk basiskompetanse. Denne basiskompetansen består i teoretiske kunnskaper i biomedisinske, parakliniske, kliniske og adferdsfaglige disipliner samt praktisk-kliniske teoretiske og manuelle/praktiske ferdigheter og en generell (helsefaglig) kompetanse.

Kunnskaper
Kandidaten skal på basis av teoriundervisningen kunne bygge opp en vitenskapelig tenkemåte og holdning. Etter å ha gjennomført odontologistudiet skal kandidaten kunne redegjøre for, analysere, kjenne til, forstå og anvende relevante kunnskaper innen biomedisinske, parakliniske, kliniske og atferdsfaglige disipliner og emner.

Ferdigheter
Kandidaten skal på basis av teoretisk og klinisk kompetanse kunne forebygge, undersøke, diagnostisere og behandle pasienter med orale sykdommer/tilstander i allmennpraksis.

Generell kompetanse
Kandidaten skal kunne demonstrere at hun/han har ervervet adekvate etiske og profesjonelle holdninger i løpet av studiet. Hun/han må ved endt studium ha vist frem egenskaper som gjør kandidaten skikket til tannlegeyrket. Etisk og profesjonell yrkesutøvelse som tannlege fordrer empati, respekt, samarbeidsevne, bevissthet i relasjon til kvalitet og presisjon og erkjennelse av behovet for vedlikehold og oppdatering av kunnskaper og ferdigheter gjennom hele yrkeskarrieren. Kandidaten må kunne kommunisere med ulike grupper via ulike medier og må være i stand til å kritisk vurdere egen virksomhet/praksis. I tillegg må kandidaten kunne bidra inn mot forskningsprosjekter relatert til oral helse og kunne vurdere oral helse i relasjon til samfunnsmessige forhold.

Oppbygging

Oppbygging

1. studieår
Det første året er delvis felles for studentar innanfor odontologi og medisin. I det andre semesteret blir du gjort kjent med dei kliniske fagområda, og den odontologiske universitetsklinikken.

2. studieår
Dette året får du undervisning i anatomi, fysiologi, oral biologi del 2, og generell patologi og immunologi. I vårsemesteret begynner integrert undervisning i odontologiske biomateriale (materiale som blir brukte i munnhola) og undervisning på ferdigheitssentera (førebuing til pasientbehandling).

3. studieår
Undervisning på ferdigheitssentera held fram, og fagspesifikke kurs startar opp. Undervisninga dette året omfattar mykje trening i manuelle ferdigheiter innanfor dei odontologiske fagområda. Behandlinga av eigne pasientar kjem i gang og det blir fokusert på kliniske rutinar, hygiene, pasientkommunikasjon, undersøkingar, førebygging, planlegging av behandling, lokal anestesi og journalforskrifter.

4- 5. studieår
Det meste av tida i dei to siste studieåra går med til pasientbehandling parallelt med teoretisk undervisning i ulike kliniske fag. I løpet av det fjerde og femte studie­året skal du også skrive ei prosjektoppgåve. I femte studieår har du tre veker praksisstudium ved klinikkar i den offentlege tannhelsetenesta.

Mastergrad i odontologi stud.plan 2006 (krav 300 SP)
1. studieår maod - studieplan 2006
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MEDOD1Første semester medisin- og odontologistudiet171
MEDOD2Andre semester medisin- og odontologistudiet252
OD1INTROIntroduksjonskurs i odontologiske fag31–21
OD1ORBI1Oral biologi del 152
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MOSEMExamen philosophicum - seminarmodell101
EXPHIL-MOEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101
2. studieår maod - studieplan 2006
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
OD1ANAAnatomi173
OD1FYSMenneskets fysiologi173
OD1ORBI2Oral biologi del 274
OD2PATIGenerell patologi og immunologi94
OD2PROP1Propedeutikk del 1: Kariologi104
OD2BIMBiomaterialer54–64
3. studieår maod - studieplan 2006
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
OD2RØNOdontologisk røntgendiagnostikk64–54
OD2MIKRMikrobiologi24
OD2KLIFØRKlinisk innføringskurs54–54
OD2PROP2Propedeutikk del 2: Protetikk135–65
OD3PER-K3Periodonti + godkjent klinikk tredje studieår85–65
OD3KAR-K3Kariologi + godkjent klinikk tredje studieår105–65
OD3PRO-K3Protetikk + godkjent klinikk tredje studieår56
OD2FARFarmakologi36
OD3END-K3Endodonti; propedeutikk36
4. og 5. studieår maod - studieplan 2006
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
OD3KAR-K4Karologi + godkjent klinikk fjerde studieår47
OD3PER-K4Periodonti + godkjent klinikk fjerde studieår47–87
OD3END-K4Endodonti + godkjent klinikk47–87
OD3PRO-K4Protetikk + godkjent klinikk fjerde stud.år77–87
OD3PED-K4Pedodonti fjerde studieår57–87
OD3KOS-K4Kjeve- og slimhinnelidingar fjerde studiår97–87
OD3PROSJProsjektoppgåve/masteroppgåve127–107
OD3KJEKjeveortopedi117–87
OD3PASMPasientmottak28
OD3ALMAllmennodontologi287–107
OD3SAMSamfunnsodontologi78–98
OD3PRARapport praksisstudie (integrert masteroppgåve)39
OD3KOS-H5Kjeve- og slimhinnelidingar høst femte studiår69
OD3PED-K5Pedodonti femte studieår69–109
OD3KOS-V5Kjeve- og slimhinnelidingar vår femte studiår1210
OD3RØNKjeve- og ansiktsradiologi010
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Gjennom studieopphald ved utanlandske universitet får du sjansen til å oppleve fagmiljø som fungerer annleis enn her heime. Eit utanlandsopphald gir kunnskap om andre tenkemåtar og andre prinsipp, kunnskap som du kan bygge vidare på seinare i yrkeslivet. Utvekslinga er tilpassa den siste delen av profesjonsstudiet, der du jobbar relativt sjølvstendig i klinisk teneste.

Les meir om utveksling her:
Informasjon om utveksling

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO).

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 (eller ­Matematikk S1 og S2) og Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.

Odontologi_Emil Breistein (45).jpg

Odontologi
Foto:
Emil Breistein

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

About the programme

Søkerkode i Samordna opptak
184742

Les heile studieplanen

Contact

Det medisinske fakultet