Hjem
Institutt for sosialantropologi
Utveksling

Til minusgradar og lockdown i Wien

Sofie hadde tidlegare vore eit halvår i Australia og ville på utveksling på ny. Korona gjorde moglegheitene færre, og ho enda opp i Wien, ein by ho aldri hadde vore før. Det var krevjande med digital undervising og ein annleis studiekvardag. – Men det har vore veldig kjekt og lærerikt, likevel! seier ho. Les meir om Sofie sine opplevingar på utveksling her.

Bilete av studentar i Alpene
Å kunne oppleve skisesongen i Austerrike var ein av grunnane til at Sofie Pernille Hole valte Wien som destinasjon for utveksling.
Foto/ill.:
Sofie Pernille Hole

Hovedinnhold

Semesteret i Brisbane gav meirsmak på å studere utanlands. Ein får nye faglege perspektiv og verdifulle erfaringar gjennom utveksling. Eg lærte utruleg mykje, både akademisk og personleg, og eg ynskja å nytte meg av moglegheita til å ha to utanlandsopphald i bachelorgraden. I tillegg er det ei svært nyttig erfaring i arbeidslivet, og for framtidig feltarbeid på master i sosialantropologi.

Tilfeldige Wien

Det var tilfeldig at eg reiste til akkurat Wien. Eg skulle eigentleg på utveksling til Egypt hausten 2020, så til Amsterdam våren 2021, men begge vart avlyst grunna covid-19. Dermed måtte eg raskt finne ein ny by eg kunne tenke meg å utveksle til. Wien verka som eit trygt alternativ med tanke på korona, og eg hadde aldri vore der før. Wien er ikkje langt frå Alpane, så mogelegheita til å oppleve skisesongen i Austerrike var ein av grunnane til at eg reiste akkurat dit. I tillegg hadde eg høyrt mykje positivt om Wien, så blei det der eg enda opp til slutt.

Eg studera sosialantropologi, men eg reiste til Wien gjennom samanliknande politikk sin utvekslingsavtale. Kvart fag hadde få studiepoeng, så eg måtte velje sju fag for å få 30 studiepoeng. Dermed valgte eg fag både innan statsvitskap og sosialantropologi. All undervisning var digital gjennom heile semesteret, så studiekvardagen gjekk for det meste føre seg på rommet i kollektivet.

Det var litt spesielt å ikkje treffe nokon av dei eg studerte med, og berre kommunisere digitalt. I eksamensperioden sat eg mykje på biblioteket ved campus med andre studentar eg blei kjent med. Mot slutten av mai opna endeleg kafeane så vi kunne sitte der i tillegg. På grunn av lockdown og online undervisning så har nok studiekvardagen vore ganske utypisk for eit utvekslingssemester, men det har vore veldig kjekt og lærerikt likevel.

Lær språket!

Eg kunne ikkje noko tysk før eg reiste, så språket var nok det mest utfordrande. Alle dei eg vart godt kjend med kunne tysk, og eg var som regel den einaste ikkje-tysktalande i rommet. Etter kvart bestemte eg meg for å delta på språkkurs, og då vart det litt betre. Dersom eg ville gjort noko annleis i forkant av opphaldet, så ville eg ha gjort ein innsats for å lære litt tysk, eller meldt meg på språkkurs før semesteret starta. Det var krevjande å ha undervisning i sju fag i veka, i tillegg til språkkurs to gangar i veka, sjølv om det berre var for ein liten periode.

Ettersom eg reiste aleine så var kanskje det mest lærerike å komme seg rundt og bli kjend med ein ny by heilt på eiga hand. Det var minusgrader og lockdown då eg kom til Wien, og på grunn av restriksjonane vart det ikkje arrangert noko med fysisk oppmøte av universitetet. Fritidsaktivitetar og andre møteplassar var heller ikkje mogeleg å nytte seg av den første halvdel av opphaldet. Dermed måtte ein kanskje vere litt meir aktivt søkande for å komme i kontakt med folk enn kva ein elles må vere på utveksling. Å bli kjend med ein ny kultur, og lage seg ein ny kvardag i eit nytt land har vore veldig lærerikt og gjevande.

Utveksling - ein sjanse for livet

Eg vil absolutt anbefale alle som vurdera å dra på utveksling om å reise! Mange tenker kanskje at det er mykje styr og praktiske greier som må ordnast, men utveksling er heilt klart verdt det. Med god stipendordning og støtte frå Lånekassen er utveksling ein fantastisk moglegheit å bu i eit anna land for ein periode. Eg vil råde alle som skal reise til å ta initiativ for å komme i kontakt med folk, og ikkje vente på at andre skal komme til deg.