Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
FRAM

Historie legg om undervisninga

Frå januar 2023 legg historiefaget ved UiB om undervisninga si. Her finn du informasjon som gjeld deg og ditt studieprogram.

Bilde av studenter
Omlegginga av historiefaget har ulike konsekvensar for ulike studentgrupper. Finn ut kva gruppe du høyrer heime i, og sjekk kva omorganiseringa har å seie for deg.
Foto/ill.:
Emil W. Breistein

Hovedinnhold

Historiefaget går over til blokkundervisning, noko som inneber at dei fleste emne vil gå over eit halvt semester. Når du tek to emne i eitt semester, skal du altså ta det eine fyrst og det andre etterpå, i staden for å ta begge emna parallelt gjennom heile semesteret. Historie snur dessutan om på rekkjefølgja på emna, slik at nokre emne vert flytta frå vår til haust, og omvendt.

Omlegginga vert gjort som del av prosjektet UiB FRAM, som tek sikte på å skape betre vilkår for forskinga ved universitetet. Vi trur at omlegginga av forskinga òg gjev betre vilkår for læring. Studentane vil møte eit studium som er meir logisk oppbygd, og som vonleg vil gjere det enklare å organisere studiekvardagen. 

Omlegginga har ulike konsekvensar for ulike studentgrupper. Finn ut kva gruppe du høyrer heime i ut frå lista nedanfor, og sjekk kva omorganiseringa har å seie for deg!

Bachelor i historie 

Eg starta på bachelorprogrammet i historie hausten 2022

  • Våren 2023 skal du ta HIS101 og HIS102
  • Hausten 2023 skal du ta to fordjupingsemne
  • Våren 2024 skal du ta HIS203 og HIS250

Spesifikt for deg med studieretning Midtausten

  • Hausten 2023 skal du ta HIM101 og eit fordjupingsemne i Midtaustens historie
  • Våren 2024 skal du ta HIS203 og HIM250

Eg starta på bachelorprogrammet i historie hausten 2021 og er ikkje forseinka med studiane

Spesifikt for deg med studieretning Midtausten

Eg starta på bachelorprogrammet i historie hausten 2021 eller tidlegare og er forseinka med studiane

Spesifikt for deg med studieretning Midtausten

  • Våren 2023 og våren 2024 kan du ta HIS203 og HIM250
  • Våren 2023 kan du ta HIM104 om du manglar dette fordjupingsemnet.
  • Hausten 2023 kan du ta HIM101

Eg går på eller har tenkt å ta masterprogrammet i historie

HIS302 vert undervist og vurdert i blokk 1 på hausten (i tida fram til ca. 10. oktober), medan HIS304, HIS308 og HIS309 vert undervist og vurdert i blokk 1 på våren (i tida fram til ca. 15. mars).

Årsstudium i historie/frie studiepoeng

Eg har tenkt å ta historieemne som årsstudium våren 2023 eller seinare

Eg har tenkt å ta historieemne som frie studiepoeng våren 2023 eller seinare

Lektorprogrammet med historie som fag 1 eller fag 2 

Eg starta på lektorprogrammet hausten 2022 og har historie som fag 1

  • Våren 2023 skal du ta HIS101 og HIS102
  • Hautsen 2023 skal du ta HIS120 og eit fordjupingsemne i historie (HIS113, HIS114, HIS115 eller HIS116). Instituttet vil sikre at et utval av fordjupingstema vil vere kollisjonssikra for lektorstudentane.
  • Våren 2025 kan du ta HIS203 i kombinasjon med bacheloroppgåva i fag 2.
  • Hausten 2025 skal du ta HIS302L som vil gå i bolk 1 og vil kollisjonssikras mot lang praksis

Eg starta på lektorprogrammet hausten 2021 eller tidlegare og har historie som fag 1

  • Vårensemester 2023 eller 2024 kan du ta HIS203 i kombinasjon med bacheloroppgåva i fag 2.
  • Hausten 23 eller 24 skal du ta HIS302L som vil gå i bolk 1 i haustsemesteret og vil kollisjonssikras mot lang praksis

Eg starta på lektorprogrammet hausten 2022 og har historie som fag 2

  • Våren 2024 skal du ta HIS101 og HIS102
  • Hausten 2024 skal du ta HIS120 og eit fordjupingsemne i historie (HIS113, HIS114, HIS115 eller  HIS116). Instituttet vil sikre at et utval av fordjupingstema vil vere kollisjonssikra for lektorstudentane.
  • Våren 2025 skal du ta HIS250L.

Eg starta på lektorprogrammet hausten 2021 og har historie som fag 2

  • Våren 2023 skal du ta HIS101 og HIS102
  • Hausten 2023 skal du ta eit fordjupingsemne i historie (HIS113, HIS114, HIS115 eller  HIS116). Instituttet vil sikre at et utval av fordjupingstema vil vere kollisjonssikra for lektorstudentane.
  • Våren 2024 skal du ta HIS250L.

Eg starta på lektorprogrammet hausten 2020 eller tidlegare og er forseinka.