Hjem
Utdanning
Masteremne

Medisinsk Statistikk med Stata

Studienivå (studiesyklus)

Ph.d.- kandidatar/ masterstudentar

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Overordna mål:

Kurset skal gi ein introduksjon til statistikkpakken Stata med døme på bruk i medisinsk forsking.

Innhald:

  • Datahandtering/manipulering, dokumentasjon
  • Enkel deskriptiv statistikk
  • Enkel analyse av kontinuerlige variablar (t-test, korrelasjon, lineær regresjon)
  • Enkel analyse av kategoriske variablar med krysstabellar (chi-square- og Fishers eksakttest)
  • Overlevelsesanalyse (Kaplan-Meier kurver, log-rank test)
  • Grafikk med Stata
  • Menyar, log-filer og do-filer i Stata
  • Bruk av hjelpe-funksjonane i Stata og online-ressursar

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

  • Forstå og behandle data og gjennomføra analyser med Stata

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

  • Arbeide med syntaks i DO-filer
  • Ta vare på analyseresultat i log-filer og redigere resultat i andre tekstbehandlingsprogram
  • Importere og eksportere datasett
  • Skildre og utforske data
  • Lage nye variablar
  • Kombinere ulike datasett
  • Utføre enkel statistisk analyse i Stata for kontinuerlige og kategoriske variablar (for eksempel deskriptiv statistikk, t-test, korrelasjon, lineær regresjon, tabellanalyse, Kaplan-Meier analyse, log-rank test)
  • Lage ulike typar figurar med Stata (scatter-plot, line-plot, bar-plot, histogram)
  • Redigere figurar

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

  • Forstå korleis eit typisk statistikkprogram fungerer
  • Ha eit grunnlag for arbeid med liknande programsystem

Krav til forkunnskapar

Kunnskapar i medisinsk statistikk tilsvarande MEDSTA eller HELSTA .

Krav til studierett

Påmelding gjennom Studentweb innan 1. september.

Ph.d.-kandidatar ved eksterne institusjonar må søkja hospitantrett, frist 1. september for haustsemester og 1. desember for vårsemester: http://www.uib.no/mofa/65544/skjemaer-og-avtaler-forskerutdanningen

Utan opptak i eit phd-program gjeld følgjande for hospitantstudierett, frist 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret: http://www.uib.no/mofa/66215/hospitantstudierett-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar og individuelle øvingar i Stata med rettleiing, samt heimearbeid

3 dager

Totalt timer: 15 timer + heimearbeid

Vurderingsformer

Skriftlig heimeeksamen

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: post@igs.uib.no

Emneansvarleg: Jannicke Igland

http://www.uib.no/personer/Jannicke.Igland

Eksamensinformasjon