Hjem
Studentsider
Masteremne

Prosjektarbeid på forskingsprofil

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet er knytt til individuelle eller kollektive forskingsprosjekt i det kunsthistoriske fagmiljøet. Studentane gjer ein avtale med emneansvarleg om ei oppgåve innafor ramma til prosjektet. Oppgåva kan til dømes vera feltarbeid, materialinnsamling, eller eit teoretisk eller kunsthistorisk problem.

Emnet skal gje studentane erfaring med å arbeida innanfor ramma til eit konkret forskingsprosjekt.

Læringsutbyte

Emnet gjev spesialkompetanse i kunsthistorie innafor eit aktuelt forskingsfelt, og skal bidra til å utvikle analytiske evner og teoretisk og metodisk refleksjon. Det gjev og allmenn forskingskompetanse som kan kome til nytte ved seinare arbeid med masteroppgåva og i kulturinstitusjonar og kunnskapsbedrifter av ulike slag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

KUN311

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i Kunsthistorie.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga kan vere både førelesingar, seminar, workshops og/eller feltarbeid. Undervisingar føreset aktiv deltaking frå studentane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal leggja fram arbeidet sitt til drøfting på eit seminar, ein workshop eller liknande.

Deltaking på seminar/ workshop er obligatorisk, og vert godkjent med maksimum 20 prosent fråvær.

Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva våren 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Vurderingsformer

På bakgrunn av det munnlege innlegget skal studenten utarbeide ei skriftleg oppgåve på 4500-5000 ord (om lag 15 sider med halvannan linjeavstand og 12 punkt Times eller liknande skrifttype).

Karakterskala

Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon