Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i geokjemi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOV109
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Deler av kurset blir undervist på engelsk.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår. Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen og Bømlo (ekskursjon)

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gi ei innføring i korleis kjemiske prinsipp blir brukte til å forklare mekanismane som kontrollerer dei store geologiske systema slik som jorda sin mantel, skorpe, hav og atmosfære, samt solsystemet si danning.

Innhald:
Emnet gir ei innføring i sentrale geokjemiske verkty og disiplinar slik som akvatisk geokjemi, sporelement-geokjemi og isotop-geokjemi, og korleis desse kan brukast for å forstå danninga av grunnstoffa solsystemet, jorda si geokjemiske samansetting og differensiering i ulike reservoar, alder av jordas bergarter, globale geokjemiske syklusar, jordas overflatemiljø og kjemiske teikn frå tidlege livsformer.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kan

  • beskrive samansetting av jorda sine geokjemiske reservoar
  • forklare elementfraksjonering og mobilitet, og korleis dette kan brukast til å forstå endogene og eksogene geokjemiske og geobiologiske prosessar
  • forklare fraksjonering av stabile isotopar og korleis slike data kan brukast til å belyse ulike geokjemiske og geobiologiske prosessar
  • forklare bruken av radiogene isotopsignaturar til å spore kjeldene til mineral, bergartar og fluid
  • forklare bruken av geokronologi til å datere magmatiske og metamorfe hendingar
  • forklare korleis kjemisk forvitring av mineral og bergartar kontrollerer samansetjinga av sediment/jordsmonn, ferskvatn og sjøvatn
  • forklare kvifor karbondioksid og karbonatlikevekter har ein sentral plass i forvitringsreaksjonar
  • forklare kvar ein finn dei største globale karbonreservoara og beskrive dei viktigaste prosessane som kontrollerer den globale karbonsyklusen

Ferdigheiter
Studenten kan

  • leie ut enkle kjemiske likninger for mineral-vatn reaksjonar og beskrive korleis reaksjonane påverkar miljøet
  • anvende ulike aktivitetsdiagram og Eh-pH diagram for å illustrere mineralstabilitet i ulike miljø
  • anvende fasediagram for å beskrive danning og differensiering av silikatsmelter
  • anvende REE- og sporelement-diagram til å bestemme danningsmiljø for vulkanske bergartar
  • rekne ut epsilon-verdiar for ulike radiogene isotopar, og bruke desse til å beskrive kjeldeforhald
  • rekne ut delta-verdiar for ulike stabile isotopar, og bruke desse til å beskrive fraksjonering
  • rekne ut alderen til bergartar og mineral ved hjelp av sentrale geokronologiske metodar

Generell kompetanse
Studenten

  • kan nytte eit presist fagspråk for å beskrive og diskutere geokjemiske tema
  • evnar å arbeide etisk, både individuelt og i samarbeid med andre
  • kan gjennomføre felt-ekskursjonar i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningslinjer

Krav til forkunnskapar

GEOV101, GEOV103

GEOV103 kan tas som tidleg eksamen i same semester.

Tilrådde forkunnskapar

KJEM110, KJEM120

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar: 2 timar per veke (12 veker)

Øvingar: 3 timar per veke (12 veker)

Ekskursjon: 3 dagar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende øvingar: essay og munnleg samtale.

Vurderingsformer

Grunna tiltaka mot spreiing av SARS-CoV-2 er UiB stengd for undervising og gjennomføring av campus-eksamen. Våren 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Mappeevaluering i staden for skriftleg skuleeksamen


Mappa består av essay og ein munnleg samtale.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEOL111

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent ved Institutt for geovitenskap, E-post: studiekonsulent@geo.uib.no