Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Introduksjon til atmosfære, hav og klima

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål
Emnet gjev ei innføring i dei mest sentrale emna i meteorologi, oseanografi og klima med vekt på ei kvalitativ forklaring av dei fysiske prosessane.

Innhald
Emnet gjennomgår fysiske og kjemiske eigenskapar ved atmosfæren og havet og korleis dei påverkar kvarandre. Emnet gjev vidare ei innføring i kva krefter som er årsak til sirkulasjonen i havet og atmosfæren og ein gjennomgang av globale vêrsystem og havstraumar. Studentane vil få ei innføring i dei viktigaste energiformene og korleis energi vert transportert i luft og vatn. Viktige prosessar som til dømes danning av skyer og nedbør, tidevatn og bølgjefenomen vert gjennomgått. Grunnleggjande variasjonar og endringar i klima på ulike tidsskalaer vert og gjennomgått. Utvalde laboratorieeksperiment vil verte nytta for å illustrere sentrale prosessar for rørsla til luft og vatn på ei roterande jord. I gruppeøvingane vert det lagt vekt på ei praktisk innføring i geofysisk dataanalyse ved hjelp av eit moderne programmeringsspråk. Ingen forkunnskapar i programmering er naudsynt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om den kjemiske og fysiske samansetjinga til atmosfæren og havet.
  • har grunnleggjande kunnskap om energiformer og transport av energi i hav og luft
  • har kjennskap til den hydrologiske syklusen og faseovergangane til vatn
  • kjenner til prinsippa for tidevatn og ulike bølgjefenomen.
  • kan gjengi grunnleggjande prinsipp for danninga av sirkulasjon i atmosfæren og havet.
  • kjenner til sentrale vêrsystem og havstraumar på jorda
  • har oversikt over storskala klimavariasjonar på ulik tidsskala
  • kjenner til ulike typar luftforureining

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forstå og nytte grunnleggjande fagterminologi og uttrykksformer
  • kan finne, vurdere og vise til vitskapeleg informasjon
  • kan formidle grunnleggjande fagstoff
  • kan framstille vitskapleg informasjon skriftleg slik at det belyser ei problemstilling
  • kan lage dataprogrammer for enkle geofysiske utrekningar og visualisering av geofysiske data

 Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i fagets relevans for samfunnet
  • har evne til refleksjon og kritisk tenking omkring faglege spørsmål
  • kan planlegge og gjennomføre vitskapleg informasjonsinnhenting

Krav til forkunnskapar

Matematikk R1+R2 eller MAT111 (kan også lesast parallelt).

Tilrådde forkunnskapar

Fysikk 1+2 eller PHYS101.

Studiepoengsreduksjon

GEOF120 5 stp., GEOF130 5 stp., GEO113 5 stp.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av 4 timar førelesing og 2 timer med kollokvier per veke.

Her inngår opplæring i bruk av biblioteksressursar og innføring i bruk av digitale verktøy som brukast i vêrvarsling og praktisk dataanalyse ved hjelp av eit moderne programmeringsspråk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent semesteroppgåve (Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent samt dei tre etterfølgjande semestra.)

Vurderingsformer

Skriftleg slutteksamen, 5 timar. Må ha godkjent semesteroppgåve for å gå opp til slutteksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillate, i samsvar med modellar gitt i fakultetet sine reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna. der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet studierettleiar@gfi.uib.no.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studierettleiar@gfi.uib.no.
Tlf 55 58 28 93

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    07.12.2020, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    23.11.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen