Sentrale teoriar i digital kultur

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet gir studentane ei innføring i aktuelle teoriar og debattema frå fagfeltet Digital kultur. Studentane skal lære å orientere seg i eit vidt landskap av forståingsrammer som dei vil kunne nytte til å observere, skildre og fortolke forholdet mellom individ, samfunn og teknologi. Ein vil leggje særskild vekt på forståinga av både digitale objekt (som til dømes sosiale medium, digital kunst og litteratur) og mennesket sitt møte med den digitale verda. Gjennom forelesingar og eige arbeid skal studentane lære å vurdere og bruke aktuelle teoriar i masterstudiet sitt og bruke desse til å granske konkret forskingsmateriale.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar om:

  • sentrale tekstar innan Digital kultur
  • sentrale teoriar og teoretikarar innan fagfeltet Digital kultur
  • sentrale debattspørsmål innan Digital kultur, til dømes rundt teknologi, kropp, identitet, kjønn og etnisitet
  • aktuelle estetiske etiske og filosofiske tema i Digital kultur og tilgrensande fagfelt

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • orientere seg blant konkurrerande innfallsvinklar og utforme ei sjølvstendig tilnærming til fagfeltet
  • samanlikne konkurrerande forståingsrammer og vurdere deira relevans for eit konkret tema innan Digital kultur
  • utforme kunnskapsmål som grunnlag for metodeutvikling i mastergradsprosjektet i Digital kultur

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • anvende inngåande kunnskapar om akademisk skriving inkludert strategiar for dokumentasjon og bibliografi
  • kritisere allmenne førestellingar i media med utgangspunkt i teori
  • formulere og formidle denne refleksjonen overfor både eit akademisk og eit allment publikum

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag er DIKULT104 eller DIKULT251.
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i digital kultur. Studentar på andre masterprogram ved Universitetet i Bergen kan søkje Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier om å få melde seg til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer

Det er tjue veker i semesteret, der ti veker normalt har undervisning. Ei veke med undervisning vil normalt innehalde eitt seminar på tre timar. Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg i byrjinga av semesteret.

Det blir forventa at studentane tar aktivt del i diskusjonar i klasserommet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

Det vert gitt omlag sju mindre oppgåver som ein del av kurset. Desse oppgåvene er normalt skriftlege arbeid, som til dømes teksttolkingar, analytiske svar på gitte spørsmål, casestudiar eller feltarbeid. Dei skal presenterast munnleg i undervisinga individuelt eller i gruppe. Dei er anten godkjende eller ikkje godkjende. Emneansvarleg godkjenner.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
Semesteroppgåve, med eit omfang på omlag 4000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F. Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste

Studentane skal lese eit omfattande felles pensum (tilsvarande mellom 500 til 1000 sider) av bøker, artiklar, nettbaserte tekstar og materiale, filmar og digitale artefaktar. Studentane må vere førebudde på å lese lengre tekstar.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver bruke og vise til kjelder på andre språk.

I samarbeid med emneansvarleg skal studentane sjølve velje teoribasert tilleggsfagstoff tilsvarande fellespensumet.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for digital kultur
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium