Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i psykologi

  • Studiepoeng120
  • Lengde4 Semester
  • Studieplassar40
  • StudiestartHaust
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudieplanLes studieplan

Presentasjon

Introduksjon

Kva for innverknad har nervesystemet på kognisjon og åtferd? Kva skal til for å fungere som ein endringsagent i ein organisasjon? Kva for nytenking fins i psykologifaget i desse dagar?

Masterprogrammet i psykologi byggjer på forsking og ekspertise i basale og bruksretteta felt i psykologi til å utdanne studentar med høg kompetanse i psykologifaget.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i psykologi. Studiet har tre studieretningar; studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi, psykologisk vitskap og åtferd og nevrovitskap.

Mål og innhald

Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi, og studentane vil i første semesteret gjennomføre felles undervisning og seminar med vekt på aktuelle perspektiv i psykologisk forsking, vitskapsteori og forskingsmetode. Dei påfølgjande semestera vil gje studentane ei fordjuping innan studieretningane arbeids- og organisasjonspsykologi, psykologisk vitskap eller åtferd- og nevrovitskap. I det siste studieåret vil studentane bli knytt til ei av fakultetets forskingsgrupper. Studentar på studieretninga åtferd- og nevrovitskap vil skrive ei masteroppgåve på 60 sp, medan studentar på studieretningane arbeids- og organisasjonspsykologi og psykologisk vitskap vil kunne velje mellom å skrive ei 60 sp eller 30 sp masteroppgåve. Dei som skriv 30 sp masteroppgåve, må ta førehandsgodkjende valemne tilsvarande 30 sp, og desse kan gjennomførast ved godkjende lærestader i utlandet. Studieprogrammet skal byggje på forsking og ekspertise i basale og bruksretta felt i psykologi til å utdanne kandidatar med høg kompetanse i psykologi, samt danne grunnlag for vidare fordjuping (PhD-studium og anna forsking i psykologi). Studiet kvalifiserer for ulike typar arbeid der informasjonskompetanse, kritisk tenking, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i team er etterspurde evner.

Studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi:
Studiet har som mål å gje deg forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling.

Studieretning psykologisk vitskap:
Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande for studentar som ønskjer ei vidare utdanning i faget. Studiet har fokus på forsking og går i djupna på tradisjonar, nytenking, metodar og bruk av analytiske verktøy i faget. Studiet byggjer på både grunnforsking og bruksretta forsking innanfor psykologifeltet. Tilbodet av fordypningsemna på studieretninga i psykologisk vitskap er basert på forskningsgruppene ved instituttet og vil av den grunn variere noko frå år til år. Våren 2017 vil følgande emner bli tilbudt: MAPSYK312, MAPSYK313, MAPSYK316 og MAPSYK317

Studieretning Åtferd og nevrovitskap

Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi (med biologisk psykologi som ein føresetnad). Føremålet med programmet er å gi ei oversikt over samanhengen mellom hjernen til mennesket og åtferd og kognisjon. Fordjupingsemna gjev eit innblikk i teorigrunnlaget for grunnleggjande forsking på menneskehjernen, i tillegg til forsking knytt til psykiatriske, nevrologiske og andre kliniske tilstandar. Laboratorieøvingar og praktiske demonstrasjonar gir kompetanse i forskingsmetodar i nevrovitskap, inkludert nevroradiologi.

Fagleg profil

I 2017 vert masterprogrammet revidert med nye studieløp for nye studentar som får opptak med oppstart hausten 2017. Sjå denne infosida om endringane: https://www.uib.no/nb/psyfa/104817/nytt-studiel%C3%B8p-nye-masterstudentar-i-psykologi-hausten-2017

Masterprogrammet i psykologi gjev ein kompetanse i psykologifaglege kjerneområde. Graden har tre studieretningar: Studieretning for arbeids- og organisasjonspsykologi, studieretning for psykologisk vitskap og studieretning for åtferd og nevrovitskap. Programmet er bygd opp i tett samarbeid med instituttas forskingsgrupper og har ei ikkje-klinisk vinkling

Studiestart - semester

Haust

Nyt livet under studiet!
Oyeniyi Samuel Olaniyan
Vitenskapelig assistent

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten skal ved fullført grad:

  • ha avansert kunnskap innanfor ei av dei tre studieretningane arbeids- og organisasjonspsykologi, psykologisk vitenskap eller åtferd og nevrovitenskap.
  • ha inngåande kunnskap om dei vitskaplege teoriane og metodane i psykologifaget.

Dugleik:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

  • nytte sine kunnskapar og evner på nye område for å gjennomføre avanserte prosjekt og oppgåveløysingar.
  • analysere faglege problemstillingar og forskingsspørsmål med basis i psykologifaget, i faghistoria, fagtradisjonane, eigenarten til faget og plassen det har i samfunnet.
  • analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor psykologifaget, og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing.
  • bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte.
  • analysere og halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere fagleg baserte resonnement.
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing som er i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar.

Generell kompetanse:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

  • analysere fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar innan psykologifaget.
  • formidle frå eige sjølvstendig arbeid og meistre uttrykksformene i psykologifaget.
  • kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor psykologifaget, både med spesialistar og til allmenta.
  • bidra til fagleg nytenking og innovasjonsprosessar.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Ein student som vel 30 stp mastergradsoppgåve kan gjennomføre inntil 30 stp studiespesialisering i utlandet.

Anbefalte utvekslingsavtalar

Korleis søke

Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget til master i psykologi er:

  • Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad).
  • Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande.
  • C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa.
  • Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
  • Minstekrav til norsk og engelsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Det presiseras at søkarane må ha god skriftleg og munnleg førestellingsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.
Sjå utfyllande opptaksreglement for masterprogrammet i psykologi for meir informasjon.

Studiestart - semester

Haust

Oppbygging

Masterprogram i psykologi (krav 120 SP)
Studieretninger (krav 120 SP)
Studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi (krav 120 SP)
Masterprogram i psykologi, fellesemne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK301Perspektiv i psykologisk vitskap151
MAPSYK302Forskingsmetodar152
Arbeids- og organisasjonspsykologi - Fordjupningsemne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK321Organisasjons- og leiarutvikling151
MAPSYK322Team- og arbeidsmiljøutvikling152
Masterprogram i psykologi - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Veiledningskontrakt
Valemne (krav 15 SP)
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK323Praktisk utviklingsarbeid og rollen som intern og ekstern utviklingsagent: studentfirma154
Masteroppgave 45 sp (krav 45 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK345Masteroppgåve i arbeids- og organisasjonspsykologi453–43
Masteroppgåve (krav 60 SP)
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
Vel minst eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK330Masteroppgåve i psykologi303–43
MAPSYK360Masteroppgåve i psykologi603–43
30 sp valemne
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
Studieretning psyk. vitskap - fordjuping psykologisk vitskap (krav 120 SP)
Masterprogram i psykologi, fellesemne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK301Perspektiv i psykologisk vitskap151
MAPSYK302Forskingsmetodar152
Psykologisk vitenskap - Fordypningsemner (krav 30 SP)
Fire av emna blir tilbode
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK316Turistopplevingas psykologi7.52
MAPSYK317Videregåande tema i kognitiv psykologi7.52
Vel minst fire av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK312Menneskelege faktorar i operative situasjonar7.51
MAPSYK313Psykologiske perspektiv på kulturelt mangfald i samfunns- og arbeidsliv7.51
Masterprogram i psykologi - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Veiledningskontrakt
Masteroppgåve (krav 60 SP)
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
Vel minst eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK330Masteroppgåve i psykologi303–43
MAPSYK360Masteroppgåve i psykologi603–43
30 sp valemne
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
Studieretning Åtferd og nevrovitskap (krav 120 SP)
Masterprogram i psykologi, fellesemne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK301Perspektiv i psykologisk vitskap151
MAPSYK302Forskingsmetodar152
Behavioral Neuroscience - Fordjupningsemne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK319ABehavioral Neuroscience 1: Biological Psychology152
MAPSYK319BKognitiv nevrovitskap151
Masterprogram i psykologi - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Veiledningskontrakt
Masteroppgave 60 sp (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK360Masteroppgåve i psykologi603–43
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Studieretningar

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Kontakt

Meir informasjon

studierettleiar.psyfa@uib.no / 55 58 27 10