Hjem
Utdanning
Masteremne

Avansert dynamisk oseanografi

Undervisningssemester

Haust
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Mål og innhald

Mål
Kurset har som mål å presentere avanserte emne innan storskala og mesoskala havsirkulasjon med utgangspunkt i dei styrande likningane i geofysisk væske-dynamikk.

Innhald
Med utgangspunkt i dei kvasigeostrofiske likningane som matematisk plattform, vil kurset dekkje Rossbybølgjer, barotrop ¿ og baroklin ustabilitet, storskala sirkulasjon med teoriar for vinddriven straum på midlare og høgare bredde som Sverdrup- og Stommel-teori, og sjiktingseffektar som oppstrauming og nedstrauming. Enkle teoriar for den tettleikdrivne storskala sirkulasjonen, samt dynamiske moder og virvelinduset adveksjon, vil også bli dekt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har god forståing av dei grunnleggjande prinsippa I storskala rørsle på ein roterende plane
  • forstår dei styrande likningane for ulike fenomen i geofysisk væskedynamikk
  • forstår kvasigeostrofisk dynamikk
  • forstår klassisk usabilitetsteori
  • forstår storskala vinddriven havsirkulasjon og klassiske teoriar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utleia dei kvasigeostrofiske likningane og diskutere barotrope og barokline løysingar for Rossbybølgjer.
  • kan utleia ulike løysingar for vinddriven havsirkulasjon, inkludert oppstrauming og nedstrauming
  • kan diskutera forenkla modellar for oppdriftsdriven havsirkulasjon
  • kan utleia og diskutere kvasigeostrofisk integralføringar for barotrop - og baroklin ustabilitet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utleie dei kvasigeostrofiske likningane og diskutere barotrope og barokline løysingar for Rossbybølgjer.
  • kan utleia ulike løysingar for vinddriven havsirkulasjon, inkludert oppstrauming og nedsynking
  • kan diskutera forenkla modellar for oppdriftdriven havsirkulasjon
  • kan utleia og diskutera kvasigeostrofisk integralføringar for barotrop - og baroklin ustabilitet

Krav til forkunnskapar

Bachelor i klima-, atmosfære- og havfysikk eller Bachelor i matematikk, fysikk, ev. meteorologi/oseanografi

Tilrådde forkunnskapar

GEOF110 og GEOF213, eller tilsvarande

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/ph.d.-utdanninga ved Det

matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav til emnet.

http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesninga 2 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Regelmessig oppmøte på rekneøvingar med presentasjon av eigne løysingar. Obligatorisk undervisningsaktivitet er gydlig inneverande og påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

GEOF330: 5 sp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast på studieveileder@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    02.12.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    18.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen