Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Geomikrobiologi

Undervisningssemester

Haust

Emne har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gje ei innføring i hovudgrupper av mikroorganismar som er viktige for biogeokjemiske syklusar og korleis desse deltar i nedbryting av mineral og bergartar og i utfelling og utforming av nye mineralavsetjingar.

Innhald:
Emnet gjev ei innføring i samanhengen mellom mikroorganismars metabolisme og geokjemiske miljø. Sentrale analytiske metodar for påvising og identifikasjon av mikroorganismar i materiale frå ulike geologiske miljø vert gjennomgått og demonstrert. Djupmarine sediment og hydrotermale system vert spesielt vektlagt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar

Studenten kan

  • gje ei oversikt over dei viktigaste mikrobielle metabolismane for biogeokjemiske syklusar
  • gje ei oversikt over dei viktigaste metodane for å påvise mikroorganismar i geologisk materiale
  • forklare korleis dei mikrobielle prosessane fører til oppløysing av mineral/bergartar og til utfelling av nye sekundære mineral
  • forklare samanhengen mellom geokjemiske profil og mikrobielle prosessar i ulike geologiske miljø

Ferdigheiter
Studenten kan

  • vurdere kva for biogeokjemiske prosesser som er mest viktige i ulike typer miljø
  • vurdere kva for type data som kan gje informasjon om dei biogeokjemiske prosessane i eit miljø

Generell kompetanse
Studenten kan

  • anvende et presist fagspråk til å beskrive og diskutere geomikrobiologiske prosessar i ulike miljø
  • demonstrere evnen til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre under gjennomføring av laboratorieoppgaver

Krav til forkunnskapar

GEOV101
Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet

Tilrådde forkunnskapar

BIO101 og GEOV243

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesninger 2 timer per uke i 12 uker

Øvelser 4 timer per uke i 12 uker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftlige oppgaver (øvelser og essay)
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i totalt tre semester, inkludert semesteret dei først vart godkjende.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Mappevurdering: munnleg presentasjon av essay, rapport frå øvingar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEOV344

Vurderingssemester

Haust. Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg og levere mappe i dei semestra emnet vert undervist.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@geo.uib.no

Tlf 55 58 35 19

Eksamensinformasjon