Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Andre semester medisin- og odontologistudiet

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet MEDOD2 byggjer på MEDOD1 og gjer studentane ein introduksjon til medisin- og odontologistudiet.

Studentane får kunnskap om biomedisin og cellebiologi som grunnleggjande fagfelt innanfor fagområda odontologi og medisin samt teoretisk og praktisk kunnskap om medisinsk statistikk og etikk.

Obligatoriske fag i semesteret:

  • Celle2
  • Medisinsk statistikk
  • Etikk

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskaper:

  • Vise grunnleggjande og detaljert kunnskap innan biokjemi, genetikk, cellebiologi, cellefysiologi og histologi og kunne beskrive eksempler på sykdomsmekanismer.
  • Gjøre greie for sannsynlighetsteori, deskriptiv statistikk, diagnostiske testar, fundamentale fordelingar, estimering og hypotesetesting, regresjon, overlevelseanalyse og grunnleggande metodar for analyse av randomiserte kliniske forsøk.
  • Gjøre greie for etiske dilemma ein kan møte som student og profesjonsutøvar og sentrale etiske problemstillinger i medisin og odontologi.

Ferdigheter:

  • Løyse biomedisinske og cellebiologiske problemstillingar knytt til underviste tema.
  • Gje ei histologisk beskriving av utvalte vevsnitt ved hjelp av mikroskopi.
  • Kunne beskrive observasjonar numerisk og grafisk, utføre statistisk analyse, forstå grunnleggande prinsipp og analyser for randomiserte kliniske forsøk.
  • Identifisere og analysere etiske dilemma og grunngi etiske val som vedkjem pasientar og samfunn

Generell kompetanse:

  • Kunne anvende biomedisinsk kunnskap for å forstå biokjemiske, cellulære og fysiologiske prosessar i sjukdom og helse.
  • Vere i stand til kritisk å vurdere statistikkbruk i medisinsk litteratur
  • Samarbeide med medstudentar i teoretisk gruppearbeid og praktiske øvingar.

Krav til forkunnskapar

Fullført MEDOD1

Krav til studierett

Medisinstudiet, eller Integrert mastergrad i odontologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vil bli brukt varierte vurderingsfomrer. Fagleg informasjon via Mitt UiB/e-post.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på praktiske kurs
  • Godkjende testar undervegs i semesteret
  • Godkjende individuelle og gruppebaserte innleveringar

Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til semestereksamen.

Vurderingsformer

4 timars digital skriftleg eksamen. 

Grunna utbrotet av COVID-19 (koronavirus) vil det for vårsemesteret 2021 vere endring i vurderingsform, med heimel i studietilsynsforskrifta § 2-7.

Våren 2021 er det følgande vurderingsform for emnet:

4 timars digital skriftleg heimeeksamen. 

Karakterskala

A-F

Grunna utbrotet av COVID-19 (koronavirus) vil eksamen i vårsemesteret 2021 bli arrangert som heimeeksamen med karakterskala bestått/ikkje bestått, med heimel i studietilsynsforskrifta § 2-7.

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

I studieplanen Medisin 2015 skal emna evaluerast ved bruk av referansegrupper i kombinasjon med skriftleg evaluering. Skriftleg evaluering skjer ved bruk av elektronisk evalueringsverkty. Kursansvarlege har også faste møter med tillitsvalde studentar.

Kontakt

Institutt for biomedisin
studie.biomed@uib.no

Emneansvarleg:
Knut Teigen, http://uib.no/personer/Knut.Teigen
Ulike faglege ansvarlege for kvar del emnet er sett saman av.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    11.10.2021, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.09.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen