Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Studentrepresentasjon og fagutvalg

Studentorganisasjonar og fagutval gjer ein viktig jobb for at du skal trivast som student, både fagleg og sosialt. Her finn du informasjon om studentorganisasjonar og fagutval ved AHKR.

Hovedinnhold

I alle organ ved Universitetet i Bergen som har vedtaksmyndigheit har studentane krav på 20 prosent representasjon. Slik kan dei vere med på å bestemme korleis universitetet skal vere.

Studentar i råd og utval

Ved AHKR er studentane i hovudsak representerte i tre demokratiske utval ved instituttet: Fagmøte på fagnivå, som skal ha to studentrepresentantar som normalt vert valde av fagutvalet; Utval for undervising og internasjonalisering (UUI) og Instituttrådet på instituttnivå. Instituttutvalet vel studentrepresentantar til UUI og Instituttrådet.

Om ein ynskjer å sitje som studentrepresentant er det ikkje naudsynt å ha vore med i utval eller råd tidlegare. Det er derimot viktig å lese dei sakspapira som vert sende ut, og å setje seg inn i kva dei ulike utvala og råda har ansvar for. Du finn relevant informasjon om utvala her.

Instituttet har ein kontaktperson som har ansvar for rådgjeving og koordinering av fagutvala, og som kan hjelpa studentane med spørsmål om drift og økonomi.

Fagutval

Fagutvala er faglege og fagleg-sosiale utval. Her kan alle studentar vere med, det er ingen avgrensing for kor mange som kan sitje i fagutvalet. Fagutvalet er basert på frivillig innsats, og gir nyttig erfaring.  

Fagutvalet 

  • tar vare på interessene til studentane ved faget
  • tar opp eventuelle saker tilknytta eksamen, pensum, undervising og liknande direkte med studiekonsulenten ved faget og/eller fagkoordinator, eller i Instituttutvalet ved AHKR
  • er bindeleddet mellom studentane ved faget og Instituttutvalet ved AHKR, administrasjonen og fagmøta 
  • fremjar fagleg-sosiale aktivitetar ved faget ved for eksempel å arrangera:

- allmøte for studentane ved faget for å velje fagutvalet sine representantar og verv

fagkritisk dag

- møter for fagutvalet for å planlegga semesteret og arrangementer 

- faglege arrangement, t.d. faglunsj 

- sosiale samankomstar, quiz etc

Instituttutval 

Instituttutvalet (IU) 

  • Vel studentrepresentantar til UUI og Instituttrådet
  • er det øvste studentutvalet på instituttnivå ved AHKR 
  • opererer i stor grad som eit fagutval på instituttnivå 
  • er ei samla stemme for alle studentane ved AHKR til administrasjon og ledelse
  • arbeider for økt samarbeid mellom faga ved instituttet
  • fungerer rådgjevande for fagutvala
  • handterer eller vidareformidlar saker som er for store for fagutvalet, eller som tilhøyrer instituttnivå 
  • held sosiale arrangement for alle fag ved instituttet

Fagmøte

Fagmøta ved instituttet er knytt til dei ulike fagmiljøa. Her sit dei fagleg tilsette, studierettleiar og representantar for studentane. Fagmøta for kvart fag har ansvar for studieprogrammet si oppbygging, pensum, eksamen, undervising og andre saker på fagnivå. 

UUI

I UUI sit undervisningskoordinator og fagkoordinatorane ved AHKR. Studentane har krav på to representantar med røysterett i UUI. AHKR ønskjer samstundes at alle fire fag er representerte med student på møtet, og har difor ei ordning med fire studentrepresentantar – ein frå kvart fag – som kvar har ei halv stemme. Kvar representant skal ha ein vara. Instituttutvalet vel studentrepresentantar til UUI.

UUI har eit overordna blikk på studie- og emneplanar, bruken av tilgjengelege undervisingsressursar på instituttet, og arbeider for å oppfylla dei langsiktige og strategiske måla for undervising og internasjonalisering på AHKR. 

 

Instituttråd

Instituttrådet består av representantar for dei fagleg tilsette, for administrativt eller teknisk tilsette, og for studentane. Studentane har to representantar i instituttrådet, som vert valde av Instituttutvalet. Kvar av desse skal ha to vararepresentantar. Sakane som vert tekne opp i instituttrådet vedkjem ulike sider ved drifta av instituttet, både faglege og meir administrative sider. Døme på dette er forskingsmeldingar, forskingsutdanningsmeldingar, utdanningsmeldingar, budsjett og rekneskap. 

 

Om å drive fagutval ved AHKR

Kva eit fagutval er og kva dei kan gjere er ikkje alltid lett å få tak på, og i det følgjande vert det gitt svar på ein del ofte stilte spørsmål om fagutvala: kva dei er og kva dei gjer. For å finne ut endå meir er sjølvsagt det beste å verte med i eit fagutval sjølv.

Ved semesterstart er fagutvala med på informasjonsmøte for sine respektive fag. Der er det mogleg å finne ut meir om fagutvala. Det er òg mogleg å finne ut meir på fagutvala sine eigne sider, eller ved å kontakte fagutvala direkte.

Det er til ei kvar tid medlemmane i fagutvala som i stor grad er med på å forme korleis fagutvalet fungerer og kva ein jobbar mest med. Er du interessert i å påverke fagmiljøet anten fagleg eller sosialt, er fagutvalet ein god stad å byrje!

Kva og kven

Kva er eit fagutval?

Fagutvala tek vare på studentane sine interesser. Eit fagutval har røter i dei ulike faga, og dei fleste faga ved fakultetet har eit fagutval.I fagutvala samlast interesserte studentar som ynskjer å bidra til fagmiljøet, anten ved å jobbe med spørsmål som er fagleg relatert, eller med sosiale tiltak. Som regel gjer fagutvala litt av begge delar.

Kven kan vere med?

Uansett om ein er ny student på faget eller har vore student i fleire år, kan ein vere med i eit fagutval. Det er ingen grense for kor mange som kan vere med i eit fagutval, alle får vere med.

Kva fagutval finst på AHKR?

Ved AHKR er det fem fagutval:

  • Arkeologi
  • Historie
  • Kulturvitskap
  • Religionsvitskap
  • Lektorprogram i historie eller religionsvitskap

Aktivitetar

Kva faglege aktivitetar kan fagutvala jobbe med?

Fagutvalet vert spurde i sakar som vedkjem det faget utvalet er knytt til. Eit døme på dette er at medlemmar i fagutvalet kan sitje i Fagmøte. Saker som er viktige for faget vert tekne opp og studentane har stemmerett.Fagutvala har òg fått avsett ein dag i kvart vårsemester til Fagkritisk dag. Første torsdagen i mars er det undervisingsfri, og dette er for at ein skal ha høve til å stille fagkritiske spørsmål. Her kan ein arrangere foredrag, debattar, ekskursjonar eller anna som kan setje lys på ulike sider ved faget.

Kva fagleg-sosiale aktivitetar kan fagutvala drive med?

Fagleg-sosiale aktivitetar er òg ein kjekk og viktig side ved fagutvala. Døme på typiske arrangement er faglunsjar, fagfestar, filmkveldar eller liknande. Dette er både sosialt og ein uformell måte å nærme seg faget på.

Økonomi

Kvart kalenderår får kvart av fagutvala ved AHKR 2000 kr frå instituttet. Det er fagutvala som sjølv må fordele bruken av pengane ut over året, slik at dei rekk til både vårsemesteret og haustsemesteret.Pengane frå instituttet vert ikkje overført til fagutvala, men er pengar som vert stilt til disposisjon for fagutvalet ved byrjinga av kalenderåret. Ein må dermed først betale det ein ynskjer å nytte pengane til, og ein får så refundert utgiftene.

Korleis nytte pengane til fagutvalet?

  • Ein må først betale varen/tenesta, og få ei kvittering.
  • Ein må sende kvitteringen til instituttet, og oppgi navn, adresse og kontonummer.
  • Pengane ein har lagt ut vert overført tilbake til konto så snart økonomiavdelinga har handsama saka.

NB. Om det er arrangement som skal gjennomførast og ingen har pengar å leggje ut, må dette takast opp med instituttet ved studieleiar. Fagutvala kan søkje instituttet om ekstra midlar til spesielle arrangement. Ein slik søknad skal sendast på e-post til instituttet.

Kontaktpersonar ved AHKR

Her er ei oversikt over kven fagutval og studentrepresentantar kan ta kontakt med ved instituttet. 

Generelle spørsmål
Om ein er usikker på kvar ein skal vende seg for å få svar på det ein lurar på, kan ein spørje i ekspedisjonen på AHKR.

Faglege saker
I saker som vedkjem det enkelte faget, innhaldet i emneplanar eller anna av fagleg relevans kan ein snakke med studierettleiar og fagkoordinator for det einskilde faget. Elles er det mogleg å ta opp slike saker på fagmøta.

Val av representantar til instituttråd og UUI
Informasjon om val av representantar til instituttråd og UUI kan ein få hos Anna Lisa Arefjord.

Attestar og møtegodtgjersle for UUI og instituttrådet
Attestar for arbeidet i UUI og i instituttrådet, samt utbetaling av møtegodtgjersle, er det Anna Lisa Arefjord som har ansvar for.

Endring av e-postadresser
For å oppdatere mottakarane av e-post som vert sendt til fagutvala sine UiB-adresser må ein ta kontakt med Anna Lisa Arefjord.

Økonomien til fagutvala
Informasjon om økonomien til fagutvala, kor mykje ein får av instituttet og korleis ein kan bruke pengane står lenger oppe på sida. Om det framleis er noko som er uklårt med omsyn til den generelle økonomien til fagutvala ved AHKR kan ein rette spørsmåla til studieleiar Jan Jacob Hoffmann. Om ein treng pengar til større arrangement eller forskotering av pengar kan ein òg ta kontakt med studieleiar. Spørsmål som vedkjem tilgjengelege midlar, som kor mykje pengar ein har brukt og kor mykje som er att for året, kan ein få svar på av Terje Selland.

Innlevering av kvitteringar til refusjon
Om ein sit i eit fagutval og skal levere skjema for å få refundert pengar, eller har spørsmål om utfylling av dette skjemaet, kan ein vende seg i ekspedisjonen hos AHKR. Den ligg i Øysteinsgt. 3, i første etg.