Hjem
Studentsider
Masteremne

Vitskapsteori og forskingsetikk for logopedar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Full-time

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Overordna mål: Emnet gjev grunnleggande kunnskap om kunnskapsteoretiske problemstillingar med utgangspunkt i naturvitskaplege og humanistiske tradisjonar. Emnet drøftar forholdet mellom kunnskapsteori og kunnskapsproduksjon, samt kunnskapsomgrepet sin praktiske dimensjon. Emnet skal vidare gje innsikt i sentrale helsevitskaplege temaområde og dei idéhistoriske og kulturelle samanhengane dei har utspring i, inklusiv kjønns- og maktrelasjonar i helsevesenet.

Emnet inneheld fagrelevant opplæring i vitskapsteori og etikk og ei fagrelevant opplæring i vitskapeleg tenkjemåte, grunnlagsproblem og dei ulike vitskapstradisjonane som er relevante for logopedifaget.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten¿

  • Kan gjere greie for innhaldet i sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar.
  • Kan gjere greie for grunnleggjande vitskapsteoretiske forskingsverktøy (omgrepsavklaring, klassifisering, logiske prinsipp).
  • Kan gjere greie for innhaldet i relevante forskingsetiske prinsipp og retningslinjer.

Ferdigheitar

Studenten¿

  • Er i stand til å kritisk analysere og diskutere kunnskapsteoretiske problemstillingar knytt til logopedi.
  • Kan kritisk vurdere vitskapsteoretisk perspektiv i fagartiklar.
  • Kan identifisere etiske problemstillingar og utøve etisk skjønn i vurderingar av vitskap og praksis.

Generell kompetanse

Studenten¿

  • Kan reflektere over kunnskapsproduksjon i logopedien
  • Kan vurdere forskingsetiske og samfunnsmessige utfordringar knytt til logopedien og kan bidra til nytenking.
  • Kan reflektere over forskingsetisk skjønn i møte med konkret forskingsarbeid.

Krav til forkunnskapar

Emnet vil innehalde omlag

  • 12* 2 timar forelesning
  • 12*2 timar seminar
  • Om lag seks timer vegleiing i grupper
  • Sjølvstudium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Minimum 80% frammøte på forelesingar og seminar, samt aktiv deltaking i gruppearbeid.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve, obligatorisk skriftleg oppgåve (essay, 3000 ord eksklusive referansar, utforma etter APA sine retningslinjer) som leverast inn mot slutten av semesteret

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Programansvarleg

Jan de Jong

Emneansvarleg

Jan de Jong

Administrativt ansvarleg

Institutt for Biologisk og Medisinsk Psykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Tlf: 55 58 27 10

E-post: studieveileder.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    08.12.2020, 12:00
    Trekkfrist
    10.09.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Oppmøte 80%