Historie legg om undervisninga
Frå januar 2023 legg historiefaget ved UiB om undervisninga si. Her finn du informasjon som gjeld deg og ditt studieprogram.
Main content
Historiefaget går over til blokkundervisning, noko som inneber at dei fleste emne vil gå over eit halvt semester. Når du tek to emne i eitt semester, skal du altså ta det eine fyrst og det andre etterpå, i staden for å ta begge emna parallelt gjennom heile semesteret. Historie snur dessutan om på rekkjefølgja på emna, slik at nokre emne vert flytta frå vår til haust, og omvendt.
Omlegginga vert gjort som del av prosjektet UiB FRAM, som tek sikte på å skape betre vilkår for forskinga ved universitetet. Vi trur at omlegginga av forskinga òg gjev betre vilkår for læring. Studentane vil møte eit studium som er meir logisk oppbygd, og som vonleg vil gjere det enklare å organisere studiekvardagen.
Omlegginga har ulike konsekvensar for ulike studentgrupper. Finn ut kva gruppe du høyrer heime i ut frå lista nedanfor, og sjekk kva omorganiseringa har å seie for deg!
Bachelor i historie
Eg starta på bachelorprogrammet i historie hausten 2022
Eg starta på bachelorprogrammet i historie hausten 2021 og er ikkje forseinka med studiane
Eg starta på bachelorprogrammet i historie hausten 2021 eller tidlegare og er forseinka med studiane
Årsstudium i historie/frie studiepoeng
Eg har tenkt å ta historieemne som årsstudium våren 2023 eller seinare
Lektorprogrammet med historie som fag 1 eller fag 2
Eg starta på lektorprogrammet hausten 2022 og har historie som fag 1
- Våren 2023 skal du ta HIS101 og HIS102
- Hautsen 2023 skal du ta HIS120 og eit fordjupingsemne i historie (HIS113, HIS114, HIS115 eller HIS116). Instituttet vil sikre at et utval av fordjupingstema vil vere kollisjonssikra for lektorstudentane.
- Våren 2025 kan du ta HIS203 i kombinasjon med bacheloroppgåva i fag 2.
- Hausten 2025 skal du ta HIS302L som vil gå i bolk 1 og vil kollisjonssikras mot lang praksis