Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Psykologiens historie

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologiens historiske opphav og utvikling som vitskapleg og anvend disiplin, samt gje ei innføring i sentrale namn, hovudtradisjonar og spørsmål som er knytte til psykologi som vitskap og profesjonell praksis.

Psykologiens historie

Studentane vil få ei innføring i psykologiens idéhistoriske røter og i framveksten av den første eksperimentalpsykologien. Hovudvekta ligg på å gi studentane eit oversyn over psykologiens hovudtradisjonar som praksisdisiplin og vitskap, og over utviklinga fram til i dag. Studentane vil også få ei grunnleggande innføring i forholdet mellom akademisk og anvend psykologi. Vidare vil dei bli kjende med den internasjonale og nasjonale framveksten av psykologprofesjonen. Studentane får også praktisk innføring i akademisk skriving og skal utforme ei akademisk oppgåve om tema innanfor psykologiens historie.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne kan studenten ...

  • greie ut om psykologiens historiske utvikling som vitskapleg disiplin
  • kjenne til psykologiens filosofiske røter, psykologifagets opphav og etablering som sjølvstendig vitskapleg disiplin
  • greie ut om psykologiens hovudtradisjonar og framveksten av den nasjonale og internasjonale psykologprofesjonen
  • greie ut om sentrale namn og bidrag i psykologiens historie, og korleis desse blir vurdert i dag
  • greie ut om sentrale spørsmål og debattar i psykologiens historie
  • kjenne til korrekt bruk av referansar og kjelder i akademisk skriving

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten ...

 

  • analysere og reflektere kritisk rundt samtidas psykologiske teoriar, diskursar og praksis, og plassere desse i ein historisk kontekst
  • stille seg kritisk og reflekterande til vitskapane generelt og psykologien spesielt
  • beskrive kjenneteikn ved psykologiens røter i filosofi
  • beskrive og diskutere dei sentrale kjenneteikna ved dei ulike psykologiske (skule-)retningane, samt beskrive likskapar og skilnader mellom desse med omsyn til innhald, metodebruk og menneskesyn
  • beskrive og diskutere sentrale namn og deira bidrag
  • kunne skrive akademisk oppgåve

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten ...

  • analysere psykologifagets historiske forankringar og slik bidra til nytenking i faget
  • reflektere over sentrale problemstillingar innanfor psykologiens historie
  • reflektere over sentrale problemstillingar i psykologprofesjonens historie
  • reflektere kritisk rundt sentrale namn, tradisjonar og spørsmål i psykologiens historie
  • skrive akademisk oppgåve med bruk av ulike kjelder


Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjend seminaroppgåve (omfang: 2 500 ord +/- 10-15 %)

Vurderingsformer

48-timars skriftleg heimeeksamen (essay)

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygginga av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    10.11.2021, 12:00
    Innleveringsfrist
    12.11.2021, 12:00
    Trekkfrist
    27.10.2021