Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i data science

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeINF161
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

I dagens informasjonssamfunn er vi i stor grad utsette for viktige utfordringar innan data science i forsking, næringsliv og samfunn. Data science er ei samling av metodar med føremål å trekke ut kunnskap frå forskjellige typar data. I dette emnet vil du få ei oversikt over alle trinna i data science-prosessen, inkludert datainnsamling, dataførebuing, datahandsaming, dataanalyse med statistikk, maskinlærings- og visualiseringsmetodar og å implementere data science-løysingar. Vi vil òg studere etikk og samfunnsproblem relatert til data science.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten skal vere i stand til å

  • forklare dei elementære ideane som ligg til grunn i kvart trinn av data science-prosessen
  • samanlikne dei forskjellige tilnærmingane i kvart trinn av data science-prosessen

Ferdigheiter
Studenten skal vere i stand til å

  • preparere og handsame reelle datasett
  • analysere og visualisere reelle datasett
  • lukkast med å implementere data science-løysingar

Generell kompetanse
Studenten skal vere i stand til å

  • diskutere vellukka døme på korleis data science kan bli brukt i ulike samanhengar i samfunnet
  • diskutere etiske omsyn relatert til data science-prosjekt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ferdigheiter innan programmering, INF100 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, 4 timar i veka
Gruppeøvingar, 2 timar i veka
individuelle prosjekt og gruppeprosjekt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige to semester; det semesteret aktiviteten blir utført og det påfølgjande.

Vurderingsformer

Skriftleg, digital eksamen (3 timar). Dei obligatoriske arbeidskrava kan inngå i vurderingsgrunnlaget for eksamen. Både eksamen og obligatoriske oppgåver må være bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator er tillatt i samsvar med modellar angitt i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar

Tlf 55 58 42 00